Forska i Alaska: – Vi kan lære mykje av urfolk om omstilling til klimaendringar

Ung kvinne smiler mot kamera, hausttre bak, mørkeblå bluse
Irmelin Gram-Hanssen kjem frå Midt-Jylland og har ein doktorgrad i samfunnsgeografi med feltarbeid frå det sørvestlege Alaska. Foto: Idun A. Husabø

Danske Irmelin Gram-Hanssen har studert korleis urfolk i Alaska møter endringar dei står overfor, og korleis klimatilpassing og transformativ samfunnsendring spelar saman i urfolkssamfunn. No ventar forsking på klimatilpassing i ein norsk samanheng.

Isen som ikkje la seg på innsjøen, elvebankar som glei ut i vatnet og vart vaska bort – fisk og dyr som ikkje oppførte seg som før. Slik, i form av små teikn, opplevde urbefolkninga sørvest i Alaska at noko nytt var i emning. Jakt og fangst var ikkje lenger eit sjølvsagt levebrød.

To gonger har Irmelin Gram-Hanssen, som i september starta som seniorforskar ved Vestlandsforsking, samarbeidd med innbyggarane i den vesle landsbyen Igiugig i sørvestre Alaska. Den første gongen gjorde ho feltarbeid til ein mastergrad i nordområdestudiar, og seinare vende ho tilbake som doktorgradsstipendiat i samfunnsgeografi.

Møtet med urfolka og den mektige naturen gjorde sterkt inntrykk på ho, og førte ho gradvis i ei fagleg retning ho ikkje hadde forutsett som ung student.

Alaska i staden for Afrika

Det Irmelin trudde ho visste tidleg i tjueåra, var at ho anten ville arbeide med noko kreativt eller med å hjelpe andre. Då ho byrja ved Roskilde universitet, dykka ho ned i internasjonale spørsmål og språk- og kulturstudiar, ut frå ei dragning mot bistand. Men universitetet stod for eit kritisk perspektiv som etter kvart tok frå ho motivasjonen. Det vart inga reise til Sør-Amerika eller Afrika, slik ho hadde tenkt.

– Eg hadde behov for å sjå litt meir systemisk på ting, ikkje berre bygge brønnar, oppsummerer Irmelin. Då ho også måtte legge bort den neste planen, ei utveksling til Los Angeles, tipsa utvekslingskontoret om ein ny avtale dei hadde inngått med universitetet i Fairbanks, den nest største byen i Alaska. Dit hadde ho aldri tenkt på å reise, men ho tok sjansen.

kvinne i goretex-jakke ved elv, rører i stamp i blå plast
Irmelin får opplæring i å legge raudlaks (Sockeye salmon) i saltlake. Laksen skal seinare tørkast i sola og røykast i 3-4 dagar.

Fairbanks ligg på breiddegrad med Mosjøen. Der forelska ho seg både i den arktiske naturen og i ein amerikanar, økologen Ross, som i dag er ektefellen hennar. Etter opphaldet skaffa Irmelin seg eit Fulbright-stipend for å ta mastergrad i Fairbanks i staden for i Roskilde, både for å kunne vere der kjærasten var og for å halde fram på det same sporet:

– I Alaska var det enormt spennande, empirisk sett. Der kunne ein sjå liv bli levd. I Roskilde var undervisninga teoritung og litt verdsfjern, smiler ho.

Ungdom si rolle i berekraftig landsbyutvikling

Feltarbeidet ville ho ikkje gjere Fairbanks, men i ein landsby med berre 70 innbyggjarar, Igiugig, som ligg der delstatens største innsjø, Lake Ilimana, spring ut i Kvichak-elva. Dette er ei av dei største elvane i Alaska, og alle i Igiugig driv med laksefiske i ei eller anna form.

Dei fleste av innbyggarane er Yup’ik Alaska Native, ei av over 20 unike kultur- og språkgruppene i Alaska.

– Å komme til Igiugig og bli kjent med menneska som bur der, var ei enormt stor oppleving som viste meg korleis utfordringar med berekraft og klimaendringar ser ut i praksis – men òg kor mykje som kan gjerast lokalt, seier Irmelin.

Det Irmelin undersøkte, var korleis innbyggane i landsbyen la til rette for berekraftig utvikling, med særleg vekt på rolla ungdom spelte. Gjennom samtalar og deltakande observasjon gjorde ho ei berekraftsanalyse som viste sårbare og sterke sider av lokalsamfunnet og korleis desse var kopla til økonomiske og politiske prosessar utanfor landsbyen.

Laks til tørk ved elv i Alaska, raudt kjøt
Raudlaks heng til tørk i sola ved lakseelva Kvichak.

– Ein av dei viktigaste grunnane til at landsbyen opplevde suksess, var at dei evna å trekke alle innbyggarane med i utviklinga av landsbyen, også dei yngre, som ofte blir oversett i denne typen arbeid, seier Irmelin.

I Igiugig var ungdommane den mest sentrale befolkningsgruppa, i nær dialog med eldre kunnskaps- og kulturberarar, og vaksne med sterk tilknyting til arbeidslivet. Dette støtta opp rundt ein kultur der enkeltpersonars ønske og kompetanse fekk bidra til landsbyens beste.

Irmelin konkluderte med at den største utfordringa i desse prosessane, var mangel på økonomisk og politisk sjølvstende.

– Eg peikte på større lokal autonomi og meir handlingsrom som viktige steg for å få til lokal berekraft, forklarer Irmelin.

Avslag leidde til doktorgrad

Før ho vende tilbake til denne delen av Alaska som stipendiat, jobba Irmelin nokre år i den gråare kvardagen heime i Danmark. Irmelin blei konsulent i eit firma i København og fekk sitt første møte med temaområdet miljø og klima. Men dansk byliv var ikkje det ektefellen Ross hadde drøymt om, og då ha starta på ein mastergrad ved NMBU i Ås, fekk Irmelin høve til å jobbe ved Norsus gjennom den danske arbeidsgjevaren sin. Sjølv om ho treivst i jobben og fann meining i å jobbe mot matsvinn, sakna ho å kunne kople ein djupare, kulturell dimensjon til arbeidet med miljøproblem.

Tilfeldigheitene ville det slik at Irmelin via ein jobbsøknad til Universitetet i Oslo, kom i kontakt med ei som skulle bli ei stor inspirasjonskjelde og leie Irmelin inn på eit nytt spor – klimaendringar og klimatilpassing.

Kunsten å endre seg

«Kva med å ta ein doktorgrad i staden?», oppmuntra den trivelege professoren i ein e-post etter å ha opplyst at koordinatorjobben i Future Earth-nettverket gjekk til nokon andre.

Karen O’Brien, professor i sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo og grunnleggar av selskapet cCHANGE, er kjend for ei unik evne til å inspirere folk til handling, med si insistering på at alle kan endre seg og bidra til å omstille samfunnet. Ikkje få av studentane hennar tek utfordringa om å unngå kjøt, køyre kollektivt og fly mindre for verkeleg å kunne reflektere over korleis vi endrar kvardagsvanar og korleis individuelle handlingar og vaner heng i hop med kollektive system og strukturar.

Dette har også Irmelin gjort.

– Møtet med Karen opna meg. Ho stod for ei kopling mellom hovud og hjarte som eg tenkte ikkje var mogeleg i akademia.

Tilnærminga gav meining for ei som hadde vakse opp med meditasjon og sjølvutvikling som eit viktig bakteppe.

treskilt i landsby i alaska
Landsbyen der Irmelin gjorde feltarbeidet sitt, har berre rundt 70 innbyggjarar.

Karen blei Irmelin sin hovudrettleiar i doktorgraden. Avhandlinga dreidde seg om korleis menneske går gjennom endringar av det omfanget urbefolkninga sørvest i Alaska står overfor no.

– Kva avgjer måten dei møter endringane på og om responsen gagnar både menneska og jorda eller ikkje? Det ville eg undersøke.

Lang historie med utnytting

Befolkninga i sørvest-Alaska, som i hovudsak identifiserer seg som Alaska Native, opplevde på denne tida store endringar frå naturen si side, kopla med sosiale utfordringar i form av økonomisk og politisk marginalisering.

Samtidig som Irmelin ville finne ut meir om kva som skjer når vi må takle slike store endringar, ønskte ho å forstå kva relasjonar betyr for menneske i slike situasjonar, ut frå ein tanke om at menneske ikkje eksisterer kvar for seg, men er vevde saman gjennom forhold til andre, gjennom historier og gjennom verdiar. For å forstå kva relasjonar innebar i landsbyen, dykka Irmelin ned i relasjonelle teoriar bygd på feministisk tankesett og urfolks-kosmologi.  

På eit høgare nivå ville ho ha innblikk i korleis store endringsprosessar kan få eit vellukka utfall, som når samfunnet vårt her i Vesten må legge om kursen kraftig for å styre unna økologisk samanbrot.

For urfolka sin del merka Irmelin tydeleg korleis koloniseringshistoria kom inn som ein kjepp i hjula.

– Urfolka sitt livsgrunnlag har vore undergrave gjennom kolonisering og utnytting av naturressursane dei lever av. Det undergrev i sin tur vilkåra for å fremme berekraftig omstilling lokalt, forklarer Irmelin.

Korleis vi forstår relasjonar, og korleis vi er i relasjonar – med oss sjølv, med andre og med naturen – er særs viktig for mogelegheita for samfunnstransformasjon i møtet med klimaendringane, konkluderer Irmelin i avhandlinga sin.

Trur på menneska

Som innbyggarane i Igiugig kjem også Irmelin frå ein liten stad, såpass liten at den lokale kjøpmannen i si tid såg seg nøydd til å legge ned nærbutikken. At innbyggarane gjekk saman for å berge den, og driv butikken den dag i dag med eit kulturelt aktivitetshus integrert i bygget, var med på å sikre lokalsamfunnet si framtid.

Kvinne snakkar til forsamling framfor powerpoint-skjerm
Irmelin presenterer seg for klima- og miljøforskarane ved instituttet. Foto: Idun A. Husabø

På 1990-talet blei det opna eit meditasjonshus i byen, og dit kom folk frå heile verda for å finne retninga i livet sitt og utvikle seg som menneske. Dit kom også Irmelin og familien hennar, og Irmelin er til dels oppvaksen i meditasjonshuset.

–  Denne oppveksten har trena ein bestemt muskel i meg, som har å gjere med å tru på meg sjølv i staden for å lytte til dei små, kritiske stemmene i bakhovudet, smiler Irmelin.

– Denne kjensla av at eg skal takast på alvor, og ta meg sjølv på alvor, har eg hatt med meg sidan eg var barn.

I sin tur betyr det at ho har tru på andre menneske og deira kapasitet til å skape seg eit godt liv – sjølv om det ikkje er sikkert at dei vil eller tør bruke kapasiteten sin slik.

–  Det er så mange som seier ting om at vi må handle no for å takle klimakrisa, og at vi ikkje har tid til å reflektere. Men eg trur det er no vi verkeleg må ta oss tid til å snakke saman – elles får vi ikkje de resultata vi ønsker oss.

Heile seg med i prosjekta

Slik naturen fekk Irmelin til å trivast i Alaska, var vestlandsnaturen viktig for å trekke ho til Sogndal. I juli køyrde den vesle familien eit flyttelass til Vestlandet.

På plass i Sogndal med mann og ei lita dotter, gjer ho seg klar for ein noko mindre spektakulær kvardag enn på feltarbeid i Alaska. I forskingsprosjekta på området klimatilpassing vil ho til dømes møte kommuneplanleggarar og andre som har ansvar for å ruste samfunnet mot skred, flaum og andre utslag av klimaendringane. Ho ser fram til det ho skal i gang med.

– Brubygging er noko eg stadig kjem tilbake til – bruer mellom fag, disiplinar og folk. Møte på tvers av slike skilje krev noko ekstra; ein må setje ord på kvifor ein er relevant for dei andre. Det krev at ein er tydeleg overfor seg sjølv om kva ein står for og kven ein er, understrekar Irmelin.

Dette har ho med seg, saman med ei fast tru på at det nyttar å arbeide for å bremse klimaendringane og dempe problema dei vil skape.

– Eg håpar å bidra til at alle som deltek i forskingsprosjekt har ei kjensle av at det dei er med på, betyr noko i verkelegheita.

Irmelin er òg tydeleg på at ho vil bruke heile seg også i rolla som oppdragsforskar.

– Objektivitet handlar om å vere tydeleg om kven ein er, ikkje gøyme vekk den ein er.