Dei tre kommunane i Sogn som har anløp av cruiseskip, har gitt Vestlandsforsking i oppdrag å undersøke korleis innbyggarane opplever både cruiseturisme og turisttrafikken på land. I juni går eit spørjeskjema ut til folk i Aurland, både på papir og digitalt. Seinare kjem turen til Luster og Vik.
– Med stadig fleire turistar, har kommunar og reisemålsselskap blitt meir opptekne av å ta omsyn til fastbuande. Difor er slike undersøkingar heilt avgjerande, seier Agnes Brudvik Engeset.