Deler ein glød for data

Kvinne og mann smiler til kamera, står ute
Malin og Bjørn Christian har vidt ulike inngangar til feltet stordata, men interessa deira for fagområdet er like stor. - Vi utfyller kvarandre godt, seier Bjørn Christian. Foto: Idun A. Husabø

Dei nytilsette stordataforskarane Bjørn Christian Weinbach og Malin Waage deler både kontor og visjonar for stordata i næringslivet i Sogn og Fjordane. – Malin er ein forskar som vil bryne seg på programmering, medan eg er ein programmerar som gjerne vil bryne meg på forsking, oppsummerer Bjørn Christian.

Dei nye forskarane har ulik bakgrunn, men ei like tydeleg glød for teknologi og alt ein kan oppnå ved å utnytte data. Ord som «datadriven innovasjon» og «kunstig intelligens» flyg gjennom lufta medan dei fortel om dei teknologiske omveltingane samfunnet står midt i. Kjernen i det som skjer, er smart hausting av data – ein ressurs som kan føre langt av stad for dei som verkeleg lukkast.

Sjølv om Bjørn Christian kjem rett frå universitetet og Malin nyleg har gått frå eitt forskingsområde til eit anna, glødar begge for det nye oppdraget sitt: å dele innsikt om stordata med bedrifter i regionen.

– Bedrifter som er villige til å utforske eigne data kan både effektivisere drifta og auke verdiskapinga si, i tillegg til å bli meir berekraftige, er begge einige om.

Nettopp dette skal dei arbeide med i det fleirårige forskingsprosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane, der Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet søker samarbeid med bedrifter som er nyfikne på kva dei kan få til av nyskaping i samarbeid med forskarar.

Tre forskarar, middelaldrande mann og to yngre - står i fjordlandskap
Professor Rajendra Akerkar med Malin og Bjørn Christian under ein tur med teknologi- og samfunnsgruppa til Flåm i september, her frå kaia i Undredal. Dei tre utgjer stordatagruppa ved Vestlandsforsking per i dag. Foto: Øyvind Heimset Larsen

Maskiner som diskriminerer

For Bjørn Christian har det handla om data sidan ungdomstida. Først tok han fagbrev som dataelektronikar og prøvde seg i ei stilling i fylkeskommmunen før han valde å gå vidare med ein ingeniørgrad i data ved NTNU på Gjøvik. Det var då han oppdaga, noko uventa, at han verkeleg interesserte seg for matematikk:

– Eg hadde knapt hatt matte sidan ungdomsskulen, men blei veldig tent, fortel han. Deretter følgde ein master i datateknologi ved Universitetet i Stavanger med fordjuping i datavitskap, og det var i sommarferien mellom dei to åra at han først kom i kontakt med Vestlandsforsking. Sommaren 2021 lånte han kontorplass og jobba litt for professor Rajendra Akerkar, som leier stordatagruppa ved instituttet.

Samtidig fordjupa han seg i korleis kunstige intelligensar og datasystem kan ha innebygd diskriminering, rett og slett fordi teknologien speglar samfunnet, med alle sine feil. Dette er han oppteken av at folk forstår og er på vakt overfor.

– Det ein kunstig intelligens gjer, er å bruke data til å lage algoritmar eller søke etter algoritmar som gir størst mogeleg nøyaktigheit. Problemet er at den kan lande på ein algoritme som er diskriminerande, forklarer Bjørn Christian. Den beste måten å gardere seg på, er å gje folk innblikk i grunnlaget for konklusjonen – at algoritmen let seg tolke og forstå.

– Data er sjølve råvara desse systema foredlar, og difor svært attraktivt for mange aktørar. Mykje av desse dataa er skapte og donerte av befolkninga utan at vi forstår omfanget og verdien av dette. Slike problemstillingar er vi nøydde å ta tak i for å bygge tillit til bruken av data i samfunnet, slår han fast.

Jobba offshore

Medan Bjørn Christian lenge ikkje visste at han elska matte, var Malin fullt klar over sin hang til faget. Etter vidaregåande var ho raskt å finne på realfagsbygget ved Universitetet i Bergen.

– Eg har alltid vore glad i fjell og i naturfag og matte, så då blei det geofysikk, smiler Malin. På veg til Svalbard for å runde av bachelorgraden med eit feltarbeid, såg ho ned på Nordens Paris, der den strekte seg ut over landskapet under ho, og tenkte «Det der er ein fin by». Slik vart Tromsø basen hennar dei neste ti åra, først som masterstudent i marin-geovitskap, og seinare som arbeidstakar i petroleumsindustrien, der ho analyserte boreslam og vakta brønnar i to og eit halvt år. Når ho var på land, flakka ho rundt i Nord-Norge med ein bubil som base og dreiv med friluftsliv.

Isøde med kvinne ved båtrekka
Malin på forskningstokt med RV Helmer Hanssen, med stopp i Van Keulenfjorden på Svalbard (2015).

– Alt låg til rette for å ta ein ph.d. etter masteren, men eg var veldig nyfiken på å kome meg ut og gjere noko anna, forklarer Malin. Den første stillinga offshore innebar å ta prøvar av boreslammet som kjem opp og analysere dei. Etter kvart fekk ho òg kontrollere oljebrønnar og kartlegge eigenskapar ved bergartane langt der nede under havbotnen.

– Arbeidet der var veldig spennande og «hands on». Eg kunne ha det travelt i 12 timar i strekk eller berre sitje og stire på ein evig opp-og-ned-bevegelse i brønnen. Det er ein jobb ein både kan hate og elske, forklarer ho.

Av og til oppstod det dramatiske situasjonar, slike som stadig førekjem, men aldri når nyheitsbiletet. Malin lærde seg å setje stor pris på det ho kallar tryggleikskulturen på norsk sokkel.

kvinne studerer forskingsmateriale i sylindrar framfor seg
Malin måler metangass i kjerneprøvar ombord på RV Helmer Hanssen i sin tidlegare jobb.

– Sidan då har eg vore litt besett av tryggleik, til dømes på dugnadar, ler Malin.

Forska på metanlekkasjar

Etter ei tid i oljenæringa, skjønte Malin at ho heller ville jobbe med rein energi og klima og miljø. Igjen fekk ho tilbod om å ta ein ph.d., og blei ein del av eit senter for framifrå forsking ved Universitetet i Tromsø. Gruppa hennar ved CAGE forska på kva som skjer med gassar i grunnen under havbotnen når kloden blir varma opp.

– Det kjedelege er at menneskeskapte klimaendringar òg forsterkar dei naturlege prosessane, forklarer Malin.

På havdjupet, 350 meter under overflata eller meir, finst den potente klimagassen metan i holrom og sprekker. På fagspråk seier ein at gassen er lagra som gasshydrat, som om den var frosen. Ved låge temperaturar held gasshydrata på enorme mengder gass. Men akkurat som tinande permafrost gir større metanutslepp frå tundraen, gjer varmare hav at det piplar ut meir metan ettersom hydrata smeltar.

– Når vi varmar opp verdshava, påverkar vi lagera som ligg under havbotnen, under permafrosten og under isdekket. Det gjeld også hava! Det er dumt at folk ikkje veit dette, for 99 prosent av verdas gasshydratlager ligg i hava, forklarer Malin.

Ville over på nytt fagområde

Malin hadde etter kvart både ein doktorgrad og ein påbegynt postdoc. Ein stor del av forskinga hennar var basert på metode-utvikling og bruk av høgoppløyseleg seismikk til å identifisere gass-relaterte endringar i grunnen. Sjølv om forskinga interesserte ho, vart den litt for einsformig og tung. Over lang tid jobba ho med store og komplekse problemstillingar, mykje på eiga hand, til dels heilt åleine.

– Som ei tverrfagleg gruppe arbeidde me med det same temaet, men spesialiserte oss typisk på ulike metodar, forklarer Malin.

– Eg ville gjerne jobbe med meir dagsaktuelle ting, ha meir kontakt med andre utanfor forsking og sjå resultat fortare, legg ho til.

Ho tok tak i interesse som låg på lur: ein fascinasjon for statistikk og teknologi.

– Eg byrja å lytte til podcastar om teknologi, data og kunstig intelligens og melde meg på ein nettbasert «bootcamp» i datavitskap. Så såg eg stillingsutlysinga frå Vestlandsforsking, forklarer Malin. Ho var usikker på om det vart godteke å at ho kom frå ein heilt annan fagbakgrunn og tilsvarande begeistra over at Rajekdra Akerkar tok imot ho med opne armar.

– Det er ei heilt anna kjensle av fellesskap ved Vestlandsforsking. Det er eg veldig positivt overraska over, strålar ho.

Kjenner regionen

Malin sin heimstad er Samnanger, industristaden mellom Fusa og Bergen som kanskje er mest kjend for ullvarene frå den tradisjonsrike Safa-fabrikken. Etter 11 år nordpå er det ikkje heilt feil å flytte litt nærare besteforeldra. Ho leiger no hus i Fardal vest for Sogndal med sambuaren og to små døtre.

Skikøyring i bratt laussnø, kvinne med hjelm
Friluftsliv har alltid vore Malin si greie. Her køyrer ho i laussnø. Ho har konkurrert både i alpint og kulekøyring og konkurrerte ein gong mot Kari Traa.

Også Bjørn Christian er vestlending, og har flytta heilt heim til staden nesten heile slekta kjem frå, med unntak av det tyske innslaget du finn i etternamnet Weinbach. Alt før mastergraden var halvgjort, vart han hanka inn av Vestlandsforsking sitt stordata-miljø som sommarvikar. Han rakk eit semester med utveksling i Uppsala før Vestlandsforsking lokka han tilbake frå Universitetet i Stavanger for å bli stipendiat innan stordata.

Både Malin og Bjørn Christian har altså alt som skal til for å trivast inst i ein fjordarm. Malin elskar alt ein kan gjere blant fjordar og fjell. For tida går det mest i terrengløp, springing og fjellturar, men ho har òg vore innom stisykling, klatring, fridykking og konkurrert innan vinteridrett. Først i alpint, og seinare i kulekøyring, der ho rakk å bli nordisk meister.

– Faktisk køyrde eg ein gong mot Kari Traa, i hennar siste renn, smiler Malin, som koplar den store friluftsinteressa si til realfag.

– Når eg går tur, funderer eg mykje på korleis landskapet rundt meg blei til.

Bjørn Christian møter du òg ofte på veg opp ei fjellside, men like ofte i ein båt på fjorden. Då han fylte 25 år og var ny på instituttet, stilte han uoppfordra med nybakt blåbærkake. Bæra hadde han sanka sjølv.

Mann i fjordlandskap
Bjørn Christian på veg opp til Bondehaug i Luster, oktober 2022. Foto: Monica Brugrand

– Eg er ein friluftstype, og ein som likar å gjere ting sjølv. Ein blir lei av å sitje framfor skjermar, seier Bjørn Christian. Interessa for korleis ting heng saman, som datamaskiner eller bilar, pregar likevel fritida hans. Han likar å skru bilar, og i teorien kan han både ta ifrå kvarandre ein PC og skru den saman att.

Han tilbringer òg mykje tid med kjærasten sin, ei lærdalsjente busett i Stockholm, og har opna auga for andre ting i livet gjennom ho, som gjenbruk og kunst.

Snart i gang med doktorgrad

Å skulle ta ein doktorgrad, ser Bjørn Christian fram til med eit lite innslag av ærefrykt.

– Det eg har lært når eg har studert, er at det er alltid skummelt når du står overfor noko nytt. Men når du byrjar, er det meir overkommeleg enn du trudde. Eg prøver å halde på ein Pippi-mentalitet om at dette har eg aldri gjort før, så det går sikkert bra.

Han er takksam for at han vil ha Malin å støtte seg på, som både har vore gjennom ein doktorgrad og ein halv postdoc.

– Malin er ein forskar som vil bryne seg på programmering, medan er eg ein programmerar som gjerne vil bryne meg på forsking. Eg tykkjer vi utfyller kvarandre godt, smiler han.

I haust skriv Bjørn Christian på ei skisse til kva doktorgraden skal handle om. Planen er å søke opptak som stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet rundt årsskiftet.

– Eg har vore i læremodus fram til no, så kvifor slutte? Eg veit nok ikkje kva eg gapar over, men eg får heller kaste inn handkledet viss det ikkje går.

To unge menneske presenterer IKT-stoff for forsamling - powerpoint bak
Malin og Bjørn Christian snakka om stordata på Innovasjonsdagen i Sogn i slutten av september.

 

Ut til bedriftene

Det meste ligg til rette for at dei to skal få god kontakt med næringslivet i fylket. Stordatagruppa ved Vestlandsforsking har vore rik på fagleg kompetanse, med høgkompetente seniorforskarar som publiserer i fleng. Samtidig har gruppa til no mangla ein ting som både Malin og Bjørn Christian har: dei er vestlendingar, snakkar norsk og kjenner godt til regionen dei skal jobbe i.

Fire år inn i Teknoløft er desse eigenskapane gull verdt. Forskarane sit med rapportar som fortel korleis stoda er når det gjeld bedrifter og datasett i Sogn og Fjordane. No er dei klare til å invitere bedrifter til meir konkret samarbeid, gjerne òg forsking der bedriftene tek aktivt del.

– Vi to har ei veldig verkelegheitsnær rolle – å gå ut til bedriftene og spørje: «Kan vi som forskarar bidra med noko? Kva kan vi og bedriftene få til av nyskaping med data dei alt sit på?». Det kan dreie seg om å vere med på arrangement der bedrifter er, halde arbeidsverkstader og seminar og formidle funna våre frå Teknoløft, utdjupar Malin.

– Det ligg eit veldig stort potensial i å bruke data ein alt har, på nye måtar – både til effektivisering og innovasjon. Det vil vi gjerne at fleire i næringslivet får innsikt i. Vi er klare til å samarbeide med dei som vil utforske desse mogelegheitene, avsluttar ho.