• cruiseskip ved Longyearbyen

    Populære reisemål for cruiseturistar har hyra Vestlandsforsking til å skaffe kunnskap om kor mykje cruiseturisme staden bør legge opp til. I arbeidet med kunnskapsgrunnlaget, ser forskarane på meir enn klima og miljø. Kva lokalsamfunnet ønskjer seg, er òg ein del av biletet.
    – Der reiselivet før la mest vekt på kva turistane ville ha, tenker ein no òg på kva innbyggjarar og andre i reisemålet ønskjer, seier seniorforskar Agnes B. Engeset.

  • Rajendra og gjestestipendiatar

    I sommar er Vestlandsforsking vertskap for tre doktorgradsstipendiatar frå USA og India med faglege koplingar til teknologi- og samfunnsforskinga ved instituttet. Dei tre bringer òg med seg spennande innsikt i tema som arsen i risdyrking, kva pandemien gjorde med handlevanar i California og skogbrann i indiske tigerreservat. – Vi utvekslar erfaring og lærer av kvarandre, seier leiande seniorforskar Rajendra Akerkar.

  • Hamre og Hoel

    Då kunnskaps- og høgare utdanningsminister Oddmund Løkensgard Hoel besøkte Vestlandsforsking 28. mai for å drøfte framtidas forskingspolitikk, var leiinga ved instituttet tydeleg på eitt ønske: at regjeringa gjer det lettare for forskingsmiljøa å samarbeide med næringsliv og kommunar utanfor dei store byane.

    – Her er det eit tomrom når det gjeld finansiering, sa direktør Anne Karin Hamre.  

  • Kaupanger

    Når Kaupanger inviterer til open dag 16. juni, er reiselivsforskar Agnes Brudvik Engeset frå Vestlandsforsking på plass for å samle materiale til ein studie av berekraftige opplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur.
    – Kaupanger har så mykje å by på av kulturarv og kystkultur som ein kan kombinere med naturopplevingar, seier forskaren.

  • hopp

    Joaquin Zenteno Hopp, som jobbar som forskar ved Vestlandsforsking, disputerer for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet 5. juni. Avhandlinga dreier seg om ansvarleg innovasjon i oppdrettsnæringa i Chile og Norge.

  • Torbjørn Selseng

    Ein aktiv fylkeskommune er avgjerande for klimatilpassingsarbeidet i kommunane, viser ny forsking frå Noradapt.

Nye publikasjonar