Bulgarske planleggarar lydhøyre for klimatilpassing

eldre mann snakkar til kvinner i bulgarsk klasserom, engasjerte
Carlo Aall held foredrag for planleggarar frå dei åtte største byane i Bulgaria om korleis arbeidet med klimatilpassing er organisert i Norge. Prosjektleiar Kamelia Georgieva ved NTEF står midt i biletet. Foto: Kyrre Groven.

Vestlandsforsking har jobba med klimatilpassing i 18 år. I Bulgaria er temaet nytt, men behovet stort. – Kommuneplanleggarane vi møtte, viste overveldande interesse. Det var som å opne ein trykkventil, seier forskar Kyrre Groven.

Kyrre er Vestlandsforsking sin prosjektleiar for eit EØS-prosjekt som involverer erfaringsutveksling med kommunar i Bulgaria om klimatilpassing. Saman med Carlo Aall reiste han nyleg til hovudstaden Sofia og den nest største byen, Plovdiv for å halde kurs for eit utval kommunar saman med den bulgarske prosjekteigaren og KS, som er Vestlandsforsking sin oppdragsgjevar.

Var avventande

– Eg må innrømme eg har lurt på korleis vi kunne tilby Bulgaria nyttige innspel når deira utfordringar i hovudsak er knytt til hetebølgjer og ekstreme sommertemperaturar, seier Kyrre.

kvinner i svart og mann i finklede, snakkar saman
Planleggjarane Zlatka Mitova (t.v.) og Maria Bogotlieva frå Smolyan kommune i Bulgaria fortel Kyrre Groven frå Vestlandsforsking om utfordringane dei har med tilpassing til klimaendringar. Foto: Carlo Aall.

I tillegg kom språklege hindringar som at mange av dei bulgarske deltakarane ikkje snakka engelsk, og at Bulgaria brukar det kyrilliske alfabetet.

– Vi har vore avhengige av tolkar og omsetjarar, men når vi ser vekk ifrå det, er det tydeleg at vi har den same forståinga av utfordringane klimaendringane fører med seg, seier Kyrre.

Alvorleg bakteppe

I Bulgaria er hete eit stort problem i sommarmånadene, særleg i byane. Då Kyrre og Carlo besøkte ein av dei største parkane i Sofia, fekk dei ein fornemmelse av problemet; sjølv i byrjinga av november var det nødvendig å ty til kjølande drikke, og denne dagen kraup temperaturen langt opp på tjuetalet. Sommarstid kan temperaturar over 40 grader utgjere eit stort helseproblem, særleg for dei som bur i dårlege husvære i delar av byen der det er få nedkjølte område. 

Med gode tilpassingstiltak, som å plante tre og klatreplanter som gir skugge og etablere fontenar, kan ein gjere det meir leveleg. Likevel vil heten utgjere ein risiko for mange innbyggarar. 

– I samband med klimatoppmøtet i Egypt har Verdas helseorganisasjon kunngjort at hete har ført til minst 15.000 dødsfall i Europa berre i år, seier Kyrre.

park i bulgaria, blå himmel og høghus bak
Om lag 40.000 menneske bur rundt denne parken i Sofia, i eit område med mange høgblokker og ein del sosiale utfordringar. Delar av parken som manglar tre kan ikkje nyttast om sommaren på grunn av hyppigare hetebølger. Derfor vil kommunen lage pergola og vasståke-anlegg for å skape eit kjølegare mikroklima. Amfiet skal også nyttast til å formidle kunnskap om klimaendringar. Foto: Kyrre Groven.

– Må inn via plansystemet

Planleggjar Zlatka Mitova frå fjellkommunen Smolyan sør i Bulgaria trekkjer i tillegg fram ein annan risiko knytt til framtidas klima:

– Kommunen vår består av 70 prosent skog, og med eit varmare klima er vi veldig sårbare for skogbrann.

I Bulgaria samarbeider Vestlandsforsking med stiftinga National Trust EcoFund, som driv fleire miljøprosjekt. I tillegg til dei åtte største byane i Bulgaria, var 43 kommunar med på workshopen, og engasjementet vart stort. Det var som å opne ein trykkventil, seier Kyrre. 

Bulgararane dei møtte, hadde i høgste grad fått augene opp for klimaendringane og var utolmodige etter å ta tak i utfordringane. 

planleggarar frå bulgaria diskuterer på arbeidsverkstad
I starten av november var 43 av kommunane i Bulgaria var samla til arbeidsverkstad om klimatilpassing. Det var overraskande kor engasjerte deltakarane var, og fleire sa at dei ikkje har hatt høve til å diskutere dette med kollegaer før. Her er det Maria Bogotlieva frå Smolyan kommune som deler sine erfaringar. - Vi må planlegge betre for å stå rusta mot effektane av klimaendringar, seier ho. Foto: Kyrre Groven.

– Eg oppdaga fort at vi har universelle utfordringar som, trass ulikskapane, faktisk kan samanliknast. Ein viktig bodskap frå oss er at kartlegging av sårbarheit og tilpassing til klimaendringar må innarbeidast i det vanlege plansystemet, seier Kyrre.

Mindre statleg vilje

Kursinga som nesten kvar fjerde bulgarske kommune no har vore gjennom, har mellom anna tatt utgangspunkt i rapporten “Cities coping with climate change”, skriven av Synnøve Støverud Beitnes ved Vestlandsforsking. Denne inneheld gode eksempel på klimatilpassing frå byar over store delar av Europa.

– Det å bringe inn norsk og internasjonal erfaring kan også ha ein verdi ut over dei råda vi kan gje. Det kan bidra til at det vert legitimt å snakka om klimautfordringar også i Bulgaria, og at kommunane lettare får aksept for at det må planleggast for klimatilpassing. 

– Vi skal ikkje legge skjul på at kommuneplanleggarar har vanskelegare vilkår i Bulgaria enn her heime, seier Kyrre. Kommunane der har ikkje eigne skatteinntekter, og fleire lokale representantar peika på manglande statleg vilje til å satse på skadeførebygging og klimatilpassing.

Konkret nytte

bulgarske besøkande på vestlandet
I april og mai var to grupper planleggjarar frå dei åtte største byane i Bulgaria på studietur til Vestland. Her er dei på Vassenden i Jølster, der dei studerte rassikringa som kom på plass langs Årsetelva etter flaumskreda i Jølster 30. juli 2019. Lengst til høgre står representantane for NVE, regionsjef Aart Verhage og prosjektleiar for rassikringa, Anders Muldsvor. Foto: Kyrre Groven.

Med denne bakgrunnen er det lett å forstå at dei bulgarske planleggarane let seg inspirere av det dei har sett av klimatilpassingsarbeid i Norge.  Eit artig døme er at bulgararane har drege nytte av digitale verktøy dei vart introduserte til under studieturar til Norge. Våren 2022 arrangerte Vestlandsforsking og KS to slike turar, mellom anna med stopp i kommunane Sunnfjord, Lærdal og Bergen.

– Ein overvassplanleggjar i den nest største byen, Plovdiv, sa at ho var imponert over planleggingsverktøy ho fekk sjå på besøk hos NVE i Førde. Då ho kom heim til Bulgaria, brukte ho Google Translate for å gjere bruk av dei same verktøya i arbeidet med å førebygge flaum i bygatene.