IT-Forum Vest
IT- Forum Vest bidrar til berekraftig vekst i Vestland gjennom eit breitt samarbeid om IT i næringsliv, offentleg sektor, utdanning og forsking. Nettverket IT-Forum Sogn og Fjordane, etablert i 1995, vart 18.10.2019 skipa som foreininga IT-Forum Vest. Gjennom eit utvida regionalt samarbeid vart rolla som ein viktig utviklingspartnar i det nye Vestland forsterka.
IT- Forum Vest tek initiativ til, samordnar og bidrar i felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen. Vi skal vere ein viktig alliansepart og sterk bidragsytar for å skape ein god morgondag for alle i Vestland gjennom bruk av teknologi.
Vestlandsforsking har i oppdrag å bidra med administrasjon av IT-Forum Vest saman med Ymsir AS. I tillegg er vi sjølve medlem.
Foreningen har eiga nettside: www.it-forum.no