I lys av NILIV-modellen, på kva måte kan samarbeid i organisasjonsnettverk fremje rural utvikling?

Artikkel
Id:
Juni 2024
Utgjevar:
Universitetsforlaget
Tidsskrift:
Fjordantologien 2024

Temaet i dette kapittelet er korleis organisasjonar som samarbeider i nettverk, kan snu negative utviklingstendensar i rurale område. Kapittelet er basert på teoriar om velfungerande nettverk, presentert i ein modell – NILIV-modellen – med fem kritiske element: nytte av nettverket for medlemane og samfunnet rundt, innovasjon og entreprenørskap, legitimitet, institusjonell kapasitet (evne til å handtere eksterne endringar) og vedvarande aktivitet over tid (berekraft). Datagrunnlaget er frå Interreg-prosjektet P-IRIS, der det vart gjort intervju med sentrale personar i 18 rurale organisasjonsnettverk i seks land. Kapittelet skildrar og drøftar korleis nettverkssamarbeidet har skapt beste praksis, flaskehalsar og læring for deltakarane. Beste praksis vart i størst grad funne på desse områda: skaping av nytte, fremjing av innovasjon og entreprenørskap og bygging av institusjonell kapasitet. Dei fleste flaskehalsane har oppstått på grunn av manglande institusjonell kapasitet. Den viktigaste lærdomen er at det er mogleg å snu negative rurale utviklingstrendar gjennom å danne organisasjonsnettverk som bygger på elementa i NILIV-modellen.