Berekraftig reiseliv

Reiselivet er avhengig av miljøet på to måtar: På den eine sida byggjer næringa  på dei gitte naturkvalitetane i nærmiljøet, som snøsikre vintrar og eit levande kulturlandskap. Begge desse kvalitetane er utsette, mellom anna på grunn av klimaendringar og endra driftsmåtar i landbruket. På den andre sida påverkar næringa direkte og indirekte dei same miljøkvalitetane mellom anna gjennom forbruk som gir utslepp av klimagassar. Denne doble miljøutfordringa er viktig å forstå i samarbeidet om utvikling av rammevilkår mellom næringa og styresmaktene. 

Forskingsområdet omfattar og berekraftig fleirbruk av utmark, arealplanlegging og forvaltning for friluftsliv og rekreasjon, som er knytt til prioriterte område innan aktivitetsturisme.

Vestlandsforsking har tilgang på dei fremste internasjonale fagpersonane på temaet reiseliv og klima, og samarbeider med dei om å kartlegge kor sårbar den norkse skiturismen er for klimaendringar.Prognosane vil legge grunnlaget for drøfting av omstillingsstrategiar.


 

 

Publikasjonar

Prosjekt

Artiklar

  • Folkemøte Skjolden

    Dei tre kommunane i Sogn som har anløp av cruiseskip, har gitt Vestlandsforsking i oppdrag å undersøke korleis innbyggarane opplever både cruiseturisme og turisttrafikken på land. I juni går eit spørjeskjema ut til folk i Aurland, både på papir og digitalt. Seinare kjem turen til Luster og Vik.
    – Med stadig fleire turistar, har kommunar og reisemålsselskap blitt meir opptekne av å ta omsyn til fastbuande. Difor er slike undersøkingar heilt avgjerande, seier Agnes Brudvik Engeset.

  • Tre reiselivsforskarar

    Det nye Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv lanserer no si eiga nettside.
    – Her finn du informasjon om kven vi er, kva vi arbeider med og kvar du finn oss, seier senterleiar Agnes Brudvik Engeset.

  • to forskarar utanfor bygg

    Vestlandsforsking er midtvegs i eit spennande oppdrag for sin eigen reiselivsregion. Forskarane bak studien av tolegrenser og mogelegheiter trekker på erfaring frå prosessar i Hardanger og på Svalbard.
    – Sidan vi veit at det er venta stor vekst i reiselivsregionen vår, er det viktig at innbyggarane er nøgde, seier Engeset om studien, som er tinga av Visit Sognefjord.

  • Klypping av snor i kontorlandskap, fire festkledde menneske står saman

    Vestlandsforsking sitt nye Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv er offisielt opna. Senteret startar opp i 2025 og skal samarbeide med næringa, kommunar og forskingsmiljø for å gjere reiselivsnæringa meir lønsam, klimavenleg og digital.

  • Agnes og Anne Karin

    Hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune har sett av 2,1 millionar kroner til Vestlandsforsking sitt planlagde kunnskapssenter for berekraftig reiseliv. Dermed går det mot at senteret blir starta opp i 2025. – Svært gledeleg for Vestlandsforsking, seier direktør Anne Karin Hamre.

  • stefan

    Private flyreiser er eit fenomen i vekst. Frå 2019 til 2023 auka CO2-utsleppa frå dei rike sine flyreiser med 46 prosent. Det viser ny ei kartlegging gjennomført av forskingskoordinator Stefan Gössling ved Vestlandsforsking. Studien vart publisert i Nature og har fått stor mediemerksemd verda over.