Aktuelt-arkiv

  • Utøya-workshop skjermdump av ansikt på innleiarar og deltakarar

    Hatprat trugar mangfaldet i den offentlege samtalen, mellom anna ved å stilne mange stemmer i viktige samfunnsdebattar. I helga fekk forskarar frå Vestlandsforsking delta på ei samling på Utøya for ungdommar som jobbar for å motverke hatprat.

  • Ekstremvêret Jakob

    Forskarar frå Vestlandsforsking jobba i haust fram ein metode for å analysere risiko og sårbarheit for klimaendringar på nasjonalt nivå.
    – Vi håpar Noreg kan få ei betre forståing av kva område som treng mest merksemd, slik at ressursane kan brukast på ein meir målretta og effektiv måte, seier leiande seniorforskar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.

  • Oppstartmøte reiselivssenter Agnes

    Denne veka gjekk startskotet for Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv. Oppstartmøtet var lagt til Vestlandshuset i Bergen, og eit utval representantar for reiselivsnæringa og offentleg sektor deltok i tillegg til Vestlandsforsking og fou-partnaren Høgskulen på Vestlandet.

  • mari severinsen presenterer klimatilpassingstema med fire bilete som bakgrunn

    – Vi har bede sentrale fagfolk i Norge om å sjå ti år bakover på klimaarbeidet og ti år framover, seier Carlo Aall. Saman med andre aktørar i Vestland inviterer Vestlandsforsking og Noradapt til ei jubileumsutgåve av konferansen Klimaomstilling 6. og 7. mai. Er du rask med å melde deg på, får du spesialpris.

  • Oppstartmøte i Teknojenter - alle står i trappa

    – Vi treng fleire unge som vel utdanningar og yrke knytt til teknologi, og då må vi få fleire jenter inn i teknologifaga, seier Hilde G. Corneliussen. Før jul starta ho og kollega Torunn G. Hønsi opp prosjektet "Teknojenter" saman med ei rekkje samarbeidspartar i Sogn.

  • Portrett av Anne Karin Hamre og Rajendra Akerkar utandørs

    Kan vi ta i bruk kunstig intelligens for å ta betre avgjerder i situasjonar som er kritiske for samfunnet? Dette er kjernen i eit senter Vestlandsforsking og 20 partnarar ønskjer å skipe i Sogndal. Søknaden som nyleg gjekk til Forskingsrådet er ein av 50 søknader på milliarden regjeringa har sett av til eit knippe nye KI-senter.

  • fire unge menneske sit rundt eit bord med ark på og diskuterer

    Korleis bør Sogndal sitt skiparadis bli i framtida? Det er mange opptekne av, og dei ser for seg mykje ulikt. Vestlandsforsking følgjer utviklingsarbeidet til kommunen, og har arrangert ein nytenkande arbeidsverkstad om korleis framtidas Hodlekve skal sjå ut.

  • fjellturisme, breføring

    Vestlandsforsking har fått finansiering til fleire nye forskingsprosjekt, både frå Noregs forskingsråd og Regionale forskingsfond. To prosjekt handlar om arealbruk og klima og eitt om korleis klimaendringane påverkar fjellturismen. I tillegg kjem eit prosjekt om tradisjonshandverk og kulturturisme i Kvam og eit om nye og berekraftige helsetenester i Sunnfjord.

  • teknologi

    Lurer du på korleis kunstig intelligens påverkar samfunnet vårt eller om sosiale medium kan vere ein ressurs for samfunnsberedskap? Synest du det er spennande å finne ut korleis digitalisering verkar inn på skule, arbeidsliv og fritid? Dette er nokre av spørsmåla teknologi- og samfunnsforskarane våre jobbar med dagleg.

  • Turgåar på veg ned Aurlandsdalen

    Turgåarane som går dagsturen gjennom Aurlandsdalen, er godt nøgde med tilrettelegging og vedlikehald av stiar, viser ei undersøking Vestlandsforsking har gjennomført. - Når det gjeld reisa til og frå området, kan ting likevel bli betre, seier seniorforskar Agnes Brudvik Engeset.

  • Mann i svart jakke under bru og ved elv

    Vestlandsforsking har levert innspel til klima- og miljøminister Espen Barth Eide i samband med at regjeringa skal legge fram ei stortingsmelding om klimatilpassing neste år. Meldinga var tydeleg: Staten bør trappe opp innsatsen overfor kommunane.
    – Kommunane treng eit taktskifte innan klimatilpassing, seier leiande seniorforskar Carlo Aall.

  • Snø i solnedgang, tre bakom

    Ei ny, nettbasert teneste viser kor mykje snø, sludd og regn dei viktigaste skiområda i Noreg kan vente seg mot midten og slutten av hundreåret. Tenesta er utvikla av forskingsprosjektet ClimTour, som Vestlandsforsking leier. - Dei som ligg nær kysten og lågt i terrenget vil dessverre oppleve aukande problem, seier prosjektleiar Eivind Brendehaug.

  • eldre mann snakkar til kvinner i bulgarsk klasserom, engasjerte

    Vestlandsforsking har jobba med klimatilpassing i 18 år. I Bulgaria er temaet nytt, men behovet stort. – Kommuneplanleggarane vi møtte, viste overveldande interesse. Det var som å opne ein trykkventil, seier forskar Kyrre Groven.

  • Kvinne i møterom, snakkar til deltakarar

    IT-forum Vest og Vestlandsforsking inviterer til ein ny og utvida IT-konferanse i lag med samarbeidspartar i næringsliv og offentleg sektor. – Dette er ein tradisjonsrik konferanse som har hatt ein pause. Akkurat som organisasjonen har konferansen no eit breiare nedslagsfelt, seier forskar Øyvind Heimset Larsen. – Skal vi vere gode på teknologi, ser vi at vi må jobbe saman, seier organisator Anne Mette Hjelle.

  • Kvinne med afrikansk bakgrunn og mann med indisk bakgrunn står i lobby

    Korleis artar netthets seg for frivillige, kommunale og statlege organisasjonar? 25. oktober inviterer Vestlandsforsking til ein arbeidsverkstad der hatpratet skal under lupa.

  • Kvinne og mann smiler til kamera, står ute

    Dei nytilsette stordataforskarane Bjørn Christian Weinbach og Malin Waage deler både kontor og visjonar for stordata i næringslivet i Sogn og Fjordane. – Malin er ein forskar som vil bryne seg på programmering, medan eg er ein programmerar som gjerne vil bryne meg på forsking, oppsummerer Bjørn Christian.

  • Ung kvinne smiler mot kamera, hausttre bak, mørkeblå bluse

    Danske Irmelin Gram-Hanssen har studert korleis urfolk i Alaska møter endringar dei står overfor, og korleis klimatilpassing og transformativ samfunnsendring spelar saman i urfolkssamfunn. No ventar forsking på klimatilpassing i ein norsk samanheng.

  • Isbre i bakgrunnen, folk på veg opp til isen på berget i turklede

    Klimakrisa vil setje reiselivet på store prøvar i form av kortare skisesong, brear som trekker seg tilbake og flaum og skred som påverkar aktivitetstilbod og framkommelegheit. På ein konferanse 14.-15. november kan du få del i dei nyaste forskingsresultata om korleis klimaendringane er venta å påverke det naturbaserte reiselivet.

  • Raude og lilla former, Forskingsdagane sitt bilde

    Er du nyfiken på kva vi forskar på? Under Forskingsdagane kan du få innblikk i noko av det vi jobbar med. Bli med på Vitenkveld, tettstadvandring i Sogndalsfjøra og Speedforsking!

  • Fem unge menneske rundt PC og bord med gule lappar

    Forskingsmiljø på Vestlandet inviterer 16.-17. november til ein to dagars arbeidsverkstad om ein svært aktuell del av tilpassing til klimaendringar: - Naturbaserte løysingar er veldig i tida, også frå myndigheitene, og stadig fleire kommunar skal i gang med det framover, seier Hanna Kvamsås i Norce.