Konkurransekrafta i norsk distriktsreiseliv – nye forståingar

Av:
Artikkel
Id:
Oktober 2024
Utgjevar:
Fagbokforlaget

Bokkapittelet «Konkurransekrafta i norsk distriktsreiseliv» undersøker konkurransekrafta i norsk distriktsreiseliv gjennom empiriske  studiar av gardsturisme og familieeigde distriktshotell. Ved å nytte omgrepa «coopetition» og «entreprenørielle økosystem» undersøker forskarane samspelet mellom ulike aktørar i reiselivsnæringa og kva rolle dei spelar for reisemålet sin attraktivitet og suksess. Funna viser at både små og store turistverksemder spelar ei viktig rolle i å styrke konkurransekrafta gjennom samarbeid. Bokkapittelet utfordrar tradisjonelle førestillingar om distriktsreiselivet og peikar på potensialet for auka konkurransekraft gjennom «konkurrerande samarbeid» mellom aktørar som både utfyller kvarandre, men som også tilbyr det same. Studien bidreg til ei djupare forståing av aktørbiletet i norsk distriktsreiseliv og korleis ulike aktørar kan bidra til berekraftige utvikling i distriktsreiselivet.

Bokkapitlet er del av antologien Rural konkurransekraft, av Tore Frimannslund og Nora Bækkelund (red), (s. 31-57). Fagbokforlaget. Les meir her.