Klimatilpassing eit heitt tema i bulgarske byar

Studietur i takhage i fint vêr
Meisterkokk Christopher Haatuft viser fram takhagen som Mattak AS har utvikla på Kokstad i Bergen. Her hentar han råstoff til restaurantane sine. Foto: Kyrre Groven

Klimaproblema er ganske ulike i Bulgaria og Noreg. Likevel gir det meining å utveksle erfaringar om korleis ein kan løyse dei. I vår har Vestlandsforsking og KS gjennomført to studieturar på Vestlandet med representantar for dei åtte største byane i Bulgaria.

I Bergen er det regn og vatn på avvege som er det største trugsmålet ved at klimaet endrar seg. Bulgaria sine største byar, som Sofia, Plovdiv og Varna, har på si side ekstrem hete som største utfordring. På dei verste sommardagane kan gatene bli så overoppheta at asfalten smeltar under beina på folk. Under slike forhold er det berre dei med luftkjøling som har det bra i husværa sine.

Mykje til felles

Med så ulike utfordringar er det lett å tenke at kunnskapsutveksling og studieturar blir irrelevant. Men tvert om har det vist seg å ha mykje for seg, og denne våren har Vestlandsforsking teke imot to grupper med bulgarske kommuneplanleggjarar med stor appetitt for korleis det norske samfunnet har jobba med klimatilpassing til no.

– Dei fekk sjå at det å førebu seg på endra klima kan ha mykje til felles, anten problemet er vatn eller varme, seier klima- og miljøforskar Kyrre Groven ved Vestlandsforsking, som fungerte som guide og kunnskapsformidlar på dei to rundreisene, som kvar var på tre dagar.

middelaldrande mann med raudbrun genser og briller, smiler
Seniorforskar Kyrre Groven

Løyse fleire problem samtidig

På studieturen har dei bulgarske kommuneplanleggjarane fått høyre om viktige prinsipp som bør ligge til grunn for alt klimatilpassingsarbeid: Det bør ha som mål å løyse fleire problem på same tid, og ikkje vere i strid med berekraftig utvikling.

– I praksis kan det bety å bruke vegetasjon og opne vassvegar på ein måte som både senkar temperaturen lokalt, og er med på å reinse den svært forureina lufta i bygatene, forklarer Groven.

Blågrøn infrastruktur

Undervegs møtte dei òg mange nøkkelpersonar innan klimaarbeid i Vestland, både i NVE, i landbruket og i Bergen kommune, der dei tilreisande fekk studere tiltak mot overvatn: såkalla “blågrøn” infrastruktur, som regnbed, bekkeopning og grøne tak. Representantar for Bergen kommune fortalde mellom anna om korleis dei arbeider strategisk med overvasshandtering, bevaring av naturleg vegetasjon og for å få ned klimagassutsleppa.

Blågrøne tiltak kan også vere til nytte når ein vil dempe overvassflaum, som òg er ei utfordring i Bulgaria. Blågrøn infrastruktur kan dessutan auke det biologiske mangfaldet – eller kort og godt gjere byane betre å bu i.

Takhage midt i byen

Av ting som gjorde inntrykk på deltakarane var å sjå korleis ein på Laksevåg og i Fyllingsdalen har gjenopna naturlege vassvegar og laga trivelege parkar. Anleggsgartnar Sigurd Boasson og meisterkokk Christopher Haatuft i Bergen viste dei bulgarske tilreisande korleis unytta takareal midt i byen kan omskapast til bognande takhagar.

– Desse hagane har stor verdi, både for klimatilpassing, matproduksjon og rekreasjon, utdjupar Groven.

I Førde gav Aart Verhage i NVE Region vest ei innføring i korleis arbeidet med førebygging av flaum og skred er organisert i Noreg, og viste korleis ein har sikra byggefelt på Vassenden etter ekstremnedbøren og skreda juli 2019.

 

Bulgarsk delegasjon på Vassenden i Jølster i april eller mai 2022
Dei bulgarske byplanleggarane fekk innføring i kva typar klimautfordringar vi står overfor her i landet, her under omvising på Vassenden i Jølster, som vart råka av flaumskred sommaren 2019. Foto: Kyrre Groven

Byar skal gjennomføre pilotprosjekt

Studieturane har opphav i eit samarbeid mellom KS og den bulgarske organisasjonen National Trust EcoFund (NTEF). Målet er å styrke kapasiteten hos lokale bulgarske styresmakter til å gjennomføre tiltak for klimatilpassing og utsleppsreduksjon. Byane som deltek, skal sette i verk klimatiltak, og grunnlaget skal leggast gjennom samarbeidet med Noreg.

I 2021 skreiv forskarane Synnøve Beitnes, Carlo Aall og Kyrre Groven ved Vestlandsforsking ein rapport som presenterer ei rekkje døme på korleis byar i ulike land handterer klimaendringar og tilpassar seg for å bli mindre sårbare for ulike typar klimarisiko.

- Rapporten er meint å inspirere og vere ei kunnskapskjelde for framtidige pilotprosjekt, opplyser Groven.

I tida som kjem skal nemleg dei åtte byane, i samarbeid med bulgarske konsulentar, gjennomføre eigne pilotprosjekt som skal gjere lokalsamfunna betre rusta til å takle følgjene av klimaendringar. Vidare er det lagt opp til at andre bulgarske kommunar skal dra nytte av erfaringane som dei største byane i landet haustar gjennom dette prosjektet.