Undersøker tolegrenser for turisme i Sogn

to forskarar utanfor bygg

Vestlandsforsking er midtvegs i eit spennande oppdrag for sin eigen reiselivsregion. Forskarane bak studien av tolegrenser og mogelegheiter trekker på erfaring frå prosessar i Hardanger og på Svalbard.
– Sidan vi veit at det er venta stor vekst i reiselivsregionen vår, er det viktig at innbyggarane er nøgde, seier Engeset om studien, som er tinga av Visit Sognefjord.

– All ære til kommunane i Sogn som gjer dette, smiler Agnes B. Engeset ved det nystarta Kunnskapsssenter for berkeraftig reiseliv, der ho er leiar.

Det kunne knapt passe betre at ho og dei andre forskarane innan reiseliv fekk starte sentersatsinga med eit djupdykk i vertsregionen sine utfordringar og utsikter på feltet. Denne veka heldt forskarane eit midtvegsseminar for Visit Sognefjord.

Innbyggarane si oppleving tel

I studien av tolegrenser og mogelegheiter for reiselivet i Sogn, står innbyggarane sitt perspektiv sentralt.

– Det er viktig at dei som bur her kjem til orde og at dei blir lytta til, slik at ein kan gjere turismen betre tilpassa lokalsamfunna, seier Engeset.

Høgt trykk og gnissingar i delar av høgsesongen, er alt dokumentert av Innovasjon Norge i 2021 og 2019 for dei mest besøkte områda i Noreg. Her i Sogn er Flåm ein av desse stadane.

– Sidan vi veit at det er venta stor vekst i reiselivsregionen vår, er det viktig at innbyggarane er nøgde, seier Engeset. Ho understrekar at det eigentleg ikkje berre handlar om kor mange som kjem til å kome i åra framover, men også om korleis dei besøkande oppfører seg medan dei er her.

– Vi snakkar om ein opplevd dimensjon, altså om den subjektive opplevinga vår i møte med turisttrafikken, seier ho.

Tre reiselivs-samarbeidspartar
Ellen Fivelstad i Visit Sognefjord saman med senterleiar Agnes B. Engeset og direktør Anne Karin Hamre (begge Vestlandsforsking) under det første møtet i Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv i 2025. Foto: Idun A. Husabø

Ulike behov i kommunane

Som del av arbeidet undersøker Vestlandsforsking mogelegheiter for utvikling av reiselivet i dei sju kommunane som er medlemmer av reisemålsselskapet Visit Sognefjord: Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, Vik og Høyanger.

Blant desse er mangfaldet stort, understrekar Engeset. Vi har nasjonalparkkommunen Luster, kulturarv-knutepunktet Balestrand og cruisehamnene Skjolden, Flåm og Vik. Vi har òg spennet frå stader som er godt besøkte, som Flåm og Aurland, til stader som kan tenke seg meir turisme, som Høyanger og Årdal, der ein snuser på utvikling av turistprodukt knytt til den industrielle kulturarven.

– Å finne tolegrenser på kommunenivå er komplekst, for det er så stort spenn innad i ein kommune, mange slags plassar og grender, seier senterleiaren.

Sjølv om det kjem mange til Sogn, er besøket og tilboda ujamt fordelte. Det vil forskarane kome med forslag til løysingar på.

– Korleis kan vi få turiststraumane til å bevege seg på ein smartare måte og fordele turistane utover området, seier Engeset, og nemner eit døme: Kanskje kan ein få fleire av dei som i dag oppsøker den populære stavkyrkja i Borgund, til også å vurdere eit besøk av det historiske bygningsmiljøet på Lærdalsøyri? Eller kan vi freiste ihuga fjellgåarar i Aurlandsfjellet til å oppsøke flotte fjellryggar lengre uti Sognefjorden, som Raudmelen i Balestrand eller Hålandsnipa i Høyanger?

Hotell og kajakkar ved fjord og fjell
Sogn er venta å få mange fleire turistar i åra som kjem. Fjærland er blant bygdene mange besøker, ikkje minst på grunn av Norsk bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Foto: Fjærland Fjordstove Hotell & Restaurant

Tilleggsstudiar i cruisekommunane

Dette er den første regionale tolegrenseanalysa forskarane gjennomfører. Det regionale aspektet inneber at dei gjer ei vurdering av kor mykje turistar dei sju kommunane samla sett kan ta i mot.

– Det inneber at vi må gjere eit utval fordi det er urealistisk å gå djupt inn i kvar enkeltbygd- og grend, forklarer Kristin Løseth.

Dette har leidd til eit tilleggsoppdrag for dei tre cruisekommunane, Luster, Aurland og Vik, der folk er spesielt opptekne av å få gjennomført tolegrenseanalysar.

– Her håpar vi at det blir råd å gjennomføre innbyggarundersøkingar av same type som vi har gjort i Eidfjord i Hardanger, seier Kristin Løseth. Undersøkingar av denne typen kan få fram kva syn som rår i ulike bygder og i ulike aldersgrupper. I Eidfjord viste det seg til samanlikning å vere ulike haldningar til turismen i bygda blant dei unge innbyggarane og dei eldre.

Skal få fram ømme trafikkpunkt

Skuldersesongane veks mykje, noko som lenge har vore eit mål for reiselivsnæringa. Utfordringa er då er det òg at reiselivet opplever meir problematisk vêr og turistane utset seg for større risiko, til dømes rasfarlege vegar eller ekstremhendingar som «Hans».

Vestlandsforsking sin studie har difor ein eigen del om klimarisiko og framkommelegheit for turisttrafikken. Saman med Jan Ketil Rød ved Norsk institutt for naturforsking skal Vestlandsforsking få fram kor på kartet over Sogn dei reisande er mest utsette for dårleg tilgjengelegheit. Forskarane kombinerer trafikkdata med skredfarekart og andre data.

– Dette treff kommunane veldig godt, seier Agnes B. Engeset.