Diskuterte hatprat med engasjert ungdom på Utøya

Hatprat trugar mangfaldet i den offentlege samtalen, mellom anna ved å stilne mange stemmer i viktige samfunnsdebattar. I helga fekk forskarar frå Vestlandsforsking delta på ei samling på Utøya for ungdommar som jobbar for å motverke hatprat.
Vestlandsforsking jobbar for å finne meir effektive måtar å avdekke og fjerne hatprat på sosiale medium. Dette er ein viktig del av forskingsprosjektet SOCYTI som Vestlandsforsking leier. Nyleg fekk KI-forskarane Dante Della Vella og Rajendra Akerkar lov til å leie ein digital bolk på ei helgesamling for engasjerte ungdommar som vil bli ungdomsambassadørar for rørsla Stopp Hatprat.

Bruke teknologien positivt
Temaet var korleis ein kan bruke kunstig intelligens for å svare hatprat – anten ved å halde workshopar for andre ungdommar eller bruke sosiale medium for å påverke samfunnet.
«Vi inviterer eksterne eksperter og bruker våre egne hoder for å utforske hvordan kunstig intelligens og algoritmer fungerer og hvordan vi kan bruke teknologien på en positiv måte for å bekjempe hatprat», heiter det på Stopp hatprat si nettside.
Ungdomsskolering på Utøya
Rørsla Stopp hatprat spring ut av terrorhandlingane på Utøya 22. juli 2011, der terroristen Anders Behring Breivik tok livet av 77 menneske i regjeringskvartalet og på AUF sin sommarleir på Utøya. I etterkant av terroren tok Europarådet sitt ungdomsråd initiativ til å starte ei rørsle som skulle ta eit oppgjer med hatet som leidde til terrorhandlingane. «No Hate Speech Movement» vart lansert på den internasjonale dagen mot rasisme 21. mars 2013 av Thorbjørn Jagland, som då var generalsekretær i Europarådet.
Menneske i sentrum
Rajendra Akerkar starta Vestlandsforsking sin bolk med å understreke at teknologi ikkje kan løyse problema knytt til hatprat – heller ikkje kunstig intelligens.
– KI kan ikkje løyse noko problem på eiga hand. Det er det folk som kan, med støtte av ny teknologi og nye verktøy.
For han var det viktig å få fram at KI er nyttig i denne samanhengen, men at vi må vere tolmodige og gå varsamt fram.
– Difor er eg veldig glad for at de held dette arrangementet og at vi kan prate saman om denne tematikken, sa han til tilhøyrarane på Utøya via skjerm.
Diskuterte med ungdommane
Rajendra hadde med seg Dante Della Vella, ein av dei yngste forskarane på området teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking. Dante heldt ein presentasjon som slo godt an hos deltakarane om kvifor og korleis forskarane brukar KI til å stoppe hatprat. Også han var oppteken av at vi ikkje bør overlate for mykje til teknologien.

– KI er nøydd til å vere ei forlenging av folk. Vi må bruke det som støtte for å ta avgjerder i staden for å overlate delar av prosessen til KI, sa Dante til ungdomsambassadørane på Utøya.
– KI kan ikkje løyse noko problem på eiga hand. Det er det folk som kan, med støtte av ny teknologi og nye verktøy.
Saman med Torborg Igland frå NLA Høgskolen, som òg er ein av forskarane i SOCYTI-prosjektet, svarde Dante på spørsmål etter innlegget og diskuterte KI og hatprat med ungdommane.
– Vi kan bruke KI til å samle informasjon, ti å sortere informasjon og til å gjere nokre tidlege vurderingar, men KI bør aldri setjast til å handle på eiga hand. I prosjektet vårt har vi jobba hardt for å behalde folk i loopen, understreka den unge forskaren.
Inviterte av referansegruppemedlem
Samlinga forskarane deltok på med sin digitale bolk, gjekk over fire dagar, frå 7. til 10. mars, og var eit samarbeid mellom Stopp hatprat og Utøya AS, med finansiering frå Sparebankstiftelsen og Kultur- og likestillingsdepartementet.
– Vi fekk invitasjonen fordi Eirik Rise, som er kampanjerådgjevar og koordinator i Stopp hatprat, òg er medlem av referansegruppa i SOCYTI-prosjektet, forklarer Rajendra Akerkar.