– Flyselskapa bør ikkje lenger tilby billige billettar. Berre ved å ta meir for kvart sete, kan næringa kome i gang med klimaomstilling, meiner reiselivsforskar og professor Stefan Gössling ved Vestlandsforsking.
Norsk reiseliv vil bli påverka av klimaendringane i åra framover, men òg av ein strengare klimapolitikk. – Likevel har næringa ingen felles strategi for korleis dei skal møte endringane, seier seniorforskar Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking.
Turismen til Svalbard har auka markant dei siste åra, men kva kostar det for klima og miljø? Det har NTNU-student Gina Birkeland Milde frå Høyanger forska på, som del av TourRisk, eit internasjonalt reiselivsprosjekt leia av Vestlandsforsking.
Når den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2022 igjen går av stabelen i Sogndal 26.-28. april, i fysisk format, er det med eit bakteppe av krig og politisk uro på europeisk jord. Situasjonen aktualiserer årets hovudtema: matsikkerheit og energiomstilling.
Ein verbal og musikalsk appell frå klimaaktivist og artist Marte Wulff er blant det vi byr på under årets utgåve av #Klimaomstilling 29. april, der vi òg rettar blikket mot haustens stortingsval og det som kjem etter pandemien. 2021-konferansen er den sjette vi held saman med andre som jobbar med klima i Vestland.
Sogndal kommune og Vestlandsforsking fekk god utteljing då Regionale forskingsfond Vestland tildelte midlar tidleg i 2021. Begge er med i to av dei fem forskingsprosjekta som fekk støtte, og skal samarbeide om å løyse utfordringar mange norske kommunar møter på i klimaarbeidet.