Nytt nettverk skal dyrke fram EU-prosjekt
Vestland fylkeskommune og nøkkelaktørar i FoU-sektoren i Vestland har skipa eit nytt nettverk. Horisont Vestland skal sikre at regionen dyrkar fram gode søknader til EU sitt nye forskingsprogram.
EU-kommisjonen løyver kvart år store summar til forskings- og innovasjonsprosjekt som tek sikte på å løyse store samfunnsutfordringar. Men nålauget er trongt. Å utvikle gode søknader, krev systematisk og langsiktig samarbeid på tvers av fag og sektorar.
Nettverksprosjektet «Mobilisering til Horisont Europa i Vestland» (Horisont Vestland) skal stimulere til fleire gode søknader frå fylket slik at fylket kan ta del i å løyse globale samfunnsutfordringar med strategisk betydning for Vestland.
Fire nøkkelaktørar
Vestlandsforsking er blant aktørane i Vestland som har lengst fartstid på EU-prosjekt. Instituttet er difor ein viktig deltakar i det nye nettverket, som skal bidra til å sikre at fylket er langt framme når det gjeld søknader til Horisont Europa, EU sitt nye rammeprogram for forsking og innovasjon for 2021-2027.
Horisont Vestland er eit breitt, regionalt samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, kommunane, næringsorganisasjonane, utdanning og forsking. Det første møtet i Horisont Vestland fann stad i Bergen onsdag 6. oktober. Der møttest Vestlandsforsking, Norce, HVL og Vestland fylkeskommune, som skal leie arbeidet. Nettverket samarbeider i tillegg med Universitetet i Bergen.
Har valt ut tema
Nettverket tek sikte på å dyrke fram såkalla "økosystem" innan utvalde tema gjennom brei, tverrfagleg og tverrsektoriell involvering. Det første steget er å skaffe seg oversikt over dei relevante aktørane som finst i regionen i tilknyting til kvart tema. Kartlegginga vil gi ei oversikt over forskingsinstitusjonar, private verksemder og offentlege aktørar som kan tenkast å inngå i eit tverrfagleg samarbeid om framtidige søknader til Horisont Europa.
Et slikt samarbeid vil kunne bere fram ein god og høyst relevant søknad for regionen, forklarer Ida Tidemann-Andersen, EU-rådgjevar og forskar ved Vestlandsforsking:
– Forskingsaktørane, bedrifter og offentlege aktørar er alle sentrale i denne typen prosjekt. Det er eit kjempepoeng å få med fleire offentlege aktørar.
Medverknad er eit anna moment EU-kommisjonen legg stor vekt på. Det betyr at prosjektet og søknadsutviklinga kan innebere å trekke med interesseorganisasjonar eller innbyggjarar, til dømes i ein utvald kommune, forklarer Tidemann-Andersen.
Tre tema
Det første temaet som er valt ut, er klimaomstilling, blå vekst og sirkulærøkonomi. Her har instituttet Norce, med hovudsete i Bergen, leiinga.
Det andre temaet er smarte, sunne og helsebringande samfunn, som omfattar velkjende forskingstema for Vestlandsforsking som digitalisering, e-helse og velferdsteknologi. At instituttet si forskargruppe for teknologi og samfunn har lang erfaring på området, gjer at Vestlandsforsking har fått ansvaret for dette temaet i nettverket.
Eit tredje tema som vil få spesiell merksemd i Horisont Vestland, er grøn omstilling, og her har HVL teke hovudansvaret.
Tidlegare nettverk
Nettverkssamarbeidet i Horisont Vestland er forankra i Utviklingsplan for Vestland 2021-24, som legg opp til å mobilisere til internasjonal forsking og målretta arbeid for å nå berekraftmåla FN har formulert.
Det har tidlegare eksistert to ulike nettverk med liknande funksjon: Horisont Vest i Hordaland og Rogaland og EU-Nett Sogn og Fjordane i Vestlandsforsking sitt tidlegare heimfylke.
– Vi har altså fått ei vidareføring og vidareutvikling av eit tidlegare samarbeid, og fortset satsinga på forskings- og innovasjonsprosjekt gjennom Horisont Europa, seier Tidemann-Andersen.
Viktig for Vestlandsforsking
Som EU-rådgjevar ved Vestlandsforsking har Ida Tidemann-Andersen i 4 år hatt ansvar for å auke kunnskapen om EU-kommisjonen sitt forskings- og innovasjonsprogram overfor verksemder i Sogn og Fjordane og støtta forskarkollegaer i internasjonale prosjekt. Ho har erfarne folk rundt seg, som forskingsleiar for teknologi og samfunn, Ivar Petter Grøtte – forskaren med lengst erfaring med internasjonale forskings- og utviklingsprosjekt i regionen.
– Dette bakteppet gjer at Horisont Vestland er eit nettverk Vestlandsforsking prioriterer høgt. Det har stor verdi for oss å vere ein del av Vestland på dette feltet og samarbeide med andre som er dyktige på området. Med fylkeskommunen i spissen, får ein ei solid forankring i alle slags pågåande prosessar i regionen, seier Tidemann-Andersen.