Går mot oppstart av reiselivssenter

Agnes og Anne Karin
Seniorforskar Agnes B. Engeset og direktør Anne Karin Hamre har lagt ned ein stor innsats i å få realisert det komande kunnskapssenteret for berekraftig reiseliv. Foto: Idun A. Husabø

Hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune har sett av 2,1 millionar kroner til Vestlandsforsking sitt planlagde kunnskapssenter for berekraftig reiseliv. Dermed går det mot at senteret blir starta opp i 2025. – Svært gledeleg for Vestlandsforsking, seier direktør Anne Karin Hamre.

Senteret skal bidra til å gjere reiselivsnæringa meir lønsam, klimavenleg og digital.

15 år med forsking på temaet

Vestlandsforsking har nærare 15 års fartstid når det gjeld forsking på berekraftig reiseliv, med alt frå utviklingsprosjekt med aktørar i næringa til større, nasjonale og internasjonale prosjekt, som det Forskingsråd-finansierte Turisme og klimarisiko (2021-2025) og konferanserekka om berekraftig reiseliv, Balestrand Summit (2008-2010).

Klimaomstilling må til

Dei siste åra har instituttet lagt planar for ei utviding av arbeidet med klimaomstilling i reiselivet, og den store tilstrøyminga av turistar til Norden har gjort mange problemstillingar knytt til ulike former for berekraft høgaktuelle. I år har planane munna ut i søknader, mellom anna til fylkeskommunen, og med den ferske løyvinga på 2,1 millionar kroner, ligg det an til at senteret blir realisert i 2025, som òg er året då Vestlandsforsking markerer sitt 40-årsjubileum.

– Vi er veldig glade for at næringsutvalet i fylkeskommunen ser verdien av arbeidet vi gjer og har valt å støtte senteret, slik at vi kan arbeide vidare med å byggje opp kunnskap som kan gjere næringa meir berekraftig, seier Anne Karin Hamre ved Vestlandsforsking.

Dempe overturisme

Oddmund Klakegg i næringsutvalet i Vestland fylkeskommune (Sp) seier til NRK Vestland 22.11. at han håpar satsinga kan bidra til å redusere konfliktar som reiselivet kan skape, til dømes med opphoping av turistar i enkelte område.

– Vi har i det siste fått auka etterspurnad frå kommunar og reisemålsselskap etter kunnskap om kva besøksnivå som passar best, seier seniorforskar Agnes Brudvik Engeset. Her er det mange ulike omsyn å ta, seier Engeset: Kva passar til dømes næringslivet, kva synest innbyggarane, og kva er best for klima og miljø? Ho rosar kommunar og reisemål for viljen til å ta tak i desse viktige problemstillingane.

– Det er viktig å vere godt førebudd til å ta imot den stadig veksande straumen av turistar til Noreg, seier Engeset.

 

NRK Vestland:

https://www.nrk.no/vestland/fylkespengar-til-nytt-senter-for-berekraftig-reiseliv-1.17137801

Sogn Avis:

https://www.sognavis.no/loyver-millionbelop-til-reiselivssenter/s/5-115-1237827