Første markering av Vestlandsforsking sitt 40-årsjubileum

For 40 år sidan fekk Sogn og Fjordane sitt eige forskingsinstitutt. Vestlandsforsking vart etablert mot slutten av ei bølgje av slike etableringar utanfor byane, og like før bølgja ebba ut. For å markere den offisielle stiftingsdatoen, inviterte Vestlandsforsking styret og eit knippe nøkkelpersonar til ei første markering av jubileumsåret torsdag 13. mars.
Vestlandsforsking markerte 40-årsdagen for stiftinga av Vestlandsforsking 13. mars. Med på markeringa var tilsette, styret, eit utval nøkkelpersonar frå stiftingsperioden og historikarar frå Høgskulen på Vestlandet.
Dette blir den første av fleire jubileumsarrangement i 2025, og den største feiringa blir først i november, når Vestlandsforsking er på plass i splitter nye lokale på toppen av bygget "Svingen" på campus.

Mimra om oppstarten
Til markeringa av stiftingsdatoen kom eit gjevt knippe nøkkelpersonar frå farne tider - folk som hadde ei sentral rolle den gongen instituttet vart til, Blant desse var Bjørn L. Tønnesen og Georg Arnestad. Tønnesen var direktør ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule (SFDH), som hadde blitt skipa ti år før, og sekretær for det regionale høgskulestyret. Også Arnestad vart engasjert som sekretær for høgskulestyret då spørsmålet om etablering av eit forskingsinstitutt skulle greiast ut. Dermed hamna dei tett på prosessen tidleg i 1980-åra som leidde fram til avgjerda om å etablere eit frittståande forskingsinstitutt i Sogndal, som observatørar og skribentar av sakspapira.

Etter ein prosess i styret som pågjekk over to år, gjorde styret eit vedtak der Sogn og Fjordane fylkeskommune vart beden om å etablere ei forskningstifting med namnet Vestlandsforsking.
Alle kommunane spytta i
Ved stiftinga gjekk fylkeskommunen, Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket inn med eit grunnfond på 4 millionar kroner. Halvparten kom frå departementet og resten var eit spleiselag i Sogn og Fjordane.
I ein sofasamtale fortalde Bjørn L. Tønnesen om den store jobben med å samle inn midlar til denne grunnkapitalen. Også styremedlemmane måtte til pers.
- Eg fekk ansvaret for å samle inn frå kommunane. Tre kroner per innbyggar, altså til saman 300.000 kroner. Mange var raske, men somme kommunar måtte tenke seg om i meir enn eitt år, fortalde Bjørn.
Kvifor akkurat "Vestlandsforsking"?
Korleis instituttet enda opp med å heite akkurat Vestlandsforsking, medan alle dei andre regionale institutta tok namnet til vertsfylket, har kome fram i historieskrivinga.
Pådrivaren for det visjonære, men litt vågale namnet, viser seg å ha vore dåverande fylkesmann Ingvald Ulveseth. Eit utgangspunkt kan ha vore at instituttet fekk støtte med namnet "Vestlandsmidlane". Som Bjørn Tønnesen så konsist kommenterte i eit tilbakeblikk, var ikkje alle i landsdelen like imponerte: "Vellykka navn. Lite populært i Bergensmiljøet".

Lite byråkrati
Medan jappetida utfalda seg i Noreg, gjekk ein liten gjeng i gang med å stable på beina eit forskingsmiljø i Sogndalsfjøra, først i eit lite husvære i det som er kjent som Guro Næss-bygget. Dette husværet delte attpåtil instituttet med høgskulestyret.
Seinare oppgraderte Vestlandsforsking til Loftesnes pensjonat, der det var både dusj og do på kvart einaste kontor, og der administrasjonen etter kvart fekk kvinnelege tilsette. Av nødvendigheit utvikla desse eit kurs dei mannlege tilsette måtte ta og stå på eksamen i.
- Kurset heitte "ORK", og det stod for "oppvask, rydding og kaffikoking", lo Anne Lise Uglum, som i dag er pensjonist etter fleire tiår i Vestlandsforsking sin administrasjon saman med Bjørg Haukereid. At dei to var berebjelkar for instituttet, var alle veteranane på markeringa eininge om.
Inn kom etter kvart pragmatiske skikkelsar med sterk entreprenørånd, som Karl Georg Høyer, ein driftig ingeniør som både var innom høgskulen og etter kvart det unge instituttet, der han i nokre år hadde stillinga som direktør. Med kjappe telefonar og direkte oppmodingar om å flytte til Sogn for å jobbe på instituttet, vart ein del av dagens seniorar, som Carlo Aall, hanka inn frå andre delar av landet. Doktorgradar og vitskapleg skolering kom etter kvart. I sofasamtalen mimra både Carlo og Ivar Petter Grøtte, IT-gruppa sin første vitskaplege tilsette, tilbake til tider då byråkratiet var minimalt og vegen var svært kort frå idé til realisering.
Kjempa mot skepsis på heimebane
Sjølv om instituttet raskt fekk dreis på søknadsskriving og etter kvart hadde både internasjonale, nasjonale og regionale prosjekt, møtte det unge instituttet med det fenomenale arbeidsmiljøet ein del skepsis i den første fasen.
Ikkje alle var nøgde med måten instituttet oppfylte behova deira på i næringslivet i fylket. Enkelte såg helst for seg at instituttet skulle samle kompetanse på skogbruk, landbruk og andre primærnæringar. For andre var det optimale eit slags kompetansesenter for akvakultur. Blant dei gamle skriva som er blitt leita fram frå støvete arkiv i samband med historieskrivinga, er det difor òg lesarinnlegg i aviser som Firda der det unge instituttet må forsvare seg mot kritikk frå visse miljø.
I historieboka Yngve S. Nilsen og tre andre historikarar og sosiologar arbeider med, vil desse spenningane bli nøsta i og få sin plass. På markeringa var Yngve til stades saman med Roger Hestholm og Håvard Brede Aven for å gje ein forsmak på historieverket, som etter planen kjem mellom to permar tidleg i 2026.