Aktuelt-arkiv

  • bær og robot

    Om nokre år er det ikkje sikkert at det er menneskehender som haustar bringebæra på Vestlandet. Framsteg på felt som robotikk, stordata, plantevitskap og teknologi gjer det realistisk at robotar blir ein del av frukt- og bærproduksjonen. I mai inviterer Teknoløft Sogn og Fjordane til to dagars workshop om temaet, og til opning av eit testanlegg for robotar i Sogn.

  • Person med varme kle og hette sit med fjellski og ser ut over vinterfjord frå snølagt fjellplatå. Sol og blå himmel, seint på dag.

    Vestlandsforsking har fem ledige stillingar med søknadsfrist på ulike tidspunkt i april. Forskarstillingane er på områda klimaomstilling, reiseliv og stordata. I tillegg kjem ei traineestilling innan stordata.

  • Middelaldrande kvinne med open bok i hendene. Stabel med fagbøker attmed på eit bord.

    Hilde G. Corneliussen tok 1. mars over rolla som forskingsleiar for teknologi og samfunn. Det inneber å delta i leiinga av instituttet og rettleie ei gruppe på 10 forskarar i spørsmål knytt til forskingsmetode, vitskapleg publisering og formidling av funn.

  • To ståande menn og ei kvinne som sit mellom dei. Den eine mannen klappar. Pent antrekk. Kontorlandskap.

    Vestlandsforsking fekk fredag 11. mars besøk av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Møtet var lagt opp for å gje statsråden innblikk i viktige satsingar og behov ved Vestlandsforsking. – Eg har veldig stor tru på det som går på klimatilpassing, sa ministeren.

  • banner med blå og kvit farge og tekst oppå: "Klimaomstiling2022" og datoen 26.-28. april

    Når den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2022 igjen går av stabelen i Sogndal 26.-28. april, i fysisk format, er det med eit bakteppe av krig og politisk uro på europeisk jord. Situasjonen aktualiserer årets hovudtema: matsikkerheit og energiomstilling.

  • jente med ullhue og anorakk i landskap med snø og skog. smiler til kamera

    Denne våren er den unge geografen Christiane Meyer-Habighorst ein del av klima- og miljøgruppa ved Vestlandsforsking. Medan ho er i Sogndal, håpar ho å lære mest mogeleg – og få seg mange fine turar på ski.

  • Portrett av to kvinner i 40- og 30- åra med lyst hår og stort smil

    Silja Ekeland Bjørkly har teke over rolla som styreleiar i Stiftinga Vestlandsforsking etter Aleksander Øren Heen. Bjørkly er fylkesleiar i Vestland Høgre og gruppeleiar for Høgre i Vestland fylkesting. Ny nestleiar i styret er Kristin Rundsveen Bøtun (Sp) frå Sogndal.

  • Åker med sol på, kvinner og menn med hatt jobbar. Drivhus bakom

    Eit godt liv, tufta på likeverd og deling, er kjernen i det utopiske samfunnet Mari Hanssen Korsbrekke tok doktorgraden på. Gjennom halvanna år var ho medlem av den over 50 år gamle økolandsbyen Twin Oaks, der alt er felles og kjærleiken fri.

  • Formelt kledde kvinner står framme i klasserom. Menn sit og klappar. Lerret i bakgrunnen.

    Forskingsrådet har tildelt over 19 millionar kroner til eit nytt forskingsprosjekt om kunstig intelligens, stordata og sosiale medium leia av Vestlandsforsking. Prosjektet skal utvikle metodar for å avdekke og stoppe hatprat og radikalisering via nettet.