2024 - eit godt år for Vestlandsforsking

VF-tilsette på tur til Moa
Blide og nøgde forskarar på Moakamben i Øvre Årdal i juni 2024. Foto: Anne Karin Hamre

Sentersatsingar innan berekraftig reiseliv, kunstig intelligens og transportforsking prega arbeidet vårt i fjor.
– Les gjerne vår rykande ferske årsmelding for å oppdatere deg på kva Vestlandsforsking driv med, oppmodar direktør Anne Karin Hamre

Store sentersatsingar prega fjoråret, og eitt av høgdepunkta var opninga av Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv saman med gode samarbeidspartnarar og støttespelarar rett før jul. Vi har òg leidd arbeidet med to andre sentersøknader – ein om å bli forskingssenter innan kunstig intelligens og ein sentersøknad til Transport 2050.
 
I 2024 har vi hatt stor prosjekt- og formidlingsaktivitet på områda klima og miljø, teknologi og samfunn, berekraftig reiseliv, regional utvikling og internasjonalt samarbeid. 
 
Den digitale årsmeldinga vår består av ei framside og ni undersider. Frå framsida er det få klikk til informasjonen du er ute etter – til dømes om vitskaplege publikasjonar, prosjektaktivitet, populærvitskapleg formidling og årsrekneskap.

– Oppsettet er enkelt og tilgjengeleg. Vi håpar det vil gjere at fleire les om oss og det vi held på med, seier direktør Anne Karin Hamre.