Prosjektaktivitet 2022

Klima og miljøgruppa 

I 2022 har det vore stor aktivitet i klima- miljøgruppa, noko som først og fremst har vore å fokusere på å gjennomføre eksisterande prosjekt, men og ved tilslag på nye spanande prosjekt, samt rekruttering av ein ny tilsett.

Vi fekk i 2022 tilslag på samarbeidsprosjektet “Creating sustainable renewable energy futures with low climate risks (Susrenew)” som er i samarbeid med forskingspartnarane Norce Klima, Sintef, Institutt for energiteknikk, Universitetet i Aalborg, og brukarpartnarane Huseiernes landsforening, Norsk elbilforening, Norsk Varmepumpeforening, Småkraftforeningen, Samfunnsbedriftene, Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. Kjernen i det nye prosjektet er altså at eit kvart energisystem kan bli utsett for påkjenningar som får det til å svikte eller yte dårlegare enn tenkt. Energisystemet vårt står overfor store endringar: for kvart år vi kjem nærare 2050, Spørsmålet forskarane skal fordjupe seg i, er korleis den fysiske klimarisikoen vil vere når det meste av energien kjem frå sol, vind og vatn. Det er lagt eit PhD-stipendiat til forskar Tara B. Holm i prosjektet. Total råme for prosjekt inklusive eigeninnsats er 13,2 millionar kronar.

Vi har fått prosjektet kunnskapsoppsummering om arealbruksendringar, naturmangfald og klima (Karnak). Prosjektet skal på oppdrag frå Norges Forskingsrådet oppsummere forskingsbasert kunnskap om samanhengar mellom arealbruk og arealbruksendringar i Norge og effektar på og utfordringar for naturmangfald, økosystemtenester, klimatilpassing, karbonopptak og - lagring. Vi skal drøfte kva forskinga seier om (1) kor berekraftig arealbruken er i Norge, (2) dilemma og konfliktar mellom ulike samfunnsomsyn, og (3) løysingar, verktøy og utviklingsmuligheiter for ei arealforvaltning som tar omsyn til både klima og naturmangfald. Total råme for prosjektet er 2 millionar kronar.

I 2022 ble klima- og miljøgruppa vesentleg styrkja gjennom nye tilsettingar.  

NORADAPT Vestlandsforsking er vertskap for eit breitt sentersamarbeid med namnet Norsk Senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), der forskingspartnarane er åtte norske forskingsmiljø innan klimatilpassing. I tillegg kjem brukarpartnarar frå næringsliv og offentlege verksemder. Det har i 2022 starta eit arbeid for å auka aktivitet i Noradapt for å styrke brukarinnretninga m.a. ved å utvikle eit kompetanseprogram for næringslivet og ein erfaringsbasert masterutdanning. Ei sentrale teneste utvikla av Noradapt er Norsk Klimamonitor, det er i 2022 starta eit arbeid for utvikla tilsvarande systematiske studiar av næringslivet som no er etablert gjennom Norsk klimamonitor for offentleg verksemder.
I 2022 vart det også oppretta ei ny, nettbasert teneste som del av Norsk klimaservicesenter sine tenester. Tenesta viser kor mykje snø, sludd og regn dei viktigaste skiregionane i Noreg kan vente seg mot midten og slutten av hundreåret. Tenesta er utvikla av Meteorologisk institutt som del av forskingsprosjektet ClimTour, som Vestlandsforsking har leia.

Teknologi og samfunn

Gruppa har i 2022 bestått av 14 forskarar. Det har vore arbeidd med store, langsiktige og strategiske forskingsprosjekt og mindre, kortare oppdragsprosjekt innan stordata, regional utvikling, kjønn, mangfald og teknologi, robotisering, utanforskap, E-helse, kryptovaluta og reiseliv. Prosjekta har hatt brukarar og finansieringskjelder både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi vil særleg trekke fram desse faglege og organisatoriske hendingane i 2022:

  • Vi fekk tildelt SOCYTI-prosjektet frå teknologikonvergensprogrammet til Norges Forskningsråd, med eit totalt budsjett på 19,319 mill kr og 9,325 mill kr til Vestlandsforsking. Prosjektet skal undersøke korleis vi kan auke samfunnets motstandskraft mot hatprat, voldsfremjande og radikaliserande åtferd på nett. Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking si stordatagruppe, NTNU, Institutt for informasjonssikkerhet og kommunikasjonsteknologi og det amerikanske forskingsmiljøet Humanitarian Informatics Lab ved George Mason-universitetet Virginia i USA.
  • Prosjektet Understanding male gamers fekk innvilga støtte over NFR sitt FRIPRO-program (som hadde særs låg tilslagsprosent i 2022), prosjektet har eit totalt budsjett på 20,704 mill kr, med 1,166 mill kr til Vestlandsforsking.
  • Kompetanseløftprosjektet Teknoløft (leia av HVL) hadde høg aktivitet i 2022. Vi arrangerte fleire FoU møte, temasamlingar og andre møter med næringslivet i regionen, innan stordata, robotikk og automasjon. Vi fekk to mindre spin-off prosjekt i Teknoløft i 2022, Paneda (bedredskapsvarsling) og FutuRASP (robotisering i bringebærdyrking).
  • Vi hadde to store prosjektsamarbeid med Vestland fylkeskommune, FORREGION Vestland og FORREGION kommune, om kompetansemekling for å fremje meir FoU i næringsliv og kommunar og grøn regional utvikling. 
  • Vi fekk eit lite, men strategisk viktig prosjekt innan eit av våre satsingsområde, kjønn og teknologi, frå FN sin organisasjon United Nations Industrial Development Organization (UNIDO). Saman med Universitetet i Cambridge utarbeida vi eit bakgrunnsnotat, peikte på kunnskapshol, utfordringar og kom med anbefalingar for å fremje ei kjønnssensitiv digital transformasjon.
  • Leiande seniorforskar Hilde G. Corneliussen tok 1. mars over rolla som forskingsleiar for teknologi- og samfunnsgruppa.
  • På stordata har vi rekruttert ein ny seniorforskar og ein ny dr.gradsstudent. Begge er tilknytt Teknoløftprosjektet.

 

Reiseliv

Det tredje hovudområdet ved Vestlandsforsking er reiseliv. I 2022 tok pandemien endeleg til å sleppe taket og forskinga kunne halde fram som før.

Fjord, ski fjell
Lette randonnéturar med flott utsikt over fjordlandskapet og trugeturar er aktivitetar som er med på å skapa grunnlag for heilårsturisme. Foto: Anders Grorud

Ei viktig hending i 2022 var drøfting av «Utkast til Strategiplan for reiseliv (2022-2027)» på Vestlandsforsking sitt styreseminar 22. september. Vestland fylkeskommune og Forskingsrådet deltok også. Vi fekk innspel til vidare strategisk arbeid og styret stilte seg bak den presenterte strategien for å langsiktig arbeide mot eit forskingssenter for berekraftig reiseliv. Ut året vart det arbeidd med å forankre satsinga og utvikle innhaldet til ein større søknad (Kapasitetsløft) med finansiering frå Vestland fylkeskommune. Reiselivsgruppa har også styrka seg gjennom tilsettinga av Kristin Løseth i full stilling frå august 2022.

Det har vore høg søknadsaktivitet utan å få inn dei store prosjekta. Det har vore oppstart i mindre prosjekt, eitt finansiert av Nærøyfjorden Verdsarvpark som også er avslutta, og eitt med finansiering gjennom EFTA samarbeid, Island, Noreg og Polen. Tre større Forskingsråds-prosjekt knytt til klima og reiseliv, har halde fram. Eitt brukarnært prosjekt knytt til destinasjonsutvikling er avslutta som planlagt, medan eit anna vart avslutta før tida på grunn av låg medverknad frå næringa under pandemien. Eitt stort Forskingsråds-prosjekt om klima og reiseliv vart avslutta etter planen i 2022.

 

Regional utvikling og -samarbeid

HVL og VF på Voss
Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking hadde samarbeidsmøte på Voss 3. november 2022

Dei regionale forskingsinstitutta er medvite plassert utanfor dei store byane, og spelar ei nøkkelrolle i regionale innovasjonssystem. Samstundes med deltaking på den internasjonale og nasjonale FoU-arenaen, er vi tett på næringsliv og offentleg sektor i eigen region.

Vestlandsforsking sin strategi 2021-2025 understrekar at vi har ei særskilt rolle når det gjeld regional relevans og samarbeid. Spesielt viktig er det å ha tett dialog og samarbeid med Vestland fylkeskommune, i tillegg til Høgskulen på Vestlandet, næringsliv og offentleg sektor i regionen.

Nokre døme på prosjekt med regional relevans som kom i gang i 2022, er

Vi har ein samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune om å bidra til å styrke det regionale arbeidet med næringsutvikling, knytt til forskinga vår innan klima og miljø, reiseliv, og teknologi og samfunn.

Vi har i 2022 teke aktivt del i FORREGION, som har til mål å fremje forskingsbasert innovasjon i næringslivet i heile landet. Fylkeskommunen leiar FORREGION Vestland, og samarbeider med Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet.

Vi har oppdrag knytt til EU-nettverket Horisont Vestland, vi deltek i IT-forum Vest og E-helse Vestland. Vi samarbeider med fleire av hubane i Grøn region Vestland, og med Hub for Ocean/Ocean Hyway Cluster (Arena Pro), der vi særleg bidreg aktivt på samlingar og konferansar med kunnskap om internasjonalisering, berekraft og livsløpsanalysar.

Vi har òg bidrege med høyringsinnspel til ny stortingsmelding om distriktspolitikk og til fleire regionale prosessar, m.a. til regional klimaplan, temaplan for landbruk og temaplan for reiseliv i Vestland fylkeskommune.

 

Internasjonalt samarbeid

Vi legg stor vekt på internasjonalt forskingssamarbeid. I 2022 har vi totalt hatt 12 aktive, internasjonale prosjekt, og samarbeid med forskarar i ei rekkje andre land.

Stordatagruppa under Teknologi og samfunn har arbeidd med fleire internasjonale prosjekt i året som gjekk. Horisont 2020-prosjektet RESILOC, vart avslutta i 2022. I dette prosjektet har vi, saman med prosjektpartnarane våre, forska på og bidrege til å utvikle strategiar, prosessar, metodar og instrument for å få samfunnet betre rusta til å handtere kriser og katastrofar. Prosjektet «Transnasjonalt partnarskap for framifrå forsking og utdanning i disruptive teknologiar for ei resilient framtid (DTRF)» er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet og sju verdsleiande universitet i USA, India, Kina og Japan, der målet er å etablere ein langvarig partnarskap om framifrå utdanning og forsking knytt til dette temaet.

Klima- og miljøgruppa har arbeidd med dei to Horisont2020-prosjekta JustNorth og Face-It. Desse prosjekta handlar om polare problemstillingar og effektar av klimaendringar.

I 2022 har vi hatt prosjektetableringsmidlar til prosjekt- og strategiutvikling, og vi har utarbeidd ein strategi for Vestlandsforsking si deltaking i Horisont Europa.

I tillegg til Horisont-programmet, har Vestlandsforsking lange tradisjonar for EØS-samarbeid, Forskingsrådet sitt JPI-program, nordisk samarbeid og deltaking i INTERREG-programma. Mellom anna leiar vi EØS-prosjektet Co-Adapt, der målet er å utvikle eit medverknadsverktøy for klimaomstilling som fasiliterer klimatilpassing og kutt i utslepp av klimagassar i byar i Polen. I 2022 starta vi prosjektet Polish Outdoor Learning, der målet er å engasjere kvinner som står utanfor arbeid og utdanning .

I 2022 har vi òg hatt to oppdrag frå FN; eit ekspertoppdrag og rapport for United Nations Women i samband med The Comission on the Status of Women (CSW 67) som vart halden 6.-17. mars 2023, og eit oppdrag for FN sin organisasjon United Nations Industrial Development Organization (UNIDO) der vi saman med universitetet i Cambridge utarbeidde eit kunnskapsgrunnlag og gjennomførte ei brei internasjonal undersøking for å kartlegge initiativ til å auke merksemd om likestilling i digitalisering.

 

Berekraft i Vestlandsforsking

Vi har i 2022 starta eit internt arbeid for å jobbe meir målretta med berekraft i både for drifta og i forskingsaktiviteten vår. Arbeidet skal resultere i ein berekraftsrapport men forslag

Berekraftsmål
Stjernediagram som viser måloppnåing av dei 17 berekraftsmåla til FN i våre aktive FoU-prosjekt (n=35) i 2022. Det er 4 ringar i figuren, som vert farga etter tal prosjekt som dekkjer dei ulike måla. Inste ring= 1 prosjekt, neste ring = 2-5 prosjekt, nedst ytste ring= 6-9 prosjekt og ytste ring = over 10 prosjekt.

til prioriterte mål, måleindikatorar og ein tiltaksplan. Arbeidet skal vere ferdig i mai 2023.

Vestlandsforsking har vore Miljøfyrtårnbedrift sidan 2009 og har jobba systematisk med miljøstyring i verksemda over mange år. Felleskriteriesettet til Miljøfyrtårn som er styrande for Vestlandsforsking, vart revidert i juni 2022, og er blitt betre harmonisert med berekraftsmåla til FN. Det at vi er Miljøfyrtårnsertifiserte og i tillegg jobbar med kontinuerleg forbetring av drifta vår, gjer at vi leverer godt på berekraftsmåla 3, 4, 5, 6, 8, 12, 13 og 16. Vi har likevel eit potensiale til å kutte utslepp knytt til reiseaktiviteten vår, og bidra meir til mål nr. 13: stoppe klimaendringar.

I strategien vår seier vi at forskinga vår skal bidra til ei berekraftig utvikling av samfunnet. I 2022 kartla vi difor måloppnåing av berekraftsmål for 35 aktive FoU-prosjekt med over 150 000 kr i budsjett til Vestlandsforsking. Vi bidrog til å nå samtlege 17 berekraftsmål i vårt arbeid med alle desse prosjekta. Vi har klart mest prosjekt som møter berekraftsmåla 9, 11 og 13.

Miljøfyrtårnrapportering 2022

Vi har hatt stor aktivitet og omsetning i 2022, med stor reiseaktivitet og har samtidig fått fleire tilsette. Saman førte dette til at klimafotavtrykket til instituttet auka monaleg. Vårt totale klimafotavtrykk var 78,28 tonn CO2-ekvivalentar i 2022. Det største bidraget kjem frå utslepp frå flydrivstoff, så fylgjer utslepp frå drivstoff til bilreiser. Vi ventar at tal flyreiser normaliserer seg att i 2023, sidan mange prosjekt hadde utsett aktivitetar til 2022, grunna Covid-19. Ei positiv utvikling vi ser i miljøfyrtårnrapporten for 2022, er at vi har redusert straumforbruket ved insituttet ned 7 % frå 2021, og at andelen køyrde km med el-bil auka i 2022.