Toleevneanalyse for fire populære turmål i Sogn (Spor)

Av:
Notat
Id:
Desember 2025
Utgjevar:
Vestlandsforsking

Denne rapporten er ein del av prosjektet «Moglegheitsstudie og tolegrensanalyse for Sognefjorden». Rapporten svarar på punkt 5b) i oppdraget. I delrapporten ser vi nærare på kva som er status på infrastruktur for naturbasert reiseliv. I samråd med arbeidsgruppa i prosjektet er det valt ut fire turmål der vi skal sjå nærare på ferdselsproblematikk, slitasje og eventuelle behov for tilrettelegging og førebygging. 

Dei fire utvalde turmåla er Molden (Luster kommune), Prest (Aurland kommune), Vindhellavegen på Kongevegen (Lærdal kommune) og Utladalen til Vettisfossen (Årdal kommune). 

Turmåla er valde fordi dei har ulik geografisk plassering og ulike utfordringar. Utfordringane på turmåla, og løysingane på desse, er overførbare til andre turmål i regionen.