Mørkt bakteppe for den tiande klimaomstillingskonferansen i Sogndal

Den urolege situasjonen på den internasjonale scenen var merkbar under den tiande utgåva av konferansen #Klimaomstilling i Sogndal 6.-7. mai.
– Det som skjer rundt oss, er frykteleg alvorleg. Det er heilt avgjerande at vi i Europa klarer å samle oss og syne leiarskap no, sa direktør Anne Karin Hamre ved Vestlandsforsking då ho opna konferansen.
Anne Karin Hamre minte om alvoret at vi no har nådd midten av det FNs generalsekretær lanserte som «handlingas tiår» tidleg i 2020. I si tid var det ho som tok initiativet til å dra i gang ein nasjonal konferanse om klima i Sogndal. Hamre var fylkesmann i Sogn og Fjordane og såg behov for ein arena der dei som jobba med klima frå ulike organisasjonar, kunne møtast, bli kjende, oppdatere seg og drøfte tiltak på tvers av sektorar.
Då Parisavtalen vart underteikna, hadde Sogn og Fjordane alt fått mykje erfaring med alvorlege naturhendingar som følgje av ekstremvêr. Klimautfordringa sigla opp som ei stor utfordring i synsranda, men utan å vere omgitt av andre mørke skyer, slik situasjonen er i 2025.
– Vi har krig i Europa og verda er prega av polarisering. Vi har ein president i USA som trekker landet ut av internasjonalt samarbeid, inkludert Parisavtalen, samtidig som han aukar utvinninga av olje og kol, sa Hamre i opningstalen.
Initiativtakaren til konferansen leier i dag Vestlandsforsking, der forskinga på ulike sider ved klima- og naturkrisa står sterkt, ser ikkje noko mindre behov for konferansen i dag enn ved oppstarten i 2016.
– Det som skjer rundt oss, er frykteleg alvorleg. Det er heilt avgjerande at vi i Europa klarer å samle oss og syne leiarskap no.
– Få som trur på 1,5-gradersmålet i dag
Første talar var klimaforskar Helge Drange frå Universitetet i Bergen, som frå sin naturvitskaplege ståstad i oseanografi og klimaforsking følgde opp Hamre si opningstale med nokså dystre fakta om kor godt verda faktisk har lukkast med å kutte klimautsleppa. Drange visste til korleis 1,5 gradersmålet i Parisavtalen no er å rekna som nokså urealistisk – om ein ikkje tek i bruk magi, som Endre Tvinnereim frå Norce og Universitetet i Bergen spøkte i sitt innlegg like etter.

Dessverre er det ikkje mykje uvisse att blant forskarane på Drange sitt felt om det store biletet; det er no rekna som sikkert at menneskeskapte klimagassutslepp har varma opp atmosfære, land og hav.
– Nær all tiårig oppvarming sidan 2010 er menneskeskapt. Det er statistisk sikkert at menneskeskapt oppvarming gir ekstremnedbør over land på den nordlege halvkula, sa Drange.
Temperaturen er òg på stø kurs oppover.
– Alle månader på Vestlandet har hatt temperaturauke. Årstidene er i endring, og vintersesongen blir heilt klart kortare.

Alt då Parisavtalen vart utforma, var Drange skeptisk til å bruke målet om å avgrense oppvarming til 1,5 grader som eit politisk mål. Å diskutere om målet er innan rekkevidde i dag, reknar han difor som meiningslaust.
– Det toget gjekk for ti år sidan. Vi er ikkje i nærleiken av å nå det som skal til, sa han, og utdjupa biletet: Covid gav fire prosent reduksjon i utsleppa av klimagassar i Noreg og sju prosent globalt.
– Frå og med 2013, hadde vi trengt ein covid kvart einaste år for å få ned utsleppa så mykje at vi kunne nå 1,5-gradersmålet, smilte Drange.
Uro for Antarktis og Grønland
I den grad Drange hadde eit lyspunkt å vise til, var det at ei svekking av Golfstraumen ikkje er å vente med det første. For at havstraumar av denne storleiken skal bremse opp, krevst det enorme mengder ferskvatn. Eit springande punkt er kor vidt landisen på i Antarktis og på Grønland smeltar, og kor fort det skjer. Havnivåstiging og stormflo vil i så fall bli eit heilt anna kapittel enn det arealplanleggarar jobbar med i dag.
Frå og med 2013, hadde vi trengt ein covid kvart einaste år for å få ned utsleppa så mykje at vi kunne nå 1,5-gradersmålet
– Det bekymrar oss, sa Drange. Det same gjer utsiktene til at vi når eit punkt der ting i klimasystemet blir endra seg for all framtid, såkalla «vippepunkt».
– Vi må unngå å setje i gang eitt eller fleire vippepunkt. Men det er ein vanskeleg balansegang, for vi må jo ha folket med oss, sa Drange.
Amerikansk klimaforsking i krise
Trump-administrasjonen sine dramatiske åtak på kunnskapssektoren, klimaforskinga og Parisavtalen var tema fleire innleiarar tok opp. Nyleg publiserte The New York Times ei liste over omgrep Trump-administrasjonen vil stryke. Lista omfattar «climate crisis» og «climate science» – som om menneskeskapte klimaendringar aldri hadde skjedd, 18 år etter at den amerikanske visepresidenten Al Gore og FNs klimapanel vart tildelt Nobels Fredspris for innsatsen dei la ned i å formidle alvoret i klimaproblema.
Meteorolog Marie Pontoppidan ved Norce oppsummerte biletet sett frå sin ståstad i den norske klimaforskinga. Det som skjer med kollegaer i USA, pregar kvardagen hennar i Bergen.

– Kvar veke dett det inn e-postar frå andre sida av Atlanterhavet om datasett som er i fare for å forsvinne og som forskarar prøver å redde.
Ho skisserte følgjene av at vêrballongar er tekne ned; at innsamling av meteorologiske data som verdas klimamodellar byggjer på, kan bli avslutta og at National Oceanic and Atmospheric Administration, som varslar vêret i Nord-Amerika og har ein stor, banebrytande forskingsstasjon, har fått ti prosent av staben sin oppsagt. I tillegg ligg det føre eit budsjettforslag frå Trump-administrasjonen om kutt på 75 prosent for 2026, viss det blir vedteke av Kongressen.
– Å gjere desse kutta for å spare, er som å tisse i buksa for å halde seg varm; det vil ikkje hjelpe på lang sikt. USA får dårlegare forsking og dårlegare vêrmeldingar, åtvara Pontoppidan.
Det vil òg merkast på bakken i fleire land enn USA. Det finst avtalar som sikrar modellsamarbeid og deling av data mellom land. Ein del tredjeland har bygd opp system for vêrvarsling rundt amerikanske modellar. Mellom anna vil afrikanske land bli råka.
– Den enkelte afrikanske bonden vil merke konsekvensane.
– USA kan bli den store taparen
Håpet er at andre land held fram med å slutte opp om dei ferdig framforhandla utsleppsmåla og at ambisjonstoget ikkje stoppar opp. Men at USA abdiserer som klimaleiar, vil ha ein stor kostnad, sa et til Lars Ursin, som er i Norsk Klimastiftelse og redaktør for <2°C..
– USA blir den store taparen. Når dei gir frå seg denne posisjonen, tapar dei òg mykje i form av «soft power». Mellom anna vil amerikansk næringsliv bli hardt råka ved å halde fast på fossil teknologi medan verda går vidare og investerer i grøne marknader.

Den som i staden vil ta rolla som verda sin klimaleiar, trur Ursin kan bli Kina. Rett nok er dei framleis verdas største utsleppar og ser seg sjølv som dei fattige landa sin forsvarar.
– Trump kan ende opp med å ha spelt Kina sterke og gode på klimafeltet.
– Men når Kina først set seg mål, har dei ein tendens til å kunne nå dei fort, understreka Ursin. Innan solenergi er Kina dominerande, og dei leverer el-bilar i verdsklasse. Dei har allverdas grunnar til å halde det grøne skiftet i gang. Men Kina må kutte for å ha ei leiande rolle, slo Ursin fast.
– Trump kan ende opp med å ha spelt Kina sterke og gode på klimafeltet.
Ursin si vurdering av Parisavtalen si helse er altså at avtalen har fått ein liten trøkk av USA sin exit, og at det går treigare framover enn planlagt. Han minte om at det òg i USA boblar under overflata. Frå aust til vest har lokale styresmakter og organisasjonar forplikta seg til å halde fram arbeidet med utsleppskutt som om USA framleis var i Paris-avtalen, gjennom koalisjonen «America is all in».
– Vi har fått ei internasjonal forskyving av makt, men dette var nok ikkje dødsstøyten.