Teknologi og samfunn

I gruppa teknologi og samfunn forskar vi på digitalisering og teknologi i samfunnsperspektiv. Vi er 13 forskarar som jobbar i tverrfagleg samarbeid mellom informatikk og teknologifag, realfag, samfunnsfag og humanistiske fag.

Hovudområda er knytt til tema som stordata og nye teknologiar sine bidrag til innovasjon i næringslivet og grøn omstilling; utforsking av korleis digitalisering kan gjere offentlege tenester betre, meir effektive og tilgjengeleg; digitalisering som verkemiddel i regional utvikling; og studiar av kjønn og mangfald i eit stadig meir digitalisert samfunn og arbeidsliv.

Teknologi og samfunn har nært samarbeid med regionale og nasjonale aktørar i privat og offentleg sektor. Vi samarbeid med forskarar i nasjonale og internasjonale nettverk etablert gjennom ei lang rekke prosjekt.

 

Publikasjonar

Prosjekt

Artiklar

  • JustTransform-forskarane

    – Samfunnet skal gjennom eit grønt skifte som på mange måtar er avhengig av digital omstilling. Men vi kjem ikkje i mål utan at denne omstillinga skjer på ein måte som er inkluderande, seier forskingsleiar Hilde G. Corneliussen. I eit nytt, tverrfagleg prosjekt skal forskarar ved Vestlandsforsking, Norce og Universitetet i Cambridge studere korleis arbeidslivet kan gå gjennom dei store omstillingsprosessane på ein måte som utjamnar, snarare enn å forsterke, ulikskap i samfunnet.

  • LMD på Amble Gård

    Smart teknologi spelar ei viktig rolle i landbruket sin del av det grøne skiftet. Nyleg fekk ei avdeling frå Landbruks- og matdepartementet høyre om spennande, ny forsking på teknologien som står sentralt i denne overgangen, og forsking på klimatilpassing og klimarisiko som kryssar landegrenser.

  • Agnes, Malin og Kristin

    Har arbeidsplassen din lyst på eit lunsjforedrag, eit fagleg innslag på personalmøtet eller ei innleiing til ein diskusjon ein gong i haust? Då kan du bestille føredrag frå ein av desse tre forskarane frå Vestlandsforsking.

  • Rajendra Akerkar - Bergen

    I juni kom EU sitt nye regelverk for kunstig intelligens på plass, som det første og mest omfattande reguleringa av sitt slag.
    – Med AI Act har EU sett standarden for resten av verda, meiner Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking, som leier instituttet si forskingsgruppe for kunstig intelligens og stordata.

  • cheshta og dante

    Teknologi- og samfunnsgruppa ved Vestlandsforsking har fått to nye medlemmer frå kvar sin verdsdel. Medan Dante Della Vella kjem frå Ohio i USA, har Cheshta Arora flytta til Sogndal frå den indiske hovudstadsregionen.

  • gruppebilde saidd 2023

    Bør utviklinga av kunstig intelligens få halde fram i dagens tempo? Og korleis kan vi bruke teknologien til å løyse store samfunnsproblem? Slike spørsmål stod sentralt då professor Rajendra Akerkar samla ei rekkje internasjonale ekspertar innan kunstig intelligens i Sogndal 9. og 10. mai.