Forskingsdagane 2022: Vitenkveld, tettstadvandring og Speedforsking

Raude og lilla former, Forskingsdagane sitt bilde

Er du nyfiken på kva vi forskar på? Under Forskingsdagane kan du få innblikk i noko av det vi jobbar med. Bli med på Vitenkveld, tettstadvandring i Sogndalsfjøra og Speedforsking!

Forskingsdagane i Sogndal er ein lokal avleggar av ein nasjonal festival, og vi samarbeider med Høgskulen på Vestlandet om arrangement. I år møter du oss på tre arenaer:

 

Vitenkveld fredag 23. september

ViteMeir på Kaupanger inviterer til ein kveld der kunnskap blir servert saman med mat og drikke. Frå Vestlandsforsking møter du fleire av dei yngre forskarane ved instituttet: Bjørn Christian Weinbach, Torbjørn Selseng, Synnøve Beitnes, Daniel Furberg og Agnes Brudvik Engeset, som alle vil gje eit glimt frå forskinga si.

Stad: ViteMeir, Kaupanger

Tid: kl. 19:00

Les meir og kjøp billett her

 

Tettstadvandring i Sogndalsfjøra, måndag 26. september

Bilveg langs eplehage i sentrum av bygd
Gravensteinsgata i Sogndalsfjøra, fotografert i 2018. Foto: Kyrre Groven

Korleis har Sogndal utvikla seg som tettstad dei siste tiåra? Bli med på ei vandring i Sogndalfjøra med blikk på endringar og berekraftig tettstadutvikling. Forskar Inger Auestad ved Høgskulen på Vestlandet og plankoordinator Markus Mohn Werner i Sogndal kommune leier vandringa og tek opp ulike utviklingstrekk og dilemma.

Tettstadvandringa spring ut av eit fleirårig forskingsprosjekt med tittelen «Vilkår for berekraftig tettstadutvikling» (Surround), som Kyrre Groven ved Vestlandsforsking har leia.  Prosjektet blir runda av i Sogndal med ein konferanse 26.-27. september, og vandringa er ein del av programmet for denne konferansen.

Stad: Sogndalsfjøra – oppmøte ved Quality Sogndal Hotel

Tid: kl. 15:45

Les meir her

 

Speedforsking tysdag 27. september

Kor kort og konsist går det an å legge fram forskinga si? Arrangementet Speedforsking på Campus Sogndal gir deg sjansen til å høyre om interessante funn og forskningsprosjekt på få minutt. Deltakarane er forskarar frå Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. Frå instituttet vårt møter du Ragnhild Freng Dale og Bjørn Christian Weinbach.

Stad: Storen, Høgskulebygget

Tid: Kaffi og kaker frå kl. 14:00, oppstart for Speedforsking er kl. 14:15

Les meir her

 

Sjå heile programmet for Forskingsdagane i Sogndal