Undersøker innbyggarane sitt syn på reiselivet

Dei tre kommunane i Sogn som har anløp av cruiseskip har gitt Vestlandsforsking i oppdrag å undersøke korleis innbyggarane opplever både cruiseturisme og turisttrafikken på land. I juni går eit digitalt spørjeskjema ut til folk i Aurland, både på papir og digitalt. Seinare kjem turen til Luster og Vik.
– Med stadig fleire turistar, har kommunar og reisemålsselskap blitt meir opptekne av å ta omsyn til fastbuande. Difor er slike undersøkingar heilt avgjerande, seier Agnes Brudvik Engeset.
Nesten kvar einaste morgon i turistsesongen sig det kvite cruiseskip inn Sognefjorden med kurs for cruisehamnene og utflukter i den indre delen av Sogn. Berre Flåm ventar i år anløp av 112 skip. I åra framover er cruiseturismen venta å vekse. I tillegg er Indre Sogn godt besøkt av bubilar, turistbussar og vanlege personbilar, slik at fastbuande gjerne opplever stort trykk på vegar, rasteplassar og utsiktspunkt.

Stegastein på Aurlandsfjellet er eitt slikt kjent utsiktspunkt. Hit kjem alle slags turistar i hopetal og alle skal opp og ned den same smale og svingete vegen. Korleis opplever fastbuande at heimbygdene deira også er svært populære reisemål fleire månader i året?
Kommunane Aurland, Luster og Vik har tinga ei undersøking frå Vestlandsforsking og det nyoppretta Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv i samband med at forskarane i 2025 gjennomfører ein større analyse av tolegrenser og mogelegheiter for reiselivet i sju kommunar i Sogn. Dette skjer i samband med Sognarådet si bestilling av tolegrenseanalyse og moglegheitstudie i 7 kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, Vik og Høyanger.
Korleis blir folk påverka?
I lokala til Vestlandsforsking i Sogndal legg seniorforskar Kristin Løseth siste hand på spørjeskjemaet som skal sendast ut på papir og plasserast ut på nøkkelpunkt i Aurland kommune. Dagen før gjekk det digitale spørjeskjemaet ut, og svara er alt i ferd med å kome inn. Spørsmåla går på korleis innbyggarane opplever trengsel, auka trafikk, utslepp frå turistskip og anna turisttrafikk. Tema er både ulemper i høgsesongen, men er òg innom fordelar, som at tilreisande er med på å halde liv i kaféar og butikkar. Dei som svarar, blir både spurde om å krysse av for kor einige dei er i eit sett med påstandar og kan svare fritt med eigne ord på spørsmål som «Kva tiltak vil skape større trivsel for deg i nærområdet?». Alle svarar anonymt.
Undersøkinga i Aurland er først ut, men seniorforskar Kristin Løseth og kollegaene hennar skal gjennomføre liknande opplegg i Vik og Luster.
Folkemøte på Skjolden
Også i Luster er lokalsamfunna med mest cruise i gang med å reflektere over samspelet mellom innbyggarane og reiselivet. Tysdag 24. juni heldt kommunen folkemøte på Fjordstova i Skjolden. Dei frammøtte hadde ulike hattar: næringsdrivande, innbyggarar og medlemmer i ulike grendelag.
Til møtet hadde dei invitert representantar for Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking og Visit Sognefjord. Seniorforskar Agnes Brudvik Engeset orienterte om undersøkinga Vestlandsforsking skal gjere for Luster kommune og om korleis hovudoppdraget er lagt opp. Ho delte òg resultat frå tolegrenseanalysen Vestlandsforsking har gjort for Eidfjord kommune, der det mellom anna kom fram at yngre innbyggarar hadde mindre toleranse enn eldre for ulempene ved turismen.
– Sjølv om Skjolden i dag får færre skip enn Eidfjord, er begge små bygder med stor gjennomstrøyming av bilbaserte turistar mellom høgfjell og fjord, og folk kan oppleve mange av dei same ulempene, seier Agnes B. Engeset.

Dei 25 som møtte fram på Skjolden, delte synspunkt og erfaringar og tok opp tema knytt til lokale reiselivstilbod, behov for infrastruktur, bubilturistar, villcamping og verdiskaping knytt til reiselivet i kommunen.
– Desse innspela er nyttige når vi skal lage lokalt relevante spørsmål til innbyggjarundersøkinga, seier Engeset. Alle med adresse i Luster kan vente seg eit skjema i posten i løpet av august eller september.
Er du interessert i nyheiter om forskinga vår på reiseliv, kan du besøke reiselivssenter.no og følgje oss på LinkedIn («Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv»)