Kommunane satsar no på velferdsteknologi

""
Frå møtet i Lærdal 17. januar 2019

Fylkesprosjektet for velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane har sidan 2014 vore ein sentral arena for å engasjera kommunar og ei rekkje andre aktørar i fylket til å starte arbeidet med velferdsteknologi som ei støtte i kommunane si pleie- og omsorgsteneste.

Aktuelt

Alle kommunane i fylket har vorte invitert med i "Fylkesprosjektet", men det har vore ulik grad av aktivitet og engasjement i dei ulike kommunane. "Fylkesprosjektet" er drive av ei arbeidsgruppe under IT-forum Sogn og Fjordane som eit samarbeidsforum med ei rekkje relevante aktørar. Leiar for USHT – Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Førde, Marta Strandos, har leia IT-forum si arbeidsgruppe for velferdsteknologi sidan starten i 2014. Vestlandsforsking er også ein sentral deltakar.

Då det nasjonale velferdsteknologiprogrammet (NVP) lyste ut midlar i 2017 vart 9 kommunar frå Sogn og Fjordane med i "Spreiingsprosjektet" i S&Fj, som no er inne i sitt andre år. Fylkesprosjektet, i samarbeid med Spreiingsprosjektet og PA Consulting, som er prosessrettleiar for kommunar som deltek i NVP, held denne veka regionale møte der alle kommunane i S&Fj er invitert med. Møta har vore arrangert i Stryn, Lærdal og Høyanger.  Målet for møta er å dele erfaringar frå spreiingskommunane i Sogn og Fjordane å få eit innblikk i prosessrettleiinga, og å legge grunnlag for nye satsingar for kommunane i kommande nasjonale og regionale utlysingar.

Program for dei regionale arbeidsmøta