arealbruksendringar

Artiklar

  • statsråd

    Vestlandsforsking var sterkt til stades under Arendalsuka 2024, med seks arrangement om klima og miljø. På eitt av dei deltok statsråd Andreas Bjelland Eriksen. – Arendalsveka gav oss eit godt høve til å formidle forskinga vår, og vi er særs nøgde med deltakinga på arrangementa våre, seier direktør Anne Karin Hamre.

  • vindkraftutbygging arealendring

    – Vi treng meir heilskapleg kunnskap om korleis endringar i arealbruk verkar inn på naturen og om korleis vi kan innrette arealbruken vår for å løyse klima- og naturkrisa, seier seniorforskar Kyrre Groven. Funnet kjem fram i ei kunnskapsoppsummering Vestlandsforsking har gjort for Forskingsrådet.

  • karen på konferanse

    Fredag 15. desember kl. 14 kan du sjå disputasen til ph.d.-stipendiat Karen Richardsen Moberg ved Vestlandsforsking via Zoom. Ho forsvarer doktorgraden sin om berekraftig kommunal arealbruksstyring ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

  • Stordataforskarar ved VF

    Vestlandsforsking står bak to større arrangement i Sogndal i mai. I tillegg til den nasjonale konferansen #Klimaomstilling 3.-4. mai, held instituttet si forskingsgruppe for kunstig intelligens og stordata eit internasjonalt symposium 9.-10. mai. Dit kjem fagfolk frå tolv ulike land.

  • klimaaksjonist

    Den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2023 tek for seg korleis vi kan klare å innfri klimamåla. – Innan 2030 skal Norge kutte 55 prosent av utsleppa, og må verkeleg trappe opp klimaarbeidet om vi skal nå dette målet i tide. Samtidig må vi sikre at omstillinga ikkje går ut over andre viktige verdiar, som sosial rettferd og natur, seier arrangør Tone Rusdal ved Vestlandsforsking.

  • fjellturisme, breføring

    Vestlandsforsking har fått finansiering til fleire nye forskingsprosjekt, både frå Noregs forskingsråd og Regionale forskingsfond. To prosjekt handlar om arealbruk og klima og eitt om korleis klimaendringane påverkar fjellturismen. I tillegg kjem eit prosjekt om tradisjonshandverk og kulturturisme i Kvam og eit om nye og berekraftige helsetenester i Sunnfjord.