Skal kartlegge kunnskap om KI og arbeidsliv

To forskarar utanfor VF
Seniorforskar Cheshta Arora og forskingsleiar Hilde G. Corneliussen er sentrale i kunnskapsoppsummeringa Vestlandsforsking og Nordlandsforskning gjennomfører på oppdrag for Arbeids- og inkluderingsdepartementet det komande året. Foto: Idun A. Husabø

Kva utfordringar kan oppstå når arbeidsplassen innfører kunstig intelligens? Vestlandsforsking og Nordlandsforsking skal samarbeide om ei kunnskapsoppsummering som kan hjelpe Noreg å være i front på etisk og trygg bruk av kunstig intelligens.

I eit nytt prosjekt med Arbeids- og inkluderingsdepartementet som oppdragsgjevar, skal forskarar frå Nordlandsforskning og Vestlandsforsking gå gjennom det som finst av kunnskap om kunstig intelligens og algoritmestyrt leiing i arbeidslivet. Dette omgrepet viser til at algoritmar og datasystem tek over oppgåver som før vart utførte av menneske, anten heilt eller delvis.

– Formålet er å gje styresmaktene eit grunnlag for ei sunn utvikling av KI i arbeidslivet og eventuelle endringar i dei lovverka som er relevant, seier Stian Bragtvedt. Han er seniorforskar ved Nordlandsforskning og leier arbeidet med kunnskapsoppsummeringa.

Uro for overvaking og diskriminering

Det er venta at KI og algoritmestyrt leiing vil ha stor innverknad på arbeidslivet. Mykje er positivt, men mange fryktar òg negative konsekvensar. Overdriven overvaking og fare for diskriminering er nemnd som potensielle truslar for dei tilsette. Enkelte fryktar òg at tilsette vil oppleve mindre sjølvstendigheit og jobbtilfredsheit på jobb.

– Det er viktig ha ei oversikt over kva vi veit om effektane av KI i arbeidslivet, for å sikre at Noreg tek leiinga i utforming og utvikling av trygg og etisk akseptabel KI, seier Bragtvedt.

Forskar ved Nordlandsforskning
Stian Bragtvedt er forskar 1 ved Nordlandsforskning. Han leier prosjektet dei to institutta gjennomfører på oppdrag for Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Foto: Karoline A. Pettersen.

KI og norsk tradisjon

Kunnskapsoppsummeringa skal innom mange spørsmål: Korleis påverkar KI og algoritmar arbeidsoppgåver og arbeidsforhold? Kva arbeidsmiljøutfordringar oppstår? Kva bekymringar og utfordringar opplever dei tilsette? Og korleis blir tariffavtaler, partssamarbeid og tillitsvalde påverka av KI?

– Eg ser fram til å finne ut kva som finst av forsking på KI og den norske arbeidslivsmodellen, seier Bragtvedt.

– Det finst mykje forsking på KI og plattformøkonomi og algoritmestyrte bransjar. Når det gjeld den nordiske modellen, med sterke fagforeiningar, institusjonelle forhandlingar og kollektiv lønsdanning, er eg usikker på om er mykje undersøkt, spesielt med tanke på effekten av å introdusere KI i stor skala.

Sterkt lag av forskarar

Norsk og nordisk arbeidsliv er Bragtvedt sitt eige ekspertområde. I tillegg stiller prosjektgruppa med Cheshta Arora, som er seniorforskar ved Vestlandsforsking og mellom anna forskar på KI og det grøne skiftet.

Med på laget er òg Hilde G. Corneliussen, leiande seniorforskar og forskingsleiar innan teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking. I tillegg kjem metodeekspert og forskar 1 ved Nordlandsforskning, Helga Eggebø. Brigt Dale, som er forskingsleiar og forskar 1 ved Nordlandsforskning, skal kvalitetssikre arbeidet til gruppa.

Skarp konkurranse

Nordlandsforskning og Vestlandsforsking blei tildelt oppdraget i skarp konkurranse med ti sterke forskingsaktørar. Nordlandsforskning si omfattande erfaring med litteratursøk og forsking på den norske arbeidslivsmodellen, kombinert med Vestlandsforsking sin kompetanse på samfunnsvitskapeleg forsking på KI, slo godt an.

– Det er gledeleg å sjå at vi kan levere forsking på nivå med langt større aktørar i Oslo, seier Bragtvedt.

– Dette viser at institutt i distrikta ikkje er noko karrieremessig bakevje samanlikna med større aktørar i sentrale strøk.

Prosjektet skal levere sluttrapporten sin i april 2026.