Joaquin Zenteno Hopp disputerer 5. juni
Joaquin Zenteno Hopp, som jobbar som forskar ved Vestlandsforsking, disputerer for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet 5. juni. Avhandlinga dreier seg om ansvarleg innovasjon i oppdrettsnæringa i Chile og Norge.
Det overordna spørsmålet Joaquin Zenteno Hopp tek opp i avhandlinga si, er korleis globale innovasjonssystem kan innrettast for å støtte opp om omstilling til berekraft. Han har studert innovasjonssystemet i lakseoppdrettsnæringa, der det er stort behov for å ta tak i sosiale og miljømessige utfordringar. I avhandlinga utforskar han bioteknologisektoren i denne globale industrien, med spesielt fokus på Chile og Norge.
Tittelen på avhandlinga er “Cracking the code: Responsible innovation and the directionality of multi-scalar transitions. Biotech innovations in the global salmon farming industry, Chile and Norway”.
Les meir på HVL sine nettsider
Prøveforelesning
Joaquin skal halde prøveførelesinga si 5. juni 2024 kl. 10.00. Det føregår på Campus Bergen ved Høgskulen på Vestlandet (M005, K2).
Tittelen for prøveforelesinga er “Directed vs. neutral Innovation processes: Pros and cons”.
Disputas
Sjølve disputasen finn stad 5. juni 2024 kl. 12.15 i dei same lokala som prøveførelesinga. Det går òg an å følgje disputasen på Zoom.
Meeting ID: 648 2277 4838; Passcode: 333130