– Det gir meg mykje å vere til nytte for andre

Ho har jobba nesten heile karrieren sin i familiebedrifta Lerum. No er Kjersti Røysum Petty på plass i ei ny verksemd som på sitt beste kan minne om ein stor familie. Vestlandsforsking sin nye prosjektøkonom ser fram til å vere til nytte for forskarane.
Det var eigentleg tannlege ho skulle bli. Ho skulle berre vere i Australia litt lengre, og endå litt lengre. Til saman tre gonger takka Kjersti Røysum Petty nei til tilbodet om å starte på det lange prestisjestudiet heime i Noreg. Til slutt innsåg ho at ho hadde valt ein annan veg i livet.
– Eg kjende at eg hadde treft veldig rett på den faglege retninga og treivst svært godt med dei faga eg hadde studert i Australia, så då eg blei eg verande for å fullføre bachelorgraden min der, fortel Kjersti.

Økonomiutdanninga hennar frå Queensland University of Technology inneheld mellom fordjuping innan bank, finans og fondsforvalting. Seinare har ho òg gått programmet Solstrand Accelerate gjennom AFF, som dreier seg om å bli ein betre leiar.
Partnar frå New Zealand
Også ein ung newzealendar var i Brisbane på midten av 2000-talet for å jobbe og hauste nye inntrykk – det folk i New Zealand kallar ein «overseas experience». Slik gjekk det til at Kjersti fann seg ein partnar frå andre sida av jordkloden.
– Det var oss to, då, smiler Kjersti lurt.
Jul er strand og sol for Jay og andre newzealendarar, men då desember kom, ofra han villig surfelivet for å bli med kjærasten sin til Noreg på juleferie. Der fekk han møte familien til Kjersti og oppleve heilt andre juletradisjonar og eit anna klima enn han var vand til. Han bytte ut surfebrettet med fjellski og var klar til å gje heimtraktene til Kjersti ein sjanse.
Då paret flytta nordover, slo dei seg ned i Sogndal.
– Jay tykkjer Sogndal er den beste plassen, seier Kjersti. Ganske snart fann han seg arbeid som møbelsnikkar på Sognatre, der han i fleire år bygde trapper og kjøken. I dag er han miljøassistent i Ecura og Luster kommune.
Butikk i blodet
Kjersti fann sin arbeidsplass i det ho kallar «ei kjempefin, verdibasert hjørnesteinsbedrift»: saft- og syltetøyprodusenten Lerum på Kaupanger. Der starta ho etter eit par år i Deloitte, og der blei ho i til saman 13 år I løpet av desse åra var ho økonomikontroller, styresekretør og økonomidirektør.
– Når eg blei verande så lenge, handlar det om verdiane i selskapet og det som elles kjenneteiknar ei veldriven familiebedrift, seier ho.
– Verdiane samsvara i stor grad med mine eigne verdiar, som sjølv er oppvaksen i ei familiebedrift, skyt ho inn. Foreldra Birgitte og Lars Jonny dreiv fram til 2023 ein allsidig elektro- og sportsbutikk i nabobygda Leikanger. Den over 70 år gamle familiebedrifta «Erling Røysum» som vart starta av besteforeldra til Kjersti er no vidareført som ei nisjeforretning innan jakt.
Ferierer på andre sida av jorda
I den norsk-newzealandske husstanden i Sogndal går det framleis i engelsk, med den spennande aksenten frå «down under». Eit trena lingvistøyre vil i tillegg kunne fange opp ein og annan diftong frå Texas, der Kjersti òg har budd som utvekslingselev på vidaregåande.
Etter så mange år, greier nemleg verken Jay eller Kjersti å legge om til norsk («Det hadde vore kleint å snakke norsk med han no!»). Dei tre sønene snakkar begge deler.
Når det let seg gjera legg familien på fem ferien til New Zealand, der Jay har familien sin. Det er både langt og kostbart, men når dei først reiser, prøver dei å gjere det rundt juletider, medan det er sommar der nede.
– Det er slik eit fint land med jordnære folk og spesiell kultur. Vi har jo lyst til at ungane òg skal kjenne til den delen av bakgrunnen sin, seier Kjersti.

Glad i naturen
Som ei som har vakse opp mellom fiskestenger og turklede, er Kjersti over snittet glad i å vere ute, men ikkje nødvendigvis på den «ekstreme» måten.
Eg har både fjellski og toppturski, men eg treng ikkje kome meg opp på den høgaste toppen. Det handlar meir om å kome meg ut i frisk luft og få påfyll av energi.
Familien driv mykje med det ho kallar «heilt vanleg friluftsliv».
– Vi bur jo på verdas finaste plass. Då er det berre å kome seg ut og nytenaturen vi har rundt oss – om det er å stikke ned til fjorden eller opp i fjellet. Vi er utruleg heldige som har dette alt ved ‘dørstokken’.
Gjekk vi glipp av ein god tannlege?
Det kunne ha blitt ein smilande, effektiv tannlege av Kjersti, det er lett å sjå for seg. Men at det ikkje vart slik, plagar ho ikkje det minste.
– Ein må stole på magekjensla og velje karrierevegen innan det ein likar å halde på med og det ein brenn for.
På lista over ting ho held høgt i yrkeslivet, finst både tal, orden og struktur, men òg kreatvitet og det å få jobbe med folk.
Forskarar har ho aldri jobba med før, men no som ho er kollega med over 30 slike, har ho nærma seg verda deira gjennom å følgje med frå sidelinja når forskingsgruppene har faste møte. Ho er i ferd med å danne seg eit bilete av arbeidskulturen og prosjekta ho skal bidra til å koordinere frå sin ståstad. Å vere prosjektøkonom er å bidra til å halde orden på midlar og timar i dei rundt 70 prosjekta som til ei kvar tid er aktive ved eit oppdragsbasert institutt av Vestlandsforsking sin type.
– Eg blir motivert av å hjelpe andre og tenkjer det er nyttig at eg kan bidra til å halde orden i prosjekta slik at forskarane kan gjere det dei er best til, seier Kjersti.
– Eg har stor respekt for arbeidet forskarane gjer og tykkjer det er fantastisk at vi har eit forskingsinstitutt her i Sogndal som leier både regionale, nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt.