Konferanse: Mot eit klimarobust og berekraftig reiseliv
Klimakrisa vil setje reiselivet på store prøvar i form av kortare skisesong, brear som trekker seg tilbake og flaum og skred som påverkar aktivitetstilbod og framkommelegheit. På ein konferanse 14.-15. november kan du få del i dei nyaste forskingsresultata om korleis klimaendringane er venta å påverke det naturbaserte reiselivet.
I midten av november skal resultata frå prosjektet «Virkninger av klimaendringer på norsk naturbasert reiseliv» (ClimTour) presenterast på konferansen «Mot eit klimarobust og berekraftig reiseliv» på Kringler Gjestegård nær Gardermoen.
Kor forsvinn snøen først?
Mellom anna vil meteorologar frå Met.no vil legge fram nye analysar av når og kor snøen blir borte i ulike delar av Noreg - funn med stor relevans for skinæringa.
Representantar for reiselivsnæringa skal snakke om korleis dei så langt har gått fram for å tilpasse seg klimaendringane, og norske og internasjonale forskarar legg fram hovudfunn og forklarer kva for eit komplekt risikobilete reiselivet står overfor i ei tid prega av stadig hyppigare naturskadehendingar og endra rammer.
Blant bidragsytarane er Den Norske Turistforening (DNT), Virke Reiseliv og reiselivsforskarar som Stefan Gössling (Vestlandsforsking), Bruno Abegg (Universitetet i Innsbruck), Karin Marie Antonsen og Bjørn Vidar Vangelsten (begge Nordlandsforskning).
Eit endra reiseliv
Prosjektet tek utgangspunkt i at klimaendringane verkar negativt inn på sjølve produksjonsgrunnlaget for det naturbaserte reiselivet.
Denne delen av reiselivet er avhengig av økosystem- og klimatenester som snø, estetiske landskap og dyre- og planteliv. Samtidig er reiselivet avhengig av den fysiske infrastrukturen, som er sårbar for til dømes skred og flaum.
Det finst frå før lite kunnskap om korleis norsk reiseliv samla sett vil bli påverka av klimaendringar. Få har også forska på kva slags kapasitet næringa har når det gjeld å tilpasse seg klimaendringar.
Seks aktørar i reiselivet har delteke saman med seks norske forskingsmiljø og fire internasjonale toppforskarar.
Konferansen passar for alle med interesse for reiseliv, friluftsliv og klima. Framskrivingane av snøforhold vil særleg vere relevante for skinæringa.
Sjå programmet for konferansen
Her kan du melde deg på. Frist: 12. oktober.