Prosjekt om omstilling i offentleg sektor heidra av Interreg
Eit internasjonalt prosjekt der Vestlandsforsking var norsk partnar, fekk nyleg ei utmerking. Prosjektet handla om omstilling i offentleg sektor, og Vestlandsforsking hadde ansvar for området e-helse.
– Prosjektet vart heidra fordi vi arbeidde med og fekk formidla kunnskap frå det viktige temaet e-helse og velferdsteknologi, seier Ivar Petter Grøtte.
EU-programmet Interreg omfattar den nordlege delen av Europa, og Vestlandsforsking har delteke i mange samarbeid med slik finansiering gjennom åra.
Nyleg blei Interreg NPA Awards 2025 delt ut under konferansen «Connecting the Dots» i Bodø, der 25 år med samarbeid i nord vart markert. Ei av utmerkingane gjekk til e-helseprosjektet Improve, som Vestlandsforsking var deltakar i.
«Prisutdelingen viser tydelig hvordan norske offentlige aktører, forskningsmiljøer, kommuner, og næringsliv bidrar med kunnskap og erfaringer som styrker samarbeid, innovasjon og bærekraft i nordområdene,» heiter det i pressemeldinga frå Interreg Norge.
Digital og grøn omstilling
Prosjektet Improve utvikla digitale og organisatoriske løysningar for å styrke kapasitet og auke effektivitet i offentleg sektor. Prosjektet var leidd av den irske organisasjonen Ernact, og Vestlandsforsking var den norske partnaren. Dei andre kom frå Sverige, Finland, Island, og Nord-Irland. Organisasjonane i samarbeidet var universitet og teknologimiljø, kommunar og regionale utviklingsselskap.
Samarbeidet vart runda av like før pandemien.
– Vi hadde eitt prosjektmøte i Norge – på Walaker Hotel i Solvorn i fantastisk aprilvêr, seier Ivar Petter Grøtte, som deltok saman med kollega Hilde G. Corneliussen.
Velferdsteknologi til eldre
I prosjektet hadde Vestlandsforsking ansvaret for området e-helse og velferdsteknologi i kommunar, eit felt der instituttet har markert seg sidan innføringa av digital meldingsutveksling i helsevesenet rundt 2012. Samarbeidet har omfatta ei rekkje kommunar i fylket og IT-forum Vest, som har hatt dette som eit satsingsområde.
– Det er ein grunn til at akkurat dette prosjektet blir løfta fram, seier Grøtte. Han meiner offentleg sektor er eit godt område å samarbeide på fordi den er relativt lik på tvers av land.
Lærde mykje av kvarandre
Kjernen i samarbeidet var velferdsteknologi, som då var på veg inn i kommunane sitt tilbod til eldre og pleietrengande. Det handla mellom anna om digital heimeoppfølging som gjorde at folk kunne bu lenger heime.
Fordi innføringa av velferdsteknologi òg går føre seg i nabolanda våre, har inspirasjon utanifrå vore nyttig heile vegen. Kommunane som var med som pilotar, overførte kunnskap seg imellom.
– Dei som var med, lærde ein god del av kvarandre. Kommunane på Vestlandet hadde særleg stor nytte av å samarbeide med kommunar i Nord-Sverige, seier Grøtte.