Regional konkurransekraft – ein introduksjon
I forkant av Fjordkonferansen 2024 inviterte redaksjonen til bidrag som set søkjelys på ulike trekk ved regional konkurransekraft. Regional konkurransekraft kan definerast på ulike vis, alt etter fagtradisjon og problemstilling. Ein brei definisjon av omgrepet kan vera: Den evna ein region har til å betra leve- og livsstandarden i regionen. Dette inneber at graden av konkurransekraft i ein region er påverka av ressurstilgangen i vid forstand. Døme kan vera tilgang på næringsareal, arbeidskraft, fagkompetanse, utdannings- og forskingsinstitusjonar, helsetenester, fysisk infrastruktur og historiske og kulturelle verdiar i regionen.
Konkurransekrafta i ein region er òg påverka av korleis dei ulike ressursane blir kopla saman. Dette gjeld utvikling av innovative evner i arbeidsstyrken, teknologi i private og offentlege verksemder, dei organisatoriske evnene til tilsette og leiarar i privat og offentleg sektor, og korleis produkta og regionen blir marknadsført. Verdiskapinga til ein region blir påverka av arbeidet til både offentlege og private verkemiddelaktørar.
Som vist over kan forståinga av omgrepet regional konkurransekraft famna breitt. Me har i antologien klassifisert dei innkomne bidraga i tre hovudområde som dannar struktur for oppbygging av antologien. Den fyrste delen tek føre seg næringsutvikling, samfunnsplanlegging og landskapsarkitektur. Det andre delen går i djupna på reiselivsnæring, medan siste del i antologien kjem inn under temaet utdanning og kultur.