Arealbruk og klima, fjellturisme, tradisjonshandverk og helsetenester i nye prosjekt

fjellturisme, breføring
Klimaendringane vil føre til at permafrost tiner, brear smeltar og snøfonner blir borte i fjellet. Korleis det vil påverke fjellturisme i form av ny naturfare, er tema i eitt av dei nye prosjekta Vestlandsforsking skal jobbe med i 2023. Prosjektet har fått støtte frå RFF Innlandet. (Foto: Eivind Brendehaug)

Vestlandsforsking har fått finansiering til fleire nye forskingsprosjekt, både frå Noregs forskingsråd og Regionale forskingsfond. To prosjekt handlar om arealbruk og klima og eitt om korleis klimaendringane påverkar fjellturismen. I tillegg kjem eit prosjekt om tradisjonshandverk og kulturturisme i Kvam og eit om nye og berekraftige helsetenester i Sunnfjord.

At arealbruk står sentralt i to av dei nye prosjekta, passar godt, ettersom Noreg slutta seg til den internasjonale naturavtalen inngått i Montreal no i desember.

flower butterfly
Arealbruk og naturmangfald går att i to av dei nye prosjekta. (Foto: Stan Muller, Unsplash)

– Naturavtalen har som utgangspunkt at arealbruksendringar er det største trugsmålet mot naturmangfaldet på jorda. Dersom vi ikkje klarer å stoppe tapet av naturlege økosystem vil vi verken klare å kutte klimagassutsleppa eller tilpasse oss klimaendringane som alt er undervegs, seier prosjektleiar for forskingsråd-prosjektet Kunnskapsoppsummering om arealbruk, naturmangfald og klima (Karnak), Kyrre Groven.

Prosjektet går ut på å oppsummere den forskingsbaserte kunnskapen om samanhengar mellom korleis vi brukar areal i Noreg og korleis denne arealbruken har endra seg, med følgjer for naturmangfald, klimatilpassing og opptak og lagring av karbon, til dømes i myr.

forskar
Seniorforskar Kyrre Groven leier det nye prosjektet Karnak, med finansiering frå Forskingsrådet.

– Forskingsrådet ønskjer å få kartlagt kunnskapsfronten på eit område som har fått stor merksemd i seinare tid: Korleis vi skal klare å løyse både klima- og naturkrisene, utan at tiltaka motverkar kvarandre, forklarer prosjektleiaren.

Forskingsrådet dobla potten

I utgangspunktet ville Forskingsrådet tinge eitt slikt prosjekt, men etter å ha lese søknadene bestemte dei seg for å doble potten og gje to like oppdrag til både Vestlandsforsking og Norsk institutt for naturforskning (Nina). Det set Kyrre Groven pris på, ikkje minst fordi temaet dei skal kaste lys over, er så viktig.

– Vi skal gje innblikk i kva forskingslitteraturen seier om kor berekraftig arealforvaltninga i Norge er i dag, kva dilemma og konfliktar som oppstår mellom ulike samfunnsomsyn og interesser på dette feltet, i tillegg til å peike på korleis arealforvaltninga kan bli meir berekraftig, seier Kyrre Groven.

Han har med seg fire andre frå instituttet når arbeidet startar opp i februar 2023. Tildelinga frå Forskingsrådet er på 2 millionar kroner, fordelt på Vestlandsforsking og to underleverandørar: Miljøfaglig Utredning AS og Biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet. Litt under halvparten går til Vestlandsforsking. I tillegg skal tre ekspertar på økologi og seks representantar for statsforvaltarar og kommunar vere med og kvalitetssikre arbeidet.

Følgjer av nedbygging

Stikkord for det andre nye prosjektet knytt til areal og klima, er nedbygging av areal og korleis det verkar inn på naturmangfald, jordvern og klima. Forprosjektet Kunnskapsgrunnlag for integrerte planar om areal og klima får ein halv million kroner frå RFF Vest, går over eitt år og er leia av seniorforskar Eivind Brendehaug.

– Det overordna føremålet er å utvikle data- og metodegrunnlaget for å kunne analysere den samla verknaden arealbruken har på naturmangfaldet, jordressursane, karbonbinding og ‑lagring og klimatilpassing i Vestland, seier Brendehaug.

– Realisering av dette målet er innovasjonen i eit hovudprosjekt som forprosjektet skal førebu.

Nyttig for kommunar

Resultata av forprosjektet og eit seinare hovudprosjekt vil bli nytta av Sunnfjord kommune når dei skal realisere vedtaket sitt om areal- og klimanøytralitet som del av arealstrategien i kommunen. Forprosjektet vil bidra til kommunen sitt arbeid med å utvikle ein arealrekneskap i 2023.

– På same vis vil prosjektet bidra til realisering av Voss herad sin ambisjon om arealnøytralitet, forklarer Brendehaug. Vestland fylkeskommune deltek òg aktivt i prosjektet, og skal bruke resultata som eit kunnskapsgrunnlag for den regionale planen for areal, natur- og kulturminneressursar, som eit ledd i Utviklingsplan for Vestland 2020-2024. 

Når brear og permafrost smeltar

Fjellet si no- og framtidige forvandling som følgje av klimaendringane er tema for prosjektet Landskapsendringar og naturfare ved tap av permafrost, brear og snøfonner. Utfordringar for fjellturisme og fjellredning i Jotunheimen.

Fjellførar på ski
Halvor Dannevig, forskingsleiar for klima og miljø. (Foto: Bård Basberg)

– Vestlandsforsking skal studere kor eksponerte og sårbare fotturistar er for naturfare som følgjer av klimaendringane, seier forskingsleiar for klima og miljø, Halvor Dannevig, som skal delta. Han er sjølv fjell- og breførar i tillegg til å forske på klima og miljø.

Ei rekkje partnarar er med, mellom anna Nasjonalt kometansesenter for fjellredning, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Oslo og Høgskolen i Innlandet. Sistnemnde har prosjektleiinga. Prosjektet er finansiert av RFF Innlandet og går fra 2023 til 2025.

Gamle tradisjonar og ny berekraft

Eit nytt forprosjekt knytt til kulturturisme har òg fått støtte frå Regionale forskingsfond Vest, nærare bestemt 671.000 kroner, der det meste går til Vestlandsforsking: Design og gamle handverkstradisjonar som innovasjonskraft for berekraftig vareproduksjon og eit kulturbasert reiseliv (Dreis). Prosjektet tek utgangspunkt i den immaterielle kulturarven, i dette tilfellet tradisjonshandverk og gamal kunnskap om naturmateriale. Målet er å finne ut om den kan spele ei rolle i meir berekraftig vareproduksjon og styrke det kulturbaserte reiselivet i Kvam.

Vestlandsforsking skal samprodusere kunnskap med kulturforvaltarar, kulturformidlarar og handverkarar ved Hardanger og Voss museum (HVM) og Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) og kultur- og næringsavdelinga i Kvam herad, fortel Torunn G. Hønsi, seniorforskar ved Vestlandsforsking. Fem forskarar ved instituttet deltek i prosjektet, som føregår i 2023.

Meir berekrafige tau

Tau er oftast laga av petroleumsprodukt som nylon, men det finst alternativ som er meir berekraftige. Kanskje må desse hentast fram att dersom vi skal lukkast i å stoppe plastforureining i hava og nå klimamåla. I Dreis vil forskarane undersøke lokale fibermateriale, som råull frå gamal norsk spelsau, hestetagl, lin, lind og nesle. Alt dette kan inngå i produksjonen av naturtau ved Hardanger Fartøyvernsenter og erstatte dagens råmateriale: importerte hampefiber frå Kina.

tau
Tau kan lagast av mange naturmateriale, og i Kvam ønskjer ein å erstatte importert hamp frå Kina med eit meir berekraftig alternativ. (Foto: Yoksel Zok, Unsplash)

– Vi vil samle og systematisere data om tilgjengeleg biomateriale i Kvam som kan nyttast i ulike former for handverksproduksjon, seier Hønsi.

Tau blei tidlegare laga ved såkalla reiparbaner, og Hardanger Fartøyvernsenter har ei reiperbane der dei ønskjer å lage sterke og funksjonelle naturtau som har eit lågare klimafotavtrykk enn dagens hampetaua.

– Vi vil bruke designdrivne innovasjonsprosessar til å samskape og skisse prototypar av minst to nye varer eller produkt laga av tau frå lokale bioråstoff til det nye besøkssenteret, seier Hønsi.

Trekkplaster for turistar

Dei nye designskissene for nye produkt av naturtau, skal stillast ut ved HFS, og vil vise fram både potensialet for produktutvikling basert på tradisjonshandverket reipslaging, men kan også gje ein ny reiselivsattraksjon og brukast i kulturformidlinga til museet.

Andre innovasjonar i DREIS er ein enkel database over tilgjengelege bioråstoff med moglege bruksområde innan handverks-, lokalmat- og småskalaproduksjon i Kvam. I tillegg utviklar ein ei handverksløype, eit digitalt kart over handverksbaserte reiselivsopplevingar, for å fremje kulturturismen i Kvam.

Vestlandsforsking deltek i tillegg i eit samarbeid med Sunnfjord kommune om nye og berekraftige helsetenester.