Er med vidare i konkurransen om KI-senter

Vestlandsforsking har gått vidare i konkurransen om å få etablere nasjonale forskingssenter på kunstig intelligens. Før helga vart det kjent at instiuttet er med i tre av søknadene som er valde ut til å gå vidare til det siste steget i Forskingsrådet sin prosess.
– Utruleg gledeleg, seier direktør Anne Karin Hamre.
Den eine sentersøknaden som er vidare, er leia av Vestlandsforsking. I klartekst betyr det at Rajendra Akerkar og andre nøkkelpersonar ved instituttet og andre institusjonar har lagt ned fleire månadsverk av tida si i 2024 for å førebu ei første skisse og ein vidare søknad.
KI i avgjerder under press
Tittelen på denne er Centre for AI-Based Societal Decision Support, og kjernen i profilen på senterideen er å bruke kunstig intelligens som støtte når ein skal ta vanskelege avgjerder om samfunnskritiske spørsmål, gjerne under press.
Beredskap og samfunnssikkerheit har lenge vore ein raud tråd i Vestlandsforsking sitt arbeid med stordata og kunstig intelligens. Instituttet har også tidlegare samarbeidd med nøkkelaktørar på området i privat og offentleg sektor. Ein av dei er Statsforvaltaren i Vestland, som er med i sentersøknaden. Beredskapsmiljøet hjå Statsforvaltaren har solid erfaring med handtering av krisesituasjonar og har sterk interesse av å styrke denne delen av beredskapsarbeidet sitt gjennom samarbeid med forskarar og andre med spisskompetanse.
Nøkkelpersonen bak søknaden, leiande seniorforskar Rajendra Akerkar, er sjølv svært nøgd med at søknaden er med vidare.
– Dette var strålande nyhende frå Forskingsrådet på tampen av veka! Bak søknaden står eit sterkt og mangfaldig konsortium av offentlege og private aktørar innan KI og krisehandtering. Vi skal forske i verdsklasse, og samtidig bidra til meir effektiv og rettferdig KI, både i Noreg og internasjonalt.
Tre søknader vidare
I tillegg til sentersøknaden Vestlandsforsking leier sjølv, har instituttet delteke i fem andre søknader til senterutlysinga i Forskingsrådet. To av dei går vidare til neste steg i prosessen. Den eine av desse er knytt til teknologiforskinga ved instituttet, og er forankra i det same fagmiljøet som står for søknaden Vestlandsforsking leier. Tittelen på søknaden er «Insight: New AI Methods for Innovative Uses of Public Data», og det er Universitetet i Bergen som har leia arbeidet.

Den tredje søknaden Vestlandsforsking deltek i som er vidare, har forankring i forskinga på klima og miljø. Tittelen på søknaden er «Senter for offentlig sektor kunstig intelligens» (SOSKI) eller «Centre for Public Sector Artificial Intelligence» og det er Universitetet i Agder som står ved roret.
Dei som deltek frå Vestlandsforsking, er Carlo Aall og Hans Jakob Walnum.
– Vi er med på ein søknad leia av Morten Goodwin ved Universitet i Agder, og vår oppgåve er å sjå på samspelet mellom berekraft og KI, og støtte ansvarleg utvikling av kunstig intelligens (KI) i offentleg sektor.
19 i siste runde
Det har vore stor ståhei kring regjeringa sin såkalla KI-milliard, som undervegs har vakse til 1,3 milliardar kroner og skal gå til å skipe 4-6 senter for forsking på kunstig intelligens. Konkurransen har vore skarp, med eit utgangspunkt på 122 søknader.
Etter første siling var talet på søknader i juni 2024 nede i 50. Av desse fekk 20 høve til å gå vidare til neste steg i prosessen. No har Forskingsrådet publisert dei 19 søknadane som er med i siste runde.
Det som skjer vidare, er at Forskingsrådet kallar søkjarane inn til intervju med eit utvida ekspertpanel. I midten av juni fell avgjerda om kven som får midlar til å starte opp dei mellom fire og seks nasjonale forskingssentera for kunstig intelligens.