Aktuelt-arkiv

  • Kvinne og mann smiler til kamera, står ute

    Dei nytilsette stordataforskarane Bjørn Christian Weinbach og Malin Waage deler både kontor og visjonar for stordata i næringslivet i Sogn og Fjordane. – Malin er ein forskar som vil bryne seg på programmering, medan eg er ein programmerar som gjerne vil bryne meg på forsking, oppsummerer Bjørn Christian.

  • Ung kvinne smiler mot kamera, hausttre bak, mørkeblå bluse

    Danske Irmelin Gram-Hanssen har studert korleis urfolk i Alaska møter endringar dei står overfor, og korleis klimatilpassing og transformativ samfunnsendring spelar saman i urfolkssamfunn. No ventar forsking på klimatilpassing i ein norsk samanheng.

  • Isbre i bakgrunnen, folk på veg opp til isen på berget i turklede

    Klimakrisa vil setje reiselivet på store prøvar i form av kortare skisesong, brear som trekker seg tilbake og flaum og skred som påverkar aktivitetstilbod og framkommelegheit. På ein konferanse 14.-15. november kan du få del i dei nyaste forskingsresultata om korleis klimaendringane er venta å påverke det naturbaserte reiselivet.

  • Raude og lilla former, Forskingsdagane sitt bilde

    Er du nyfiken på kva vi forskar på? Under Forskingsdagane kan du få innblikk i noko av det vi jobbar med. Bli med på Vitenkveld, tettstadvandring i Sogndalsfjøra og Speedforsking!

  • Fem unge menneske rundt PC og bord med gule lappar

    Forskingsmiljø på Vestlandet inviterer 16.-17. november til ein to dagars arbeidsverkstad om ein svært aktuell del av tilpassing til klimaendringar: - Naturbaserte løysingar er veldig i tida, også frå myndigheitene, og stadig fleire kommunar skal i gang med det framover, seier Hanna Kvamsås i Norce.

  • Gullmynt med Bitcoin-symbol blant andre myntar

    Seniorforskar Svein Ølnes stilte 15. september som ekspertvitne i ei rettssak utanom det vanlege i Oslo tingrett. Saka har koplingar til det internasjonale bitcoinmiljøet og til eitt av internetts største uløyste mysterium: Kven skapte den digitale valutaen bitcoin?

  • Unge menneske med posterar står i stort bygg, smiler mot kamera

    1600 søkte, men berre 200 fekk plass på den høgthengande innovasjonslaben på Grønland i slutten av august. Ein av dei var Tara Botnen Holm ved Vestlandsforsking. – Det vart fem intense dagar, seier forskaren.

  • Middelaldrande/ung kvinne i beige t-skjorte står ute på grøn plen i fint vêr, klatrestein i bakgrunnen

    Kristin Løseth var sjølv ein ivrig klatrar, skikøyrar og elvepadlar. Det inspirerte ho til å forske på dei små bedriftene som lever av å tilby slike aktivitetar. Etter 15 år ved Høgskulen på Vestlandet, blei ho i år tilsett som seniorforskar ved Vestlandsforsking, med reiseliv som felt. – Kristin styrkar oss med både erfaring og kunnskap om naturbasert reiseliv, seier kollega Agnes Brudvik Engeset.

  • Svalbard i sol og blå himmel med snø og skuter i forgrunnen. Fjell bak

    Turismen til Svalbard har auka markant dei siste åra, men kva kostar det for klima og miljø? Det har NTNU-student Gina Birkeland Milde frå Høyanger forska på, som del av TourRisk, eit internasjonalt reiselivsprosjekt leia av Vestlandsforsking.

  • Mann med briller i blå t-skjorte og skjorte, smiler til kamera

    Over to dagar i september inviterer Vestlandsforsking til konferanse om korleis tettstader kan utvikle seg i ei retning som er berekraftig.
    – Vi sit på forskingsresultat som mange kommunar kan ha nytte av i samfunnsplanlegginga, seier Kyrre Groven.

  • forskarar i fine klede framfor eit hotell

    Også i år deltok mange ved Vestlandsforsking på Fjordkonferansen, der forskarar frå høgskular, universitet og forskingsinstitutt på Nordvestlandet kjem saman for å dele kunnskap om tema dei forskar på, gjerne på norsk, og for å diskutere og lære av kvarandre. Også i den siste utgåva av Fjordantologien er instituttet sterkt representert.

  • Ung kvinne og middelaldrande mann smiler, ute

    Energimarknaden i Europa er i rask endring, og målet er at sol, vind og vatn skal overta hovudrolla innan midten av hundreåret. Med det vil òg risikobiletet endre seg. Ei ny tildeling på 12 millionar kroner gjer at Vestlandsforsking blir blant dei første som forskar på temaet.

  • Gruppe med vaksne forskarar av begge kjønn står oppstilt i lobby

    Denne veka startar eit større forskingsprosjekt som skal utvikle nye metodar for å stoppe skadeleg innhald på nettet, som netthets, hatprat og feilinformasjon. Prosjektet har ei ramme på 19 millionar kroner og er leia av Vestlandsforsking.
    – Det er eit ambisøst prosjekt som kombinerer forsking og innovasjon for å bidra til å løyse eit stort samfunnsproblem, seier prosjektleiar Rajendra Akerkar.

  • Ei stor gruppe folk i pene klede står oppstilte ved eit bygg i USAs hovudstad

    Rajendra Akerkar, professor i stordata ved Vestlandsforsking, deltok nyleg på ein to dagars workshop om kunstig intelligens i den amerikanske hovudstaden, på invitasjon frå Kunnskapsdepartementet, det amerikanske energidepartementet og den norske ambassaden i Washington.

  • Robot i tunnel, bringebærplanter i bakgrunnen og publikum som ser på og tek bilete.

    Under ein gjennomsiktig teltduk i bakkane over Sognefjorden, blir lange rekker av slanke, høge bringebærskot overvaka av ein liten, gul robot. På det nyopna testanlegget jobbar forskarar med å utvikle framtidas bærnæring, med hjelp frå lokale bønder.

  • Studietur i takhage i fint vêr

    Klimaproblema er ganske ulike i Bulgaria og Noreg. Likevel gir det meining å utveksle erfaringar om korleis ein kan løyse dei. I vår har Vestlandsforsking og KS gjennomført to studieturar på Vestlandet med representantar for dei åtte største byane i Bulgaria.

  • Ei gruppe kvinner i akademia står oppstilt og smiler

    Kvinner har lenge vore i mindretal i teknologiorientert arbeid, også i likestilte Norden. Dette paradokset var utgangspunktet for eit femårig forskingssamarbeid med universiteta i Uppsala og Tampere.
    – Eit av dei mest spennande funna våre er at kvinner finn ukonvensjonelle vegar inn i denne typen arbeid, seier seniorforskar Gilda Seddighi.

  • fylkesordførar mann framfor konferansetekst, snakkar til sal

    Etter to år med digital utgåve av konferansen #Klimaomstilling, vart det endeleg fysisk konferanse i Sogndal att. Planlegginga har Vestlandsforsking og Noradapt hatt hovudansvaret for. - Eg synst konferansen gjekk strålande. Den vart ei påminning om kor tilfredsstillande det er å samlast i eit rom for å dele kunnskap og diskutere brennaktuelle tema, seier koordinator Tone Rusdal.

  • bær og robot

    Om nokre år er det ikkje sikkert at det er menneskehender som haustar bringebæra på Vestlandet. Framsteg på felt som robotikk, stordata, plantevitskap og teknologi gjer det realistisk at robotar blir ein del av frukt- og bærproduksjonen. I mai inviterer Teknoløft Sogn og Fjordane til to dagars workshop om temaet, og til opning av eit testanlegg for robotar i Sogn.

  • Person med varme kle og hette sit med fjellski og ser ut over vinterfjord frå snølagt fjellplatå. Sol og blå himmel, seint på dag.

    Vestlandsforsking har fem ledige stillingar med søknadsfrist på ulike tidspunkt i april. Forskarstillingane er på områda klimaomstilling, reiseliv og stordata. I tillegg kjem ei traineestilling innan stordata.