Flytt til distrikta, få fart på karrieren?

to forskarar sogndal
Forskarane Daniel Furberg og Kristin Løseth har utvida søknadsfristen i ei pågåande spørjeundersøking om karriereutvikling i Sogn og Fjordane. Dei håpar særleg at fleire i Sunnfjord og Nordfjord vel å delta. (Foto: Idun A. Husabø)

Det blir ofte sagt at vegen til stort ansvar og viktige oppgåver er kortare i arbeidslivet i distrikta, men stemmer dette? Vestlandsforsking har teke på seg å undersøke dette spørsmålet for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og gjennomfører no ei spørjeundersøking som dei fleste arbeidstakarar i gamlefylket kan svare på.

På karrieremesser og rekrutteringsarrangement i regi av aktørar i distriktsfylket Sogn og Fjordane svirrar det ein påstand du sikkert har høyrt: «Her får du prøve deg fortare». «Hjå oss er vegen til toppen kortare».

At karriereutviklinga går langt raskare i distrikta er noko mange trur, men få har undersøkt med vitskaplege metodar – før no.

Treng mange svar

Vestlandsforsking gjennomfører for tida ei spørjeundersøking for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om dette temaet. Oppdragsgjevaren meiner oppfatninga om at karriereutviklinga i distrikta går kjappare er såpass utbreidd at ei rekkje arbeidsgjevarar no nyttar den som argument i sitt rekrutteringsarbeid.

I praksis vil det seie at ein ung og kanskje nyutdanna arbeidstakar kjem raskt i gang med breiare oppgåveporteføljer, får nærare kontakt med leiinga i eiga bedrift og tettare myndigheitskontakt enn andre stader.

– Det kan godt hende dette stemmer. Samtidig kan det vere negative sider ved arbeidslivet i eit distriktsfylke som òg er nyttige for arbeidsgjevarar å vite meir om for å halde på tilsette i lengda, seier seniorforskar Kristin Løseth ved Vestlandsforsking, som leier arbeidet.

Spørjeundersøkinga er kjapp og enkel, men det er viktig for forskarane at mange nok svarar. Dei aller fleste kan delta.

– Alt som skal til, er at du er tilsett i ei verksemd i Sogn og Fjordane med over tre tilsette. Vi ser både på offentlege og private arbeidsplassar.

Ønskjer fleire i Sunnfjord og Nordfjord

Til no har forskarane brukt interne kanalar i bedrifter til å oppmode arbeidstakarar om å svare på spørjeundersøkinga. Det har gitt nær 400 svar. Hovudtyngda ligg i Sogn.

– Over 60 prosent av svara kjem frå Sogn, så vi er særleg interesserte i å nå fleire i Sunnfjord og Nordfjord, seier forskar Daniel Furberg. Svarfristen er utvida til 17. februar.

I tillegg til spørjeundersøkinga gjennomfører forskarane ei kunnskapsoversikt knytt til arbeidsliv og karrieremogelegheiter i distrikta. Her inngår tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Det er forska overraskande lite på arbeidsliv og karriereutvikling ute i distrikta, men vi håpar å få eit klarare bilete når vi er ferdige med studien vår, seier Løseth.

I denne omgang er det ikkje aktuelt å gjere ei samanlikning mellom arbeidslivet i sentrale strok og utkantane.

– No utforskar vi ganske enkelt korleis folk opplever arbeidsliv og mogelegheiter for karriereutvikling her.

 

Vil du delta i undersøkinga? Det tek ca. fem minutt. https://no.surveymonkey.com/r/karriereisognogfjordane