Første møte i det nye reiselivssenteret

Denne veka gjekk startskotet for Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv. Oppstartmøtet var lagt til Vestlandshuset i Bergen, og eit utval representantar for reiselivsnæringa og offentleg sektor deltok i tillegg til Vestlandsforsking og fou-partnaren Høgskulen på Vestlandet.
Kunnskapssenter for reiseliv vart ein realitet like før årsskiftet, då det var klart at finansieringa var på plass, takka vere løyvingar frå fleire regionale aktørar. Den offisielle opninga fann stad i Vestlandsforsking sine lokale 19. desember 2024.
Reiseliv og offentlege aktørar
På oppstartmøtet i Bergen 4. februar stilte mange av aktørane i reiselivet i Vestland, som Visit Sognefjord, Visit Bergen, Visit Hardangerfjord, Visit Sunnhordland, Sogn Næring, Norway’s Best og Norsk Reiseliv. I tillegg møtte det fram representantar for offentlege verksemder som Fjordane regionråd, Hardangerrådet, KS Vestland og Vestland fylkeskommune, som var vertskap på Vestlandshuset.
Diskuterte utfordringar i reiselivet
Eit knippe forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet tok opp aktuelle utfordringar i reiselivet, som opphoping av turistar i visse område, kva problem kunstig intelligens kan tenkast å løyse, korleis reiselivet kan auke verdiskapinga med lokal mat og drikke, aukande fare for skred, flaum og annan klimarisiko der turistar ferdast og korleis reiselivsnæringa kan auke verdiskapinga ved å tilby meir lokal mat og drikke.
Dette er tema som har vore forska på og som det vil bli forska meir på i tida som kjem. Dei frammøtte hadde mykje på hjartet og bidrog med verdifulle synspunkt og observasjonar. Desse innspela vil utgjere grunnlaget for forskingsprosjekta til Kunnskapsenteret.