Høgt skatta tur, men logistikken kan bli betre

Turgåar på veg ned Aurlandsdalen
Starten på turen nedover Aurlandsdalen, like før Nesbøgalden. I bakgrunnen: fjellgarden Nesbø og Nesbøvatnet. (Foto: Agnes Brudvik Engeset)

Turgåarane som går dagsturen gjennom Aurlandsdalen, er godt nøgde med tilrettelegging og vedlikehald av stiar, viser ei undersøking Vestlandsforsking har gjennomført. - Når det gjeld reisa til og frå området, kan ting likevel bli betre, seier seniorforskar Agnes Brudvik Engeset.

Dagsmarsjen gjennom den nedste delen av Aurlandsdalen er både populær og spektakulær. Turgåarane startar på Østerbø og tråklar seg ned frå høgfjell til fjordnivå. Ruta innber stykke som kan ta pusten frå ein, med skrentar og stup, smale bruer og bratte heng. Langs vegen kan ein ete niste på velhaldne stølar blant beitande husdyr.

Agnes B. Engeset
Seniorforskar Agnes B. Engeset

- Vandraren går gjennom eit bratt vestlandslandskap forma av gardsdrift, stølsliv og beitedyr i tida før mekanisk landbruk. 

Kva ønskjer turgåarane seg?

Ferdselsåra vart i si tid bygd opp og ivareteken av dei som hadde rettar i Aurlandsdalen. I dag er arbeidet med stien stort sett erstatta av dugnadsarbeid. Mykje innsats går med til å sikre rasutsette parti mot steinsprang.

Då Nærøyfjorden Verdsarvpark hyra Vestlandsforsking til å gjennomføre ei brukarundersøking i 2022, var det mellom anna for å få meir kunnskap om korleis vandrarar oppfatta tilrettelegginga i dalen. Dei ønskte òg å vite meir om korleis turgåarar flest stilte seg til å bidra til vedlikehald, anten i form av betaling eller dugnadsarbeid.

Forskarane henta inn svar frå turgåarar via spørjeskjema på norsk og engelsk som folk kunne finne, fylle ut og levere i kassar på fire stader langs ruta eller svare via mobilen. På denne måten fekk dei inn svar frå 148 personar. I tillegg gjorde dei grundigare intervju med 23 turgåarar i juli og august.

støl i Vestland
Parti frå turen gjennom Aurlandsdalen. (Foto: Agnes B. Engeset)

Meir hjelp til og frå

Funna viser også at turgåarane generelt er svært nøgde med tilrettelegginga i Aurlandsdalen og dei omtalar turen som ei spektakulær oppleving. Det forskarane trur kan heve det bransjen kallar “vandreopplevinga”, gjeld det som skjer før og etter sjølve dagsturen, og går på informasjon og logistikk.

- Potensialet for betring gjeld særleg det å finne fram til relevant informasjon om reisa til utgangspunktet for turen og returen frå endepunktet, seier fortel seniorforskar Agnes Brudvik Engeset, som gjennomførte forskinga saman med kollega Kristin Løseth, i nært samarbeid med Snædís Laufey Bjarnadóttir i Nærøyfjorden Verdsarvpark og styringsgruppa for Nye Aurlandsdalen.

Buss og tog 

Desse deltok i undersøkinga:

  • 3/4 var norske og 1/4 var frå utlandet
  • flest vandrarar frå fylka Oslo, Viken, Vestfold og Telemark.
  • av dei frå Vestland, var det ingen frå gamle Sogn og Fjordane
  • snittalderen var 44,5 år
  • flest kvinner svara på spørjeundersøkinga (63%)
  • dei fleste vandrarane gjekk med vener (34%) eller partnaren sin (28%)

Særleg framstår det som viktig å sikre at det eksisterande tilbodet om busstransport mellom Vassbygdi og Østerbø fungerer. Det vil mellom anna seie at bussen har plass til alle som vil med, at avgangstidene dei finn på nettstader med informasjon om turen stemmer og at bussen til Flåm korresponderer med toget frå Flåm til Myrdal.

- Å streve med å finne busstider eller få tak i billett etter den spektakulære turen ned dalen, trekker ned opplevinga heilt unødig. Med små grep kan ein få vekk slike hindringar, trur forskaren.

Lunkne til dugnad

Forskarane fekk òg spurt turgåarane om det var tilbod dei sakna på ferda si gjennom dalen, der det ikkje finst bemanna hytter nedanfor startpunktet, Østerbø. Både matservering og overnatting var noko turgåarar vurderte som interessant. 

- Samtidig var det ikkje like aktuelt for alle, ettersom Aurlandsdalen er ein godt innarbeidd dagstur. 

Nærøyfjorden verdsarvpark ønskte òg å vite meir om korleis folk ville stille seg til å bidra sjølv dersom det blei innført ei betalingsordning eller arrangert dugnad for å vedlikehalde og rassikre ruta. Å stille i arbeidsklede langs ruta, var det meir delte meiningar om.

- Dette heng nok saman med at få av turgåarane var frå området, seier Engeset. Dei fleste kom frå Oslo, Viken, Vestfold og Telemark. 

Opptekne av norsk turtradisjon

I skjemaet turgåarane fylte ut, blei dei òg spurde korleis dei ville stille seg dersom dei blei oppmoda om å bidra med ein liten sum til vedlikehald og tilrettelegging i Aurlandsdalen.

skilt om buss på turveg
Skilting til busstopp (Foto: Agnes B. Engeset)

Det ville då vere snakk om ei låg og frivillig avgift, om lag som når idrettslaga køyrer opp skiløyper i vinter-Norge, ber om eit bidrag via Vipps. Dette var mange positive til. 

- Samtidig fanga vi opp ein skepsis til å rokke ved det dei oppfattar som den norske turtradisjonen: Vi har Allemannsretten, og vi betalar ikkje for å gå tur, seier Engeset. 

 

Undersøkinga Vestlandsforsking gjennomførte er finansiert av Miljødirektoratet, med styringsgruppa for Nye Aurlandsdalen som prosjekteigar.

Denne styringsgruppa høyrer inn under satsinga «Vandring og verdiskaping» hjå Nærøyfjorden Verdsarvpark og består av ein grunneigar-representant Venner av Aurlandsdalen, Hafslund ECO, DNT Oslo og Omegn og Visit Sognefjord.