Fann Svalbard-turismens største utsleppskjelder

Svalbard i sol og blå himmel med snø og skuter i forgrunnen. Fjell bak
Takka vere masterstudent Gina Birkeland Milde, kan vi slå fast at det er reisa til Svalbard - med cruiseskip og fly - som utgjer dei største utsleppskjeldene i reiselivet på Svalbard. Dei ulike aktivitetane turistane driv med under opphaldet står derimot for svært små utslepp. Foto: Tone Rusdal

Turismen til Svalbard har auka markant dei siste åra, men kva kostar det for klima og miljø? Det har NTNU-student Gina Birkeland Milde frå Høyanger forska på, som del av TourRisk, eit internasjonalt reiselivsprosjekt leia av Vestlandsforsking.

Øygruppa i Barentshavet har fjordar med isfjell, mektige dalar og fjell og kvite sletter så langt auget kan sjå. Mange vil oppleve det arktiske eventyret, og Svalbard er blitt eit populært reisemål for turistar frå heile verda. Reiselivet er òg peika ut som ei satsing for øygruppa, ettersom gruvene blir lagt ned.

Korleis reiselivet belastar klima og miljø i Noreg er eit tema for forskingsprosjektet TourRisk (Turisme og klimarisiko) som Vestlandsforsking leier. I prosjektet TourRisk ser forskarane på korleis ein kan redusere miljøbelastinga samtidig som ein aukar verdiskapinga. Prosjektet ser spesifikt på utvalde case – som verdsarvfjordane og Svalbard.

Berekningane for Svalbard er nyleg gjort av ein masterstudent i industriell økologi, Gina Birkeland Milde. Arbeidet la grunnlaget for masteroppgåva hennar.

Heile livsløpet

Masterstudenten tok tidlegare ein bachelorgrad i fornybar energi ved Høgskulen på Vestlandet og kjende til seniorforskar Hans Jakob Walnum, ein av fleire forskarar ved Vestlandsforsking som nyttar metoden livsløpsanalyse for å rekne ut miljøbelastning. Metoden er vanleg innafor faget industriell økologi. Saman med Ottar Michelsen frå NTNU, var Walnum rettleiar for Milde i arbeidet med masteroppgåva.

Ung jente med langt, brunt hår og svart genser smiler - hav bak

Kvifor akkurat denne metoden? Å bruke eit livsløpsperspektiv vil seie at ein ikkje berre tek med direkte utslepp, som utsleppa frå eit fly som landar i lufthamna ved Longyearbyen. I staden ser ein på heile livsløpet til produkt eller aktivitetar, frå byrjing til slutt. Det inneber til dømes at også bygging, drift og vedlikehald av sjølve flyplassen må reknast med.

– Det er ein tidkrevjande prosess, innrømmer Milde.

Reisa til og frå veg tyngst

Då ho gjekk i gang, silte ho først vekk reiselivsaktivitetar som ikkje nyttar motoriserte køyretøy, som fotturar, ettersom utsleppa frå slike aktivitetar er minimale.

Alt dei tilreisande gjorde som innebar bruk av til dømes firhjuling, skuter, beltevogn eller båt vart teke med i det store reknestykket. Året ho valde ut var 2019, før pandemien påverka reisetala.

Biletet dette året var at rundt 65 000 turistar kom til Svalbard med cruiseskip og om lag 80 000 med fly. Cruise enda som den aller største enkeltkjelda til klimagassutslepp, med fly som ein god nummer to.

– Dette funnet overraska faktisk rettleiaren min, for på fastlandet brukar fly å vere den største utsleppskjelda. Men til akkurat Svalbard reiser uvanleg mange med cruiseskip, seier Milde.

Ho legg til at utsleppa knytt til aktivitetar og hotellopphald har nokså lite å seie:

– Det er transporten til og frå Svalbard som verkeleg slår ut.

Lærde metode-finessar

Å ha tilgang til ein forskar som brukar livsløpsanalysar i det daglege arbeidet sitt, gav Milde innsikt i ein del finessar som elles kunne ha gått ho hus forbi.

Skal ein rekne på utslepp på Svalbard, må ein til dømes hugse på at elektrisiteten der kjem frå kolkraft og ikkje frå fornybare energikjelder, som elles Noreg. Milde fekk òg tips om at utslepp ikkje blir berekna på same måte som utslepp frå bilar. Grunnen er at utsleppa skjer i høgare luftlag.

– Hans Jakob viste meg òg kor ein finn gode data og kva som er viktig å ta med og ikkje, seier Milde.

Vanskeleg å finne tal

Blant det som overraska masterstudenten, som i haust startar i konsulentfirmaet PWC i Molde, var at det er såpass tidkrevjande å få overblikk over utsleppskjeldene og finne fram til dei faktiske tala for utslepp frå aktivitetar.

– Det var ein veldig ny ting for meg å sjå kor omfattande prosessen med å samle inn data var. Det var tidkrevjande, men interessant, og det var her Hans Jakob kom til stor hjelp, seier Milde. Den lange prosessen fekk ho til å skjøne kor mange av tala for klimautslepp vi høyrer om som faktisk er anslag.

Hans Jakob Walnum seier at statistikk om turisme på Svalbard er ikkje like lett tilgjengeleg som tala som gjeld fastlands-Noreg.

– Milde sitt arbeid med å hente inn statistikk og gjere berekningar av klimagassutslepp knytt til Svalbard-turismen har dermed gitt eit godt grunnlag for å jobbe vidare med korleis øygruppa kan redusere klimabelastinga og samtidig sikre større verdiskaping frå reiselivet.