Statsråden for forsking og høgare utdanning til Vestlandsforsking
Vestlandsforsking fekk fredag 11. mars besøk av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Møtet var lagt opp for å gje statsråden innblikk i viktige satsingar og behov ved Vestlandsforsking. – Eg har veldig stor tru på det som går på klimatilpassing, sa ministeren.
Vestlandsforsking er berre tre år unna 40-årsjublieet sitt, har 36 tilsette og stor aktivitet på tre regionalt relevante forskingsområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn.
Men der Vestlandsforsking lenge var eitt av 10 regionale, samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt oppretta utanfor byane i 1970- og 80-åra, er det i dag berre fem slike institutt att: Vestlandsforsking, Møreforsking, Nordlandsforskning, Telemarksforsking og Norsus (tidlegare Østfoldforskning). Institutta vart skipa for å tene og kjenne regionane dei ligg i, og kombinerer i dag regional relevans med nasjonale og internasjonale fou-oppdrag.
Stor samfunnsrelevans
Direktør Anne Karin Hamre teikna eit bilete av instituttet i dag som tett på regionen sin, ved å både forske på – og ikkje minst saman med – verksemder i sitt eige omland. Forskinga svarar dessutan på behov i samfunnet: instituttet bidreg både med kunnskap til det grøne skiftet og til digital omstilling, understreka Hamre.
Forskingsleiar for klima og miljø, Halvor Dannevig, viste statsråden eit par handfaste døme på næringsretta forsking for grøn omstilling, mellom anna det nystarta ShiftPlastics-prosjektet, der målet er at fiskeri- og havbruksnæringa lettare skal få levert inn garn og anna brukt utstyr til gjenvinning for å hindre at plastavfall hamnar i havet.
Overraska over lite midlar til klimatilpassing
Statsråd Ola Borten Moe var svært lydhøyr då Carlo Aall presenterte Noradapt, eit sentersamarbeid mellom landets fremste forskingsmiljø innan forsking på klimatilpassing. Moe sperra opp auga då Aall viste kor liten del av midlane til klimaforsking som går til forsking på klimatilpassing – under 2,5 prosent.
– Eg har veldig stor tru på det som går på klimatilpassing, og synst det var tankevekkande at ein så liten del av midlane til klimaforsking går til dette, sa statsråden, og la til at han synst førebuing på meir ekstremvêr og andre utslag av klimaendringane var «ein veldig konstruktiv og riktig samtale å ha».
Manglar midlar til viktig forsking
På teknologi-sida satsar Vestlandsforsking mellom anna på stordata og kunstig intelligens, og i februar 2022 fekk instituttet ei gjev tildeling på 19 millionar for å bruke denne typen teknologi til å hindre hatprat og radikalisering på nettet.
I tillegg framheva Ivar Petter Grøtte den store verdien prosjekt som det 6-årige Teknoløft Sogn og Fjordane har. Dette er eit langsiktig samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet der hovudmålet er å mobilisere og trekke næringslivet i regionen inn i FoU-arbeid på teknologiområdet for å oppnå meir innovasjon og nyskaping.
– Ei satsing vi burde hatt, men som det i dag ikkje finst nasjonale midlar til, er eit større fou-satsing av typen Teknoløft Sogn og Fjordane knytt til reiselivet, der vi m.a. sikta mot heilårsdrift og omstilling til nye og meir berekraftige produkt, sa Ivar Petter Grøtte til Ola Borten Moe.
Grøtte peikte på behovet for å styrke Norges forskningsråd si ordning Kapasitetsløft, som Teknoløft-Sogn og Fjordane prosjektet er finansiert frå.
– Denne typen forsking tett på næringar tilfører regionen svært mykje, og det utløyser eit stort regionalt spleiselag, sa Grøtte.
Byggje kunnskap over heile landet
Statsråd Ola Borten Moe hadde òg fått taletid i programmet for det timelange besøket. Rekruttering av kompetanse var noko statsråden peika på som ei felles utfordring i heile landet. Dette gjeld også regionale institutt som Vestlandsforsking, der ein må kompensere for at det er vanskeleg å rekruttere seniorforskarar ved å få medarbeidarar inn i ph.d.-utdanningar. Statsråden fekk med seg ei utfordring frå gruppeleiar Hans Jakob Walnum om korleis ein kan stimulere til at fleire i instituttsektoren tek doktorgraden parallelt med å delta i dei samfunnsrelevante forskingsprosjekta som kjenneteiknar institutt av Vestlandsforsking sin type. Ola Borten Moe lovde å ta med seg problemstillinga tilbake.
– Mange av utfordringane vi står i som samfunn, må vi møte med kunnskap og kompetanse, og det er nøydd til å skje over heile landet, understreka statsråden, og la til at finansieringssystem og verkemiddelapparat må opne for at forsking òg kan gå føre seg i distrikta.
Han peikte elles på den nye distriktsmeldinga kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram skal leggje fram. Der blir kunnskap og utdanning sentralt, varsla Moe.