Masterstudent skreiv om plast, sirkulærøkonomi og produsentane sitt ansvar

Student med rettleiarar og sensor
Dikshya Regmi (i raudt) skreiv masteroppgåve med Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking som rettleiar. Frå venstre: Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking, som var sensor, og stipendiat Ingrid Koren frå Høgskulen på Vestlandet, som fungerte som birettleiar. Foto: HVL

Vestlandsforsking rundar i år av eit større forskingsprosjekt om sirkulærøkonomi med brei deltaking frå brukarpartnarar i fiskeri- og havbruksnæringa. I denne tematikken fann masterstudent Dikshya Regmi ei problemstilling ho ville utforske.

Landet ho kjem frå, ligg ved foten av verdas tak. Likevel var det havet Dikshya Regmi frå Nepal valde å skrive om i masterprogrammet Climate Change Mangagement ved Høgskulen på Vestlandet. Fellesnemnaren er det globale miljøproblemet plast, som òg heimsøker vassdraga i Nepal. 

Plastforureining i Himalaya
Også i Himalaya er plastforureining eit stort problem. Mykje plastavfall endar opp i vassdraga. Foto: Sylwia Bartyzel, Unsplash

I og rundt hovudstaden Kathmandu er plast ei stor kjelde til forureining av vassdrag. Plastsøppelet hopar seg opp i vatnet og blir til mikroplast som skadar vassmiljøet.

Problemstilling frå Shift-Plastics

«Målet mitt er å bidra positivt til natur- og miljøforvaltning, driven av ei djup interesse for å takle plastforureining og konsekvensane av det», skriv masterstudenten i forordet til masteroppgåva, der ho analyserer utvida produsentansvar i norsk havbruks- og fiskerisektor – eit viktig steg på vegen mot ein sirkulærøkonomi der dei som skapar ny plast òg må ta ansvar for at plasten kjem seg inn att i verdikjeda etter bruk.

Gjennom oppgåva vart Dikshya knytt opp til det fleirårige forskingsprosjektet Shift-Plastics, leia av Vestlandsforsking. Gjennom tre år har instituttet leia eit samarbeid mellom sju forskingsinstitusjonar med kompetanse innan teknologi, politikk og sirkulære verdikjeder og 20 brukarpartnarar. Desse representerer utstyrsproduksjon, industri, gjenvinning, offentlege verksemder og interesseorganisasjonar.

Hovudrettleiaren for oppgåva var seniorforskar Hans Jakob Walnum, men Dikshya fekk òg faglege råd frå birettleiar Ingrid Knutsdotter Koren ved HVL. Seniorforskar Torunn G. Hønsi ved Vestlandforsking var sensor.

Hovudfunn i oppgåva:

  • EPR kan redusere plastavfall (redusere marin forsøpling og spøkelsesfiske) ved å fremje betre resirkuleringspraksisar og gjenbruk av materialar.
  • Utfordringane dreier seg om komplekse avfallssystem, samansette materiale i fiskereiskapar og logistiske vanskar pga. geografisk spreiing og småskaladrift.
  • Sirkulær økonomi kan støttast av EPR ved å fremje berekraftige praksisar og innovative design som minimerer avfall. Kvar næringssektor treng skreddarsydde strategiar.
  • Innovasjon og teknologi: Digitale pass og blokkjedeteknologi kan betre sporing og handtering av plastavfall, men meir enn teknologiske løysingar må til, t.d. effektiv regulering, betre fasilitetar og endringar i forbrukaråtferd.

Produsentar må bry seg om slutten

Ordninga for utvida produsentansvar (EPR) er noko EU arbeider med å få på plass. Grunntanken er at dei som produserer ei vare, òg må ta ansvar for sluttfasen av produktet si levetid. Ein kvar miljøkostnad knytt til eit produkt skal difor leggast til marknadsprisen på produktet. Målet er betre avfallshandtering, eller i fiskerinæringa sitt tilfelle: mindre plast på avvege.

Håpet er at ordninga skal få produsentar i fiskerinæringa til å ville redusere mengda plastavfall, til dømes ved å jobbe for betre resirkuleringssystem og eit produktdesign som ikkje hindrar brukt plast i å kome inn att i verdikjeda.

I masteroppgåva si viser Dikshya at EPR har stort potensial til å redusere plastavfall, betre resirkulering og føre til nye produktdesign.

Akkurat å kome i kontakt med produsentane, viste seg å vere vanskeleg for masterstudenten. Det gjekk lettare med statlege organ som regulerer fiskerinæringa, resirkuleringsaktørar, industriekspertar og forskarar, og desse intervjuobjekta bidrog med nyttige perspektiv.

– Då eg skulle forsvare oppgåva mi, måtte eg seie rett ut at viss produsentane hadde svart meg, ville heile oppgåva ha blitt annleis, skyt ho inn.

Norsk logistikk-mareritt

Å oppnå måla for auka sirkularitet, viser Diksyha, vil krevje at ein overvinn fleire utfordringar. Mellom anna må systema for å samle inn avfall gjerast mindre komplekse. Utstyret som skal gjenvinnast, må dessutan designast annleis, slik at det ikkje er sett saman av så mange samanfiltra materiale som er nærast umogelege å ta frå kvarandre. I oppgåva si var ho òg innom komplikasjonane ved Norge si lange og kronglete kystlinje, der vegane til dels er dårlege.

– Fiskerinæringa i Noreg omfattar mange og små aktørar med base i kvar si vik. Det gjer logistikken for innsamling av avfall til eit mareritt, forklarer Dikshya.

– Med dei rette politikarane, teknologiske innovasjonane og samarbeid i industrien kan EPR spele ei avgjerande rolle i å fremje berekraft og sirkularitet i desse sektorane, seier ho.