IT-forum Vest med ny utgåve av tradisjonsrik konferanse

Kvinne i møterom, snakkar til deltakarar
Konferansen til IT-forum Vest er lagt til Voss 30. november-1. desember. Anne Mette Hjelle (biletet) er ein del av arrangementskomiteen, saman med m.a. Øyvind Heimset Larsen og Ivar Petter Grøtte frå Vestlandsforsking.

IT-forum Vest og Vestlandsforsking inviterer til ein ny og utvida IT-konferanse i lag med samarbeidspartar i næringsliv og offentleg sektor. – Dette er ein tradisjonsrik konferanse som har hatt ein pause. Akkurat som organisasjonen har konferansen no eit breiare nedslagsfelt, seier forskar Øyvind Heimset Larsen. – Skal vi vere gode på teknologi, ser vi at vi må jobbe saman, seier organisator Anne Mette Hjelle.

Samanslåinga mellom fylka Sogn og Fjordane og Hordaland i 2020 gjorde det naturleg å utvide samarbeidet IT-Forum til å inkludere det tidlegare nabofylket. Slik har det seg at det i 2022 er IT-forum Vest som står som arrangør, og at konferansen er lagt til Voss.

– Satsingsområda våre engasjerer og er til nytte for mange aktørar både i distrikt og byar i regionen, legg han til.

Raskt nett til alle

«Saman bygger vi Vestland inn i gigabitsamfunnet», heiter det i overskrifta for årets konferanse, som går frå lunsj til lunsj 30. november til 1. desember. Som tidlegare, handlar mykje om kor viktig det er at vi held fram med å bygge digital infrastruktur i distrikta – raskt breiband til alle, slik at det også i åra framover skal gå an å drive næring frå ein avsides dal – eller der folk bur. Og for den del, få helsehjelp, undervisning eller levere lekser frå heimen sin.

mann held foredrag om teknologi, skjerm med appar bak
Eirik Norman Hansen er konferansier på årets IT-konferanse på Voss. Han held også eitt av hovudinnlegga, "Smakebitar frå framtidas gigabitsamfunn". Foto: Sven Erik Knoff

– Målet er at alle skal med, understrekar arrangør Anne Mette Hjelle.

– Norge har ambisjon om å vere best på digitalisering, men det har ein pris, og det må vi gripe fatt i, seier ho.

Bremsene på?

Med krig på europeisk jord som bakteppe, melder det seg òg eit glimt av vaktsemd i årets program. Hovudinnlegget «Smakebitar frå framtidas gigabitsamfunn» ved teknologioptimist og futurist Eirik Norman Hansen, blir difor talande nok etterfølgd av eit innlegg med ein annan tone, ei påminning om at vi òg må vere på vakt midt i euforien.

– Fullt køyr på digitalisering har vore tonen i mange år, men no har vi fått ei oppvakning på at vi kanskje skal stoppe opp litt og tenke meir på sikkerheit, seier Anne Mette Hjelle.

Nettopp det sterkt endra risiko- og sårbarheitsbildet vi står overfor, er tema i det andre hovudinnlegget. Ekspedisjonssjef Jan Hjelle frå Kommunal- og distriktsdepartementet si avdeling for IT og forvaltningspolitikk gir ei tankevekkande innføring i dei største truslane vi står overfor som eit gjennomdigitalisert samfunn.

– Eg synest vi har fått til ei god blanding mellom optimisme og framtidstru på den eine sida, og samfunnssikkerheit og risiko på den andre sida, seier Anne Mette Hjelle.

Ekspedisjonssjef KDD Jan Hjelle - mann i dressjakke og blazer, smiler
Jan Hjelle i Kommunal- og distriktsdepartementet er ekspedisjonssjef i avdeling for IT og forvaltningspolitikk. Han skal halde innlegg om risiko- og sårbarheitsbildet knytt til digitalisering, eit felt Noreg og Vestland har store ambisjonar for. Foto: Anne Lise Nordheim, KDD.

 

Ein arena for å få ting til å skje

Den andre konferansedagen dreier seg mykje om korleis vi skal få tak i «folka vi treng for å lukkast med ambisjonane våre». Innan rekruttering og utdanning er samarbeid og kontakt på tvers av organisasjonar livsviktig for Vestland, der det er langt mellom dei store byane.

– Folk har sakna ein god møteplass der du blir oppdatert og får utveksle kunnskap og byggje nettverk. Sjølv om teknologi er ein fellesnemnar, handlar jo teknologi om så mykje i dag. Det handlar også om menneska som skal bruke teknologien og kulturen for å få det til. Skal vi vere gode på teknologi, ser vi at vi må jobbe saman, seier Hjelle.

Målet er å få ein tilsvarande posisjon for heile Vestland som konferansen har hatt for Sogn og Fjordane. Og trass i namnet «IT-forum», er dette blitt noko breiare enn ein IT-konferanse.

– IT-forum Vest vil vere eit verktøy for å få viktige og gode ting til å skje, seier Hjelle.

 

Les meir eller meld deg på konferansen