kunstig intelligens

Artiklar

  • Middelaldrande mann i skjorte med briller står ute, ser i kamera

    Vestlandsforsking har gått vidare i konkurransen om å få etablere nasjonale forskingssenter på kunstig intelligens. Før helga vart det kjent at instiuttet er med i tre av søknadene som er valde ut til å gå vidare til det siste steget i Forskingsrådet sin prosess.
    – Utruleg gledeleg, seier direktør Anne Karin Hamre.

  • Utøya-workshop skjermdump av ansikt på innleiarar og deltakarar

    Hatprat trugar mangfaldet i den offentlege samtalen, mellom anna ved å stilne mange stemmer i viktige samfunnsdebattar. I helga fekk forskarar frå Vestlandsforsking delta på ei samling på Utøya for ungdommar som jobbar for å motverke hatprat.

  • Portrett av Anne Karin Hamre og Rajendra Akerkar utandørs

    Kan vi ta i bruk kunstig intelligens for å ta betre avgjerder i situasjonar som er kritiske for samfunnet? Dette er kjernen i eit senter Vestlandsforsking og 20 partnarar ønskjer å skipe i Sogndal. Søknaden som nyleg gjekk til Forskingsrådet er ein av 50 søknader på milliarden regjeringa har sett av til eit knippe nye KI-senter.

  • Tjue forskarar i ulike aldrar står framfor eit snødekt fjell på Vestlandet og ser i kamera medan dei smiler. Eit hotell kan skimtast på sida bak dei.

    Talet på forskarar innan teknologi, robotikk og kunstig intelligens har mangedobla seg ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet dei siste seks åra, takka vere prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane.

  • student med pratemotor

    Kunstig intelligens kom brått på for alle, også dei som utdannar framtidas lærarar. I eit nytt samarbeid prøver Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet ut ein pratemotor som bringer kunstig intelligens inn i studiekvardagen til lærarstudentar.
    – Vi er nok litt framme i skoa, seier Jan Erik Ølmheim ved HVL.

  • robot njøs

    Landbruket om 20 år vil ikkje sjå ut som dagens landbruk. Bærdyrkarane er blant dei som står på terskelen til den nye tida, der menneska spelar ei mindre rolle og robotane gjer stadig meir.
    – Det er eit stort potensial for å digitalisere og robotisere, fortel Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking.