Stjerneforskaren Rajendra blir feira med konferanse i India

Rajendra Akerkar
Seksten år i Sogn har gitt Rajendra sans for turgåing og friluftsliv. Noko av det han set størst pris på med Sogndal, i tillegg til kollegaer og vener, er ro og fred. Foto: Rupali Akerkar

I 16 år har den indiske KI-forskaren Rajendra Akerkar vore ei drivkraft for den internasjonale teknologiforskinga ved Vestlandsforsking. I år fyller han seksti og kan sjå tilbake på ein fantastisk karriere i fire verdsdelar. Våren 2026 blir han feira av tidlegare studentar i India med ein eigen konferanse.

Då Rajendra Akerkar søkte jobb ved Vestlandsforsking, vart arbeidsgjevaren først mistenksam. Var det eit forsøk på svindel? CV-en var rett og slett for god til å vere sann. 16 år seinare er det klart at Vestlandsforsking ville ha vore eit heilt anna institutt utan han. Med kompetansen sin og eit enormt fagleg nettverk har Rajendra skaffa høgthengande internasjonal finansiering til forskingsfeltet sitt, som i dag handlar mest om å bruke kunstig intelligens til å løyse aktuelle samfunnsproblem.

Strålande, men audmjuk

Rajendra sjølv skryt nødig av det han har fått til. 60-åringen med den milde framtoninga fortel likevel gjerne om den akademiske karrieren sin. Den er prega av talent, innsats, strålande resultat og velfortent heider og ære. 

Etter mange år i ulike land og verdsdelar, valde han – av alle stader – å slå rot i Sogndal.

At stjerneforskaren undervegs har vore raus mot yngre krefter på feltet sitt, kjem fram når tidlegare studentar og «akademiske barnebarn», mange av dei med toppstillingar, vel å tromme saman ein fagleg konferanse til ære for Rajendra i India komande vår.

Rajendra med kake
Sekstiårsdagen til Rajendra vart feira med kake på Vestlandsforsking. Foto: Idun A. Husabø

Starta i matematikken

Den eventyrlege karrieren starta med studiar i matematikk, før to utanlandsopphald i Tyskland og Austerrike. Så gifta Rajendra seg og flytta saman med kona Rupali til heimbyen Kolhapur. Der blei dei buande i åtte år, trass i gode jobbtilbod frå hovudstaden.

– Det viktigaste for meg var at eg fekk bruke tre månader i året til faglege reiser, seier Rajendra.

Det var tidleg i 1990-åra han oppdaga det vitskaplege «kallet» sitt: å forske på symbolsk eller logisk KI. Han blei ein av dei yngste professorane i landet og leidde ei universitetsavdeling med rundt 400 studentar og tilsette. I tillegg rettleidde han studentar og stipendiatar og fordjupa seg fagleg.

Reiste for å utvikle seg

Paradoksalt nok hadde han aldri ein plan om å bu i utlandet, men det var slik det blei. Det er han glad for.

– Internett var berre i si spede byrjing då. For å utvikle meg fagleg, var det heilt nødvendig å oppsøke utanlandske fagmiljø, seier han.

Til Norge kom han først i slutten av 1990-åra etter å ha fått ein prestisjefylt pris frå den indiske staten, «BOYSCASTS Young Scientist Award» i 1998. Å få ei slik utmerking i folkerike India, er svimlande ærerikt.

Prispengane valde han litt tilfeldig å bruke på eit opphald i Trondheim med kona og sonen. Norge var nytt for dei, og han hugsar ein iskald vår, transportstreik, men òg ei gryande forelsking i landet.

Seinare følgde nye, inspirerande år ved universitet i utlandet: Tyskland (Saarbrücken og Bonn), Canada og Armenia, der han fekk bygge opp ei ny masterutdanning i datavitskap.

Ung forfattar

Rajendra har skrive til saman 16 fagbøker. Den første, ei matematikkbok, skreiv han då han framleis var veldig ung, og det blei lagt merke til. Han humrar når han tenker tilbake på ein samtale med to eldre professorar under eit opphald i Vietnam. Dei kommenterte etternamnet hans; var han tilfeldigvis i slekt med fagbokforfattaren Akerkar, som hadde skrive ei god bok dei ofte brukte?

Rajendra med kollegaer
I periodar har Rajendra si forskingsgruppe rekruttert forskarar heilt frå Søraust-Asia. Her frå ei feiring for nokre år sidan. Foto: Idun A. Husabø

– Då måtte eg røpe at denne Akerkar stod rett framfor dei. Eg hugsar framleis kor sjokkerte dei var, ler Rajendra.

Historieskriving i sanntid

Han trekker òg fram eit anna minne frå matematikkverda i den tida internett kjendest som eit uoppdaga kontinent. Ein dag i 1993 spreidde det seg ei sensasjonell nyheit blant matematikarar verda over, via nyheitsgrupper og e-post: Oxford-professor Andrew Wiles hadde fullført beviset for eit berømt matematisk problem, Fermats siste teorem.

– Dette var eit 300 år gamalt mysterium som ingen hadde greidd å løyse til då, forklarer Rajendra.

– Å få høyre om eit så monumentalt gjennombrot via slike plattformer var utruleg spennande. Det kjendest sterkt få del i nyheita nesten i sanntid – omtrent som å vere vitne til at det blei skapt historie.

Takksame studentar

Gjennom åra har Rajendra undervist og rettleia tallause studentar på ulike utdanningsnivå. Han har inspirert mange til vitskaplege studiar og stelt i stand fagkonferansar der forskarspirer har fått sjansen til å bygge nettverk og hente inspirasjon.

Seinare har Rajendra sett dei akademiske etterkomarane blomstre, få prestisjefylte stillingar og føre kunnskapen vidare.

– Å sjå alt studentane mine har fått til, er det som gir meg mest glede i dag, seier han. 

Gleda viser seg å vere gjensidig. Då Rajendra passerte 60 år, som er pensjonsalderen i indisk akademia, fekk han vite at tidlegare studentar arrangerer ein konferanse i hans namn i mars 2026. I spissen står professor Manish Joshi, som no har ei toppstilling i The University Grants Commission (UGC), organet som held oppsyn med vitskapleg kvalitet ved Indias 1338  universitet. Konferansen føregår i millionbyen Pune vest i India, ved universitetet der Rajendra tok sin første grad.

Akademiske høgdepunkt

  • Har forska og undervist I over 30 år
  • Forfattar av 16 fagbøker
  • Høgthengande utmerkingar, t.d. DAAD fellowship, DAAD professorship og Young Scientist award
  • Har vore UNESCO-TWAS associate
  • Starta eit verdsomspennande fag nettverk i 2010: Web Intelligence, Mining and Semantics
  • Fleire redaktørroller for prestisjetunge tidsskrift

Hovudpersonen er rørt, stolt og takksam og overvelda. Tankane hans går til alle sjansane han har fått, kollegar og livslange vener, alle studentane og særleg kona, som støtta han heile vegen.

– Denne konferansen er ikkje berre ei feiring av bursdagen min, det er eit vitnesbyrd om den utrulege reisa eg har delt med alle desse menneska, seier han.

Full fridom var avgjerande

Den tøffaste avgjerda i Rajendra sitt liv, var å flytte til Norge midt i karrieren. Han og kona drog frå faste jobbar og aldrande foreldre. Ho blei stipendiat ved NTNU, og han flytta til Sogndal. Rajendra hugsar at dåverande studentar kom heim til han og gret fordi han skulle reise.

Ein ting er at han flytta, men kvifor valde ei slik stjerne å bli ved eit lite institutt på ein stad som Sogndal? Han innrømmer at han får spørsmålet ofte. Svaret hans er at Sogndal og Vestlandsforsking har bydd på ro og fred, gode kollegaer og venskap, i tillegg til støttande direktørar.

– Men det aller viktigaste har vore fridomen til å forske på det eg vil. Det var mitt einaste vilkår då eg tok jobben, og den fridomen har eg fått.

Trass i mange gode tilbod frå andre kantar, har han valt å halde fram ved instituttet.

– Vestlandsforsking er blitt min akademiske heim.