E-helse Vestland - «Etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgstenesta»

Velferdsteknologi har stor merksemd i kommunane i Vestland fylke. Velferdsteknologi er ei av løysingane som skal gjere helse- og omsorgssektoren i stand til å oppretthalde kvaliteten på tenestene i åra framover trass i auke i tal på personar med behov for pleie- og omsorgstenester, medan talet på helsepersonell er forventa å gå ned. I tillegg vil kan velferdsteknologi gi auka kvalitet i tenestene.

I prosjektet "e-helse Vestland" vert kompetanse, erfaringar og ressursar frå to tidlegare prosjekt slått saman: "Fylkesprosjektet - Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane" og "Vestlandsprosjektet" frå gamle Hordaland. "E-helse Vestland" skal gjennomføre første fase av ein fleirårig plan der alle kommunane i Vestland fylke gradvis blir med i arbeidet med implementering av velferdsteknologi. Prosjektet skal utvikle eit sterkt fagleg samarbeid for å samle, bygge og dele kunnskap og erfaringar som er kritisk for innføring av velferdsteknologi i kommunane. Kommunane skal vera i førarsetet og skal implementere og ha vesentleg gevinst av velferdsteknologi. Prosjektet skal støtte kommunane i å realisere det store potensialet i bruk av velferdsteknologi.

Prosjektleiar utanfor Vestlandsforsking er; Kari Eidnes Bjørkheim, Masfjorden kommune

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Fylkesmannen i Vestland
I samarbeid med:
Høgskulen på Vestlandet
USHT Vestland
Helse Vest IKT
22 kommunar frå Vestland
Prosjektnummer:
6568
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar og forskingsleiar