Ledig stilling innan teknologi og samfunn

teknologi
Bjørn Christian Weinbach og Malin Waage er blant dei to nyaste tilsette på teknologi- og samfunnsgruppa ved Vestlandsforsking. Bjørn Christian har ein mastergrad i datavitskap og startar på ein doktorgrad i stordata i 2023, medan Malin har ein doktorgrad i marin geologi og geofysikk og erfaring frå petroleumsindustrien. (Foto: Vestlandsforsking)

Lurer du på korleis kunstig intelligens påverkar samfunnet vårt eller om sosiale medium kan vere ein ressurs for samfunnsberedskap? Synest du det er spennande å finne ut korleis digitalisering verkar inn på skule, arbeidsliv og fritid? Dette er nokre av spørsmåla teknologi- og samfunnsforskarane våre jobbar med dagleg.

Vestlandsforsking lyser ut ei stilling innan teknologi og samfunn, eit tverrfagleg forskingsfelt som i dag tel 16 personar. Forskarane har bakgrunn frå ei rekkje ulike fagområde frå geoteknikk til medievitskap og datateknologi.

Tverrfagleg teknologibakgrunn

Den ideelle søkjaren til den utlyste stillinga er ein som har bakgrunn frå eit tverrfagleg teknologistudium. I tillegg ønskjer instituttet at søkjaren har erfaring frå eitt eller fleire av desse områda: 

  • digitalisering og teknologidriven innovasjon i næringsliv og offentleg sektor
  • regional utvikling og innovasjon
  • kjønn, mangfald og utanforskap
  • grøn omstilling, digitalisering og eit inkluderande arbeidsliv
  • samfunnsrelaterte problemstillingar knytt til nye teknologiar, t.d. kunstig intelligens

- Det vi har felles på gruppa vår, er at vi er opptekne av korleis teknologi påverkar samfunnet og korleis samfunnet påverkar teknologiutviklinga. Vi studerer samanhengar mellom teknologi og samfunn og korleis teknologi kan brukast på ein ansvarleg, inkluderande og berekraftig måte, seier forskingsleiar Hilde G. Corneliussen.

Søknadsfrist 15. januar

Stillinga som er utlyst med søknadsfrist midt i januar, kan altså romme svært ulike søkjarar. I utgangspunktet vil instituttet tilsetje folk som alt har forskarkompetanse, altså ein doktorgrad. Døra står likevel på gløtt for søkjarar med relevant mastergrad og erfaring.

Teknologi- og samfunnsgruppa har mange forskings- og utviklingsprosjekt på gang, og ser fram til å ønskje ein ny person velkommen i arbeidsfellesskapet, seier Corneliussen.

 

Les heile utlysinga