Oppsummerte fem års forsking på kvinner i teknologiyrke

Kvinner har lenge vore i mindretal i teknologiorientert arbeid, også i likestilte Norden. Dette paradokset var utgangspunktet for eit femårig forskingssamarbeid med universiteta i Uppsala og Tampere.
– Eit av dei mest spennande funna våre er at kvinner finn ukonvensjonelle vegar inn i denne typen arbeid, seier seniorforskar Gilda Seddighi.
2021 var det siste året for det femårige forskingssamarbeidet kalla Nordwit, der nordiske kunnskapsmiljø har forska på ulike sider ved kvinner i teknologi-yrke med midlar frå Nordforsk, som er eit forskingsprogram knytt til Nordisk Ministerråd. Samarbeidet har hatt status som Nordisk senter for framifrå forsking.
Nyleg møttest forskarane frå Vestlandsforsking, Universitetet i Uppsala og Universitetet i Tampere for å samle trådane frå dei fem åra. Seniorforskar Gilda Seddighi representerte Vestlandsforsking på avslutningsmøtet i Uppsala 27.–28. april.
Felles-nordisk nøtt
Utgangspunktet for Nordwit var det mange kallar «det nordiske likestillingsparadokset», altså at ein trass dei nordiske landa si vektlegging av likestilling finn sterk kjønnsdeling på felt som IKT.
– Dette er eitt av dei mest kjønnsdelte fagområda vi har i Noreg, seier Seddighi.
Trass mange kampanjar og mykje innsats for å rekruttere kvinner og jenter til IKT-feltet, held kjønnsbalansen fram med å vere ujamn. Problemet gjeld òg mange andre teknologifag.
Ansvar for distriktsdimensjonen
Kjennskapen til områda utanfor dei store byane var vesentleg for Vestlandsforsking i dette samarbeidet. Hilde G. Corneliussen har leidd Nordwit si forsking på kvinner sine teknologikarrierar i rurale strøk – altså på stader som Sogndal, Førde eller Måløy, utanfor dei store byane. Forskarane brukte Sogn og Fjordane som hovudområde, og definerte dei relevante yrka som teknologirelatert forsking, -utvikling og -innovasjon.
– Vi intervjua til dømes kvinner som ikkje hadde utdanning og yrke som ikkje tradisjonelt handla om teknologi, men der teknologien har gjort eit inntog i seinare tid, utdjupar Seddighi, og nemner e-helse, velferdsteknologi og digitale humaniora-fag som døme.
Kvinner finn vegen til teknologiyrke på andre måtar
– Eitt av dei mest spennande funna våre var at kvinner finn ukonvensjonelle vegar inn i teologiutdanning og -arbeid, seier Seddighi. Desse vegane er ofte lite synlege, både i statistikk om IKT-arbeid og for dei som jobbar med tiltak for at kvinner skal utgjere ein større del av studentane på teknologiutdanninger.
Medan mennene oftast kjem inn ved å søkje seg til vanlege teknologiutdanningar, kjem altså dei kvinnelege studentane ofte til faget etter å ha prøvd andre studieprogram. I arbeidslivet viser det seg ofte at kvinnene som har teknologibaserte stillingar, har ei anna utdanning i botnen.
Bedrifter manglar strategi
Gjennom Nordwit har forskarane kome i dialog med teknologirelaterte verksemder i privat og offentleg sektor. Eit interessant diskusjonstema for forskarane, var erfaringar kring utfordringar med å rekruttere kvinner til teknologirelaterte stillingar.
Eitt av dei mest interessante funna var at arbeidsgjevarane sjeldan har ein strategi for å auke kvinnene si deltaking i teknologirelatert arbeid.
– På grunn av mangelen på rammer rundt dette arbeidet, kan verksemdene altså fritt forhandle om det faktisk er noko behov for å oppnå kjønnsbalanse i teknologirelaterte stillingar, seier Seddighi.

Formidling og nettverk
Gjennom dei fem åra har tre seniorforskarar ved Vestlandsforsking vore involvert i Nordwit: Hilde G. Corneliussen, Gilda Seddighi og Carol A. Dralega. Kunnskapsgrunnlaget frå Nordwit har gitt grobotn til å utvikle nye prosjekt. Blant desse finn vi Kvinneløftet Digital (RFF Vest), ei vidareføring av Kvinneløftet FixIT (Forskingsrådet) der målet er å stimulere til handling for å rekruttere fleire jenter og kvinner til feltet teknologi-driven innovasjon i Sogn og Fjordane og Hordaland. Forskarane utvikla ein digital rettleiar, eit hefte og heldt fleire kurs og føredrag.
Forskarane har òg hatt stor nytte av å knyte nye kontaktar i regionen.
– I desse fem åra har vi samarbeidd med regionale innovasjonsaktørar som Teknoløft, Kabis og IT-Forum Vest, seier Seddighi. Ved å publisere vitskaplege artiklar og dele forskingsfunna sine på internasjonale konferansar, har forskarane òg utvida nettverket sitt i forskningsmiljø knytt til IKT, arbeidsliv, høgare utdanning, kjønn og e-helse både i og utanfor Norge.