Vestlandsforsking til Barth Eide: - No treng kommunane eit taktskifte innan klimatilpassing

Mann i svart jakke under bru og ved elv
Leiande seniorforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking, som også er leiar for Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing), har saman med forskarkollegaer levert innspel til den komande stortingsmeldinga om klimatilpassing, på invitasjon frå klima- og miljøministeren. Foto: Idun A. Husabø

Vestlandsforsking har levert innspel til klima- og miljøminister Espen Barth Eide i samband med at regjeringa skal legge fram ei stortingsmelding om klimatilpassing neste år. Meldinga var tydeleg: Staten bør trappe opp innsatsen overfor kommunane.
– Kommunane treng eit taktskifte innan klimatilpassing, seier leiande seniorforskar Carlo Aall.

Vestlandsforsking har jobba med lokal tilpassing til klimaendringane sidan Flora kommune først tinga ein analyse av eigen klimasårbarheit frå forskingsmiljøet i 2005. I nærare to tiår har instituttet hatt tett kontakt med enkeltkommunar, KS og andre sentrale aktørar om korleis kommunane kan takle meir nedbør, fleire skred og flaumar og andre utslag av at klimaet endrar seg.

Likevel er det framleis altfor tilfeldig kor mykje innsats kommunane legg i å førebu seg på klimaendringane og ta att etterslep på vedlikehald. Framleis manglar det tydelege nok signal frå staten om kva kommunane bør gjere. Og framleis er kommunane overbelasta når det gjeld forventningar.

stortingsmelding framside regn
Førre stortingsmelding om klimatilpassing kom for 10 år sidan. Skjermdump: regjeringen.no

– No treng kommunane verkeleg eit taktskifte innan klimatilpassing, seier Carlo Aall, leiande seniorforskar innan klima og miljø ved Vestlandsforsking. Aall leier Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, der landets fremste fagmiljø innan klimatilpassing samarbeider om forsking og formidling. Både Noradapt og Vestlandsforsking leverte denne veka munnlege og skriftlege innspel til klima og miljøminister Espen Barth Eide i samband med den kommande stortingsmeldinga om klimatilpassing.

På grunn av Vestlandsforsking sin djupe kjennskap til kva som buttar imot i kvardagen til arealplanleggarar og andre som skal drive planlegging og setje i verk tilpassingstiltak, valde Aall og dei andre forskarane på feltet å understreke at det er tid for at staten set inn større endringar overfor kommunane på dette området.

– Kommunane sin kapasitet står ikkje i forhold til det ansvaret som er gitt. Men viss staten set inn ein heilt annan innsats enn i dag, kan kommunane gjere ein god jobb med klimatilpassing, seier Aall.

 

Her kan du lese Vestlandsforsking sine innspel til klima- og miljøminister Espen Barth Eide:

Meir førebygging framfor reparasjon i etterkant:

  • Kommunane har fått tildelt ei nøkkelrolle i offentleg politikk og forvaltning for klimatilpassing, i motsetnad til i utslippsdelen av klimapolitikken. Men kommunane sin kapasitet står ikkje i forhold til det ansvaret som er gitt.
  • Regjering og Storting bør erkjenne behovet for ei vesentleg styrka ressursinnsats med endring til politikk for førebygging framfor reparasjon i etterkant. Dette bør skje gjennom ei vesentleg sterkare tverrsektoriell samordning av statleg politikk og eit vesentleg meir forpliktande samarbeid mellom stat, fylke og kommune.

1. Staten har difor eit dobbelt samordningsbehov:

  • 1.1 Den største utfordringa for staten er den horisontale samordninga mellom klimatilpassing og dei andre berekraftsmåla, spesielt utsleppspolitikken og naturmangfald (slik at tilpassinga ikkje fører til auka utslepp og svekking av naturmangfaldet).Denne sektorovergripande styringsrolla bør styrkast. Her treng dei som har ansvar verkemiddel m.a. for å kunne sanksjonere manglande integrering.
  • 1.2 Den andre samordningsutfordringa krev at sektorane tek eit større ansvar. Vi har kome eit stykke på vegen gjennom prinsippet om sektoransvar. Men ein styrka innsats krev breiare verkemiddel, og sterkare vertikal styring: Ein slik styrka vertikal innsats krev samtidig horisontal (tverrsektoriell) styring. Om ikkje det skjer, vil heilskapen bli skadelidande.

2. Staten kan lære av kommunane: Fleire og fleire kommunar ser klimatilpassing og utslippsdelen i samanheng – dette bør staten også gjere – difor bør dette bli siste melding med et separat perspektiv (klimatilpassing bør ikkje føre til auka utslepp og vise versa).