Gløden for ute-opplevingar leidde til doktorgrad

Middelaldrande/ung kvinne i beige t-skjorte står ute på grøn plen i fint vêr, klatrestein i bakgrunnen
Kristin Løseth er ny seniorforskar på feltet reiseliv ved Vestlandsforsking. Ho har 13 års erfaring frå Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane) og ein doktorgrad i naturbasert reiseliv. Foto: Idun A. Husabø

Kristin Løseth var sjølv ein ivrig klatrar, skikøyrar og elvepadlar. Det inspirerte ho til å forske på dei små bedriftene som lever av å tilby slike aktivitetar. Etter 15 år ved Høgskulen på Vestlandet, blei ho i år tilsett som seniorforskar ved Vestlandsforsking, med reiseliv som felt. – Kristin styrkar oss med både erfaring og kunnskap om naturbasert reiseliv, seier kollega Agnes Brudvik Engeset.

Den splitter nye elvekajakken ho fekk av mannen sin då ho fylte 40, har ikkje fått mange turar ut i dei ville stryka i Sogndalselvi, som slynger seg rundt Campus Sogndal og kan skimtast frå mange av kontorvindauga på Vestlandsforsking. Eller to gonger, for å vere heilt nøyaktig. Men før familielivet fylte kvardagen, var Kristin Løseth ei som gjerne kasta seg uti elva i kajakk og brukte mykje tid i bratte fjellsider med tau og hjelm.

Kvinne i klatrehjelm ved fjellvegg, smiler

Vestlandsforsking sitt nye tilskot på reiselivsfeltet er glad i det som skjer utandørs, og har i fleire sesongar jobba som raftingguide. Ho har òg vore breførar, dagleg leiar i ei padlebedrift og er gift med ein fjellførar.

Levebrød av lidenskapen

Difor veit ho òg at det ikkje berre er enkelt å skape varige, heilårs arbeidsplassar av dei små sesongverksemdene som tilbyr aktivitetar og opplevingar ute i naturen, eller å bygge opp kompetanse og utvikle aktivitetstilboda vidare. Dette var kjernen i doktorgraden ho tok i åra 2009 til 2014, med Høgskulen i Sogn og Fjordane som arbeidsgivar.

Tilbake i 2007 fekk dei norske reiselivsprodukta kritisk omtale i regjeringa sin reiselivsstrategi, "Verdifulle opplevelser". Vi var dårlege til å utvikle gode produkt med naturressursane som utgangspunkt; meir innovasjon måtte til. Men ut frå Kristin sin kjennskap til verksemder som tilbydde opplevingar i naturen, var ikkje grunnlaget godt for å jobbe med nyskaping: Korte sesongar, små bedrifter og stor utskifting av personale heng dårleg i hop med kvalitet og innovasjon.

– Det var slike utfordringar eg utforska i doktorgraden, fortel Kristin. Case valde ho ut frå storleik og lokalisering, og for å finne større bedrifter, måtte ho utanlands. På New Zealand hadde det vakse fram store klyngjer med aktivitetstilbydarar. Brebedriftene kunne ha så mange som 50 tilsette og drift 9–10 månader i året.

– Dei hadde bygd opp strukturar i verksemdene slik at det blei meir attraktivt å jobbe der lenge og utvikle kompetansen sin, fortel Kristin, som legg til at det har skjedd mykje i Noreg sidan ho runda av doktorgraden.

– Det er ei heilt anna satsing på naturbasert reiseliv, der større aktørar no kjem inn og bidreg i slikt som sykkelsatsingar og gondolbaner. Samtidig er naturinngrepa store, og det blir interessant å følgje med på om satsingane fører med seg noka vesentleg auke i arbeidsplassar.

Lang omveg

Då ho tok sine første steg inn i akademia, var det ei heilt anna retning Kristin såg for seg. Etter eiga oppfatning vingla ho lenge att og fram. Ho starta likevel der ho slutta, ved Norges idrettshøgskole. Etter sitt første år der, fekk ho «nok av Adidas», flytta til Bergen og studerte religionsvitskap. Overtydd om at det var psykolog ho skulle bli, tok ho deretter ein bachelorgrad i psykologi i Tromsø, og seinare British Colombia i Canada. Men embetsstudiet i psykologi viste seg kronglete å kome inn på. Difor vende Kristin tilbake til utgangspunktet, blant dei Adidas-kledde, og tok ein mastergrad der.

Graskledde bakkar og telt, fjell bak, Kirgisistan
Kirgisistan er eit fjelland med stort potensial for naturbasert turisme. Foto: E. J. Wolfson, Unsplash

Og endeleg kom det fjell inn i Kristin si fagverd. I 2005 drog ho til Kirgisistan for å evaluere eit DNT-leidd bistandsprosjekt som skulle få fart på fjellturismen i den tidlegare sovjetstaten, der tre fjerdedelar av arealet består av fjell, og der det finst tindar på over 7000 meter. I Kirgisistan møtte ho eit samfunn prega av gamal nomadekultur, mangeårig russisk påverknad og islam. I oppgåva undersøker ho korleis fjellturismen kan bidra til ei berekraftig utvikling.

På dette tidspunktet hadde Kristin møtt Gjert Grødal frå Sogndal, og medan ho jobba som vitskapleg assistent ved NIH, leitte paret etter noko dei kunne gjere på Vestlandet. Ho såg for seg Romsdal, kanskje Voss, men då det dukka opp ein stipendiatstilling i Sogndal, vart sambuaren ivrig.

– Eg trudde Vestlandet var stort, men det viste seg å vere nokså lite, smiler Kristin. – Det blei Sogndal, det!

Distrikta som raud tråd

Sjølv om Kristin dei siste åra har jobba mest med undervisning ved Høgskulen på Vestlandet, der ho var med på å bygge opp ei bachelorutdanning innan naturbasert reiseliv, har ho òg delteke i forskingsprosjekt. I åra etter doktorgraden jobba ho med ei vidareføring av den same tematikken, med midlar frå NMBU-professor Peter Fredman sitt femårige prosjekt Biotour, der forskarane analyserte nøkkelvilkår for framtidas utvikling av det naturbaserte reiselivet i Noreg.

Kristin samarbeidde òg med Vestlandsforsking i desse åra, med regional utvikling i Sogn og Fjordane som tema og midlar frå programmet Verkemiddel for regional innovasjon. Når Kristin skal oppsummere det faglege arbeidet sitt, trer nettopp dette fram som ein raud tråd: At alt ho har jobba med, skjer ute i distrikta.

Det rimar òg godt med bakgrunnen hennar. Kristin kjem frå ein liten plass, så liten at ho ikkje synst det er verdt å nemne kva den heiter, men okei – Kjørsvika – om lag ein halvtime utanfor Molde. Der vaks ho opp på eit småbruk som ei anna Tonje Glimmerdal, med fjøre og fjell som leikegrind.

To middelaldrande kvinner i sol utandørs, ei med raudt hår, den andre blond
– Kristin styrkar oss med solid kunnskap nedanfrå, seier seniorforskar Agnes Brudvik Engeset, som blir Kristin Løseth sin næraste samarbeidspart i kvardagen. – At vi kunne få ein så kvalifisert person som berre flyttar seg 400 meter frå HVL til Vestlandsforsking, er heilt fantastisk. Kristin er alt vi har drøymt om!

Bruken av naturen er blitt tyngre

Som fagperson tenker ho mykje på akkurat dette: Korleis vi bruker naturen, og om vi forsyner oss for grådig og tankelaust når vi søker ut for å sanke opplevingar.

–  Vi har ein mykje tyngre bruk av naturen no enn for 20 år sidan, slår ho fast.

Vi har alle sett skrekkeksempel på overturisme ved typiske Instagram-reisemål. I hardt pressa område, som Hoddevika, Stad eller Lofoten, går lokale diskusjonar om turistskatt og innskrenking av allemannsretten. Dette interesserer Kristin, som overfor bachelorstudentane sine prøvde å flette inn tankar om berekraft i undervisninga. Ho har òg tru på å la studentane lære gjennom å ferdast i naturen.

– Eg tenker at det hjelper når du sjølv ser og opplever endringane – som at breen har smelta og trekt seg tilbake og at skoggrensa bevegar seg oppover.

At kvardagen no blir meir prega av prosjekt og publisering, ser Kristin fram til. Ho har alt vore på feltarbeid i Aurlandsdalen og levert sin første søknad om prosjektmidlar. No ser ho fram til å bli ein del av fleire samarbeid på reiselivsfeltet, blant nye kollegaer med lang erfaring frå oppdragsforsking.

– Det er veldig artig å sjå kor stor breidde det er i prosjekta her. Her er det jammen mykje å lære!